Biblioteket på utlånstoppen

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 27.01.2006

Stordalingane bruker biblioteket som aldri før, og spesielt barnebøker og cd'ar trekker utlånsprosenten opp. Stordal Bibliotek hadde i 2005 8,81 utlån per innbyggjar, som er på topp i Møre og Romsdal.

Bibliotekar Bjørg Moltu kan fortelle om ei jamn auke i utlån dei siste åra. Utlån av andre media enn bøker, slikt som lydbøker, CD'ar og video, har gått merkbart opp.

Biblioteket er eit såkalt kombinasjonsbibliotek, dvs. det er fysisk plassert på skulen. Gjennom prosjektet "Gi rom for lesing" har skulen, og då spesielt mellomtrinnet, hatt fokus på lesing.

Den fullstendige utlånsstatistikken for Møre og Romsfal finn du hos Fylkesbiblioteket (Excel-dokument).

Kilde: Sunnmørsposten og Møre og Romsdals Fylkesbibliotek


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as