Standard objektvisning Klikk for å lage en ny tilpasset mal, Node-ID: 2268, Objekt-ID: 2654

Startside

Startside

Under her opprettar de artiklar som skal på startsida til Stordal IL

Nei

Navn Klasse Seksjon
Ny leiar i SIL    20.04.2014

På årsmøtet som vart halde på Nilsgardstunet 9. april vart Nikolai Huse valt som ny leiar fram til 2016.


Article 27
Årsmøte i SIL 09.04.2014    16.03.2014

Årsmøte i SIL vert halde på Nilsgardstunet onsdag 09.04.2012 kl. 19.00.

Sjå sakliste her.

Vanlege årsmøtesaker.
Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 2. april.
Enkel servering.

Vel møtt!


Article 27
Påbygg Stordalshallen    04.10.2013

BLI MED OG GI EI GÅVE TIL PÅBYGG STORDALSHALLEN – FÅ SKATTEFRÅDRAG I 2013

Korleis klarte vi oss før Stordalshallen kom? Mange har stilt spørsmålet. No bygg vi på!


Article 27
Endra dato for årsmøte    18.03.2013

Dato for årsmøte i Stordal Idrottslag er endra til 15. april klokka 20.00.


Article 27
Bli med på kurs for tillitsvalte!    23.02.2013

7. og 14. mars vert det arrangert kurs for tillitsvalte innan frivillige lag og organisasjonar i Norddal og Stordal. Kurset er gratis, og gir generell kompetanseheving innan organisasjonsarbeid. Alt frå innsikt i grunnleggjande organisasjonskunnskap til korleis handtere sekretær- og kasserarfunksjon, og korleis gjennomføre møter. Meld deg på! Påmeldingsfrist er 1. mars.
Kursleiar er Ulrik Opdal, VOFO og Møre og Romsdal idrettskrets, og kurset vert halde på Stordal frivilligsentral.
Les invitasjonen og påmeldingsinformasjon HER .


Article 27
Årsmøte i SIL torsdag 12.04.2012    31.03.2012

Årsmøte i SIL vert halde på Nilsgardstunet torsdag 12.04.2012 kl. 20.00.

Vanlege årsmøtesaker.
Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 8. april.
Enkel servering.

Vel møtt!


Article 27
Leiarkurs for ungdom    13.12.2011

Møre og Romsdal idrettskrets, i samarbeid med Sør-Trøndelag idrettskrets, inviterer til Leiarkurs for ungdom mellom 15 og 19 år.
Del 1 av kurset er frå fredag 27. januar kl. 17.00 til søndag 29. januar kl. 15.00, og søknadsfristen er 9. januar.


Article 27
Stem på "Klubben i mitt hjerte!!    14.11.2011

I perioden 12. - 25. november kan du stemme fram det idrettslaget som har størst plass i hjertet ditt!
Norges idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet står saman om kampanjen ”Klubben i mitt hjerte”.


Article 27
Grasrotandelen    08.11.2011

Vil du gi di støtte til STORDAL IDROTTSLAG?

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eit lag eller éi forening som du vil gje di støtte – som din Grasrotmottakar. Vi oppfordrar deg til å støtte oss i STORDAL IDROTTSLAG!

Velg Grasrotandelen i menyen til venstre for å sjå korleis du gjeng fram.


Article 27
Årsmøte i SIL torsdag 14.04.2011    24.03.2011

Årsmøte i SIL vert halde på Nilsgardstunet torsdag 14.04.2011 kl. 20.00.

Saker: Sjå under.


Article 27
NRK med flott reportasje om STORDAL IDRETTSLAG    18.03.2011

Her kan du lese om og høyre intervjuet med aktive frå skigruppene i Stordal IL som NRK sendte idag 17.3. Også skryt til Idrettslaget frå Org.leiar Harald Mowinckel i Møre og Romsdal skikrets. Vi kan trygt vere stolte av det som skigruppene i SIL får til! Klikk på linken her til NRK Møre og Romsdal


Article 27
Stordal IL gratulerer Tommy med fantastisk innsats både i Kollen og Vikersund!    11.02.2011

Tommy Lianes frå vårt eige vesle STORDAL IL - har dei siste dagane imponert heile Norge med si fantastiske skihopping. Først i Kollen med meget sterk 15.plass i senior-NM, og no i sjølvaste Vikersund - verdens tøffaste skiflygningsbakke. I skrivande stund har Tommy nådd 217 meter! Imponerande rett og slett!! Stordal IL er svært stolte over å ha ein slik idrettsutøvar i klubben og ikkje minst ein slik ambassadør for både Idrettslaget og Stordalsbygda vår. Her er dagens hopp på 217m ... Les meir under...


Article 27
Følg med på kvar Fjellservice køyrer opp løyper!    30.12.2010

Fjellservice fekk den nye løypemaskina si frå Antra AS 15. desember. Det er montert GPS på maskina og på "Skisporet.no " kan alle etterkvart sjå når og kvar maskina har køyrt.

Den nye og fine skiløypa frå Overøye til Puskebrua er no ferdigplanert og Fjellservice har lagt spor i dobbel breidde. Det er køyrt løyper på begge sider av elva frå Seljebotnbrua til Kvitlane, og frå Pusken til Lillevatnet/Storvatnet. Utanom planerte traseer er det enno noko ujamnt pga lite snø.

Ta deg ein skitur no etter all julematen og gjer deg nytte av dei fine løypene som Fjellservice køyrer opp!


Article 27
Husk å betale medlemskap og skiforsikring!    15.12.2010

Alle som skal delta på treninger og/eller konkurranser MÅ vere registrert medlem i SIL. Krav om medlemskontigent er sendt ut til alle som er registrert på ein av aktivitetane i idrettslaget siste år. Denne må betalast før ein deltek på både trening og konkurranser! For dei som er 13 år og eldre skal det i tillegg betalast eiga skiforsikring til Norges skiforbund. Har du spørsmål kring dette ta kontakt med ein av leiarane i gruppa di. Er du aktiv i SIL og ikkje har fått tilsendt krav om medlemsbetaling, ta kontakt med øko.ansvarleg Tore E Hove på tlf 45617399.


Article 27
Dansegalla med OLE IVARS og DANSEBANDET i Stordalshallen laurdag 16.oktober!    13.10.2010

Kom deg ut av godstolen og hent fram danseskoa! Her vert det svingom til langt utpå natta! Dørene åpner kl.21 - Servering - 18 års grense - god plass for bobilar - gjestehavn for småbåtar.

Ta deg ein tur då vel!!! arr. SIL Alpin


Article 27

-- Printa ut frå Stordal Elveeigarlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as