Stordal Helselag

Stordal Helselag

Adresse

c/o Elisabeth Nyli
6250 Stordal

Telefon

70 27 83 16 / 90 94 87 96

Om Stordal Helselag

Stordal helselag vart stifta 1. mars 1914. Medlemskontingenten var 25 øre for året og laget har heilt frå starten vore tilslutta Nasjonalforeningen for folkehelsen. 80 kvinner og menn teikna seg som medlemmer frå starten av.Det var kampen mot tuberkulosen som var laget si hovudsak desse første åra. Det første innkjøpet som laget gjorde, var derfor ulltepper, laken, putevar og vaskestell til heimar der tuberkulosen hadde kome inn.
Dernest var det kampen for å få ei utdanna helsesøster til kommunen som vart hovudsaka.Den første sjukesøstra som vart tilsett av Helselaget var Anna Lien frå Stranda i 1917. Sidan har mange kvinner vore tilsett som helsesøstre i Stordal Helselag. Den som i nyare tid har vore tilsett lengst var Ruth Vinje, som arbeidde i Helselaget frå 1964 til 1979. Ordninga med tilsett helsesøster vart avvikla i 1980.
I dei seinare åra har Helselaget vore ein aktiv støttespelar for alt helsefremjande arbeid i Stordal - både blant eldre og yngre. Den årlege Helselagsbasaren første fredag etter påske er framleis ein institusjon i seg sjølv, og midlane som kjem inn her, blir i stor grad spreidd utover nyttige tiltak for trivsel og helse i kommunen.

E-post

helselagetSPAMFILTER@stordalsportalen.no

Relaterte sider

Tema  Lag og Organisasjonar
Tema  Anna

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as