Stordal
  Nyheiter     Startside     Soneoversikt     Fangststatistikk     Været     Flotabell     Bildegalleri     Historie     Kontakt  

Fiskeregler

Fylkesmannen har vedtatt nye forskrifter for fiske etter anadrome laksefisker, gjeldande frå 2016 i Møre og Romsdal.

Direktoratet for Naturforvalting har overtatt det endelige forvaltingsmynde.

FORSKRIFT OM FISKE ETTER ANADROME LAKSEFISK

I VASSDRAG I MØRE OG ROMSDAL GJELDANDE FRÅ 2016

Nye fisketider etter laks og sjøaure som skal gjelde frå 2016 er vedtekne både når det gjeld stangfiske i elvane og for sjølaksefiske.

Fylkesmannen har gjennomført lokale høyringar, og har ut frå dette gitt ei tilråding om enkelte justeringar i høve til
fiske etter laks- og sjøaure i sjø og vassdrag til Miljødirektoratet.
Ut frå dette er dei nye reguleringane som no er vedtekne for 2016 i hovudsak ei vidareføring av dei gjeldande fiskereglane.

Utvidingar av fisketid i elvane skal baserast på det kunnskapsgrunnlaget ein har i form av fangstrapportar, fisketelleapparat, fiskeundersøkingar m.v.
Dersom dette er dårleg, vil fiskesesongen ikkje bli utvida eller korta inn. Fleire slike ønske om utviding er avslege.
I nokre vassdrag er berre fisketida endra. I andre vassdrag har ein endra både fisketid og fangstkvote pr. døgn eller sesong,
medan det i nokre vassdrag berre er vedteke endringar for fangskvote.

Målet med reguleringa i form av fisketid og uttak av laks og sjøaure,
er å sikre at det er tilstrekkeleg med gytefisk i vassdraga etter at sesongen er over og dermed nå gytebestandsmåla for kvart vassdrag.

I følgjande vassdrag på Sunnmøre er det tillate å fiske anadrome laksefisk i tidsrommet:

01.06. – 31.08

. Elv

Kommune

Stordalselva

Stordal

Korsbrekkelva

Stranda

 

§ 2. Reiskapsbruk

Som agn er det berre tillate å bruke fluge, sluk, spinnar, wobblar og mark. Ved fiske frå land er det tillate å nytte ei stong eller eitt handsnøre pr. person. Det er berre tillate med inntil to agn pr. stong eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det tillate å nytte to reiskapar (stong eller handsnøre) pr. båt. Det er berre tillate med eitt agn pr. stong eller handsnøre. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Stong og handsnøre skal ikkje forlatast under fiske. Det er forbode å bruke stong eller handsnøre på ein slik måte at fisken sannsynlegvis vil krøkast.

§ 3. Fangstavgrensing

Det er berre tillate å fange anadrome laksefisk som er minst 35 centimeter.

I vassdrag med lakseparasitten Gyrodactylus salaris (Rauma/Istra, Innfjordelva, Henselva (Isa/Glutra), Driva, Litledalselva, Usma, Batnfjordelva) er fiske freda frå kl 24 til kl 06 neste dag.

I vassdrag med lakseparasitten G. salaris er fiske med mark forbode i Rauma/Istra, Innfjordelva, Henselva (Isa/Glutra), Usma og Batnfjordelva heile sesongen, i Driva i august og elles i sesongen i sone 1,2 og 3, i Litledalselva nedstrøms bru over Riksveg 62 i august og ut sesongen. I Surna er markfiske forbode i august.

I Rauma, Istra, Innfjordelva, Henselva (Isa/Glutra) gjeld døgnkvote på 1 sjøaure pr. fiskar. Laks er ikkje inkludert i kvotereguleringa. I Rauma gjeld fisket i september frå og med Rygghølen til stopp lakseførande strekning. I denne perioden er sjøaure freda og det er utsettingsplikt på sjøaure.

I Driva i Sunndal kommune gjeld døgnkvote på 2 sjøaure pr. fiskar. Laks er ikkje inkludert i kvotereguleringa. Når 2 sjøaure er tekne, skal alt fiske ta slutt.

I Surna i Surnadal kommune gjeld kvote på 1 laks pr. døgn, 2 pr. veke og 4 pr. sesong og døgnkvote på 1 sjøaure pr. fiskar. Holaks er freda i august og fanga fisk gjenutsettes.

I vassdrag utan kvote fastsett av elveeigarlag/grunneigarlag eller liknande fora etter fleirtalsvedtak, gjeld ein døgnkvote på 2 laks og 2 sjøaure pr. fiskar gjennom heile sesongen

Det gjeld inga døgnkvote for laks i vassdrag med lakseparasitten Gyrodactylus salaris . Heller ikkje for fiske etter rømt oppdrettsfisk, sjå § 4.

§ 4. Fiske etter rømt oppdrettsfisk

I vassdrag med stort innslag av rømt oppdrettsfisk kan Fylkesmannen i Møre og Romsdal tillate fiske ut over ordinær fisketid. Fylkesmannen avgjer kva for elvestrekningar fisket skal omfatte, tidsrommet for fisket og kva for reiskap som skal nyttast.

§ 5. Gytebestandsmål

I vassdrag med fastsette gytebestandsmål, spesielt nasjonale laksevassdrag utan lakseparasitten Gyrodactylus salaris (Surna, Ørstaelva), skal den lokale forvaltninga innan utgangen av juli foreta ei bestandsvurdering med sikte på å setje inn ekstraordinære tiltak dersom det er fare for at gytebestandsmålet ikkje blir nådd.

§ 6. Desinfeksjonsrutinar

I vassdrag infisert av lakseparasitten G. Salaris, kan fisket stoppast på kort varsel dersom desinfeksjonsrutinar pålagt av Mattilsynet ikkje blir følgde.

§ 7. Dispensasjoner

Fylkesmannen i Møre og Romsdal kan i spesielle tilfelle avvike frå denne forskrifta. Dette gjeld fisketider, reiskapsbruk, fangstkvoter og anna dersom det oppstår forhold som tilseier at beskatninga er uforsvarleg ut frå gytebestandsmålet.

§ 8. Straff

Brot på desse forskriftene er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.

§ 9. Iverksetjing

Forskrifta tek til å gjelde straks. Samstundes blir forskrift 05. mars av 2008 om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag 2008-2012 i Møre og Romsdal oppheva

Marknadsplassen:

Fiskekort


Dokument Annonser

Nytt

Fortløpende fangstrapport 2018 - 19.08.2018
Les meir


Sesongstart i Stordalselva, 2018 - 08.06.2018
Les meir


Fiskeregler - 08.06.2018
Les meir


Driftsplan for Stordalselva i 2015 - 2018 - 02.06.2017
Les meir


No er det dagar
att til sesongstart 2016!
  Admin Stordal Elveeigarlag - 6250 Stordal Stordalsportalen.no