Opning av nytrekket

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 19.02.2006

Det var eit flott arrangement på Overøye laurdag kveld, då det nye T-trekket vart opna. Sang og musikk, fyrverkeri og mange gode ord.

Styreleiar Harry Tøsse fortalde om historia til alpinanlegget. Det er berre nokre få år sidan at det var på randen til konkurs. Men det var eldsjeler som hadde trua på anlegget og det vart opprusta. Spesielt trekte han fram Olai Nakken og Gunnar Bratland.

Det var også kulturelle innslag; sang av Maria Holand Tøsse og tyrollermusikk av Stordal Hornmusikk.

Rekrutteringe til alpinmiljøet er stor, og dei yngre alpinistane kom nedover bakken med faklar, som ein levande lysorm.

Eit fantastisk fyrverkeri satte finale for opninga. Tre av eldsjelene frå starten, John Hove, Einar J. Hove og Karl Øvrebust, fekk æra av å opne Arena Overøye. Så fekk endeleg dei mange utolmodige ungane (og vaksne) prøve trekket og slalombakken.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as