Maria ute av Idol

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 08.02.2006

Ivrig telefonering og SMSing frå 1000 Stordalingar var dessverre ikkje nok, Maria rauk ut av Idol.

Maria Holand Tøsse sang "From Sarah with love" i kveldens semifinale. Det var ei veldig fin framføring, men ho hadde også mange gode konkurrentar. I den spanande avstemninga kom dessverre Maria som nummer tre, medan dei to første går vidare i konkurransen.

Då er einaste håpet at Idol dommarane tar med seg sine favorittar vidare. Tor Milde hadde trua på at Maria gjekk vidare, så kanskje er det eit lite håp...

Uansett ein takk til Maria som har satt Stordal på kartet. Slikt likar vi.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as