DRIFTSPLAN FORSTORDALSELVA 2021
Driftsplanen skal vere løpande og kan justerast på kvart årsmøte eller omframt årsmøte
INNHALD DRIFTSPLAN: |
SIDE: 1 |
Målsetting med planen, Felles forvalting |
Side 2 |
Driftsplan, delplan 1, Regulering av fisket |
Side 3 |
Delplan 2, fiskeoppsyn og overvåking av bestand |
Side 4 |
Delplan 3, Oppsyn og kultiveringstiltak |
Side 5 |
Prosjekt som er vedtatt
utført |
Side 6 |
Oppsummering Stordalsvassdraget |
Side 7 |
Vedlegg til driftsplanen |
Side 8 - 18 |
Historikk |
Side 8 |
Noverande Status og tilstand |
Side 9 |
Den økonomisk situasjon for laget, miljø langs vassdraget |
Side 10 |
Lokale forureiningskjelder/tiltak |
Side 11 |
Biotopiske forbetringar i Stordalsvassdraget |
Side 12 |
Informasjon, marknadsføring, Rapportering og dokumentasjon |
Side 13 |
Fangststatistikk |
Side 14-15 |
Eigartilhøve, medlemsliste |
Side 16-18 |
Sonekart |
Side 19 |
Hovuddelen av planen ligg på side 2-6 med
handlingsplan og arbeidsområde.
Vedlegg til driftsplanen ligg på side
8-18
Vi kan dele planen opp i forhold til korleis vi vel å synleggjere denne, ved å legge ut delar og linkar til resten av planen og vedlegg slik at det blir tilgjengeleg på websida og facebook sida vår.
Link til Lakse- og innlandsfiskelova
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-05-15-47
Link til Forskrift for Lakse- og
innlandsfiskelova
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-06-25-761
Driftsplan for Stordalselva
Målsettinga med planen
1. Utvikling av bestandane med sikte på auka avkastning, til beste for rettshavarar og fritidsfiskarar. Utvikling av bestandane med sikte på å auke det haustbare overskotet.
2. I Stordalsvassdraget har
fiskerettshavarane gått saman om felles forvaltning i
samsvar med Lakse- og innlandsfiskelova § 25:
Organisering av fiskeforvaltningen i vassdrag
.
Fellesforvaltninga skal omfatte regulering av fisket,
fiskeoppsyn, informasjon, smitteførebyggande tiltak,
fangststatistikk og rapportering, kultiveringstiltak og
bestandsovervaking. I tillegg kjem hensiktsmessige og
nødvendige felles tiltak for vern og utvikling av dei
lokale fiskestammane
3. Driftsplan skal innehalde oversikt over fiskeressursane i det aktuelle området, oversikt over regulerings-, overvakings-, oppsyns- og informasjonstiltak. Vidare skal planen beskrive korleis fiskeinteressene er organisert i soner og eigarinteresser. Den enkelte grunneigar – rettshavar - tar sjølv hand om bortleige av sin fiskerett.
Driftsplan for Stordalselva
Felles forvalting
Stordal Elveeigarlag har til formål å arbeide for ei berekraftig forvaltning av lakse- og sjøaurefisket i Stordalselva.
Laget skal halde seg til forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk og skal ivareta dei lovpålagte forvaltningsoppgåvene gitt i Lakse- og innlandsfiskelova med tilhøyrande forskrifter.
Ved felles forvalting er alle medlemmane i laget forplikta til å følge dei fleirtalsvedtak som blir fatta på årsmøte, omframt årsmøte og medlemsmøte
Vi skal alle samarbeide om ei næringsmessig og økologisk forvaltning av lakse- og sjøaurebestandane i Stordalsvassdraget
Årleg handlingsplan og budsjett skal for kvart
år leggast fram for årsmøtet for
godkjenning
---------------------------------------
Laget har oppretta ei kompetansegruppe av
røynde laksefiskarar som også har eit breitt og
omfangsrikt nettverk. Eit mandat er sett opp for deira arbeid
og gruppa skal støtte opp om arbeidet til laget for
å oppnå målsettingane i planen.
Driftsplan oppdatert på årsmøte 10.03.2021
Delplan 1 Regulering av
fisket
Årsmøtesak 2021
Åpning av fiske etter laks elva sommar 2021,
periode 01-31.07
Sjøaure er freda og skal settast ut att. Cath
and release er ikkje tillatt.
1. Fangstrestriksjonar – tal på laks pr
kort, pr fiskar, pr veke, pr år
Dette blir innført for å redusere
fisketrykket i elva
Fiskarane har ikkje anledning til å overdrage sitt
fiskekort til nokon annan.
Grunneigar har berre unntaksvis lov til å endre
på eit kort,
Unntaket her må vere at fiskar ikkje kan bruke
sesongkort, av helsemessige årsaker.
Og at ein ny fiskar kan overta sesongkortet med dei
kvotebegrensingar som allereie ligg på dette
kortet
Grunneigar kan ikkje endre, selge nytt kort, der
fangstrestriksjonar har satt stoppar for den aktuelle
fiskaren./ kortet / fiskeretten
Når ein har fått ein laks på eit kort, skal
det ikkje fiskast meir på dette kortet den dagen
Har ein fiskar fått 2 laks på eit 20 t kort, skal
det aktuelle kortet ikkje brukast meir den veka
Er det fiska 5 laks på ein fiskerett/stong i 2021, kan
det ikkje fiskast meir på den retten
Har ein fiskar fått 5 laks, skal ikkje hans
kjøpte kort for resten av sesongen,uansett sone han
har kort på, brukast meir, denne sesongen. Og kan ikkje
selgast/leigast ut på nytt.
Kvar sone har eigarar med eit definert tal på stenger
som kan brukast. Retten til å bruke og for eigaren ev.
selje kort for ei av desse stengene går ut for aktuell
dag, veke eller sesong når høvesvis dags-,
vekes- eller årskvoten er fylt for denne stanga.
Om grunneigar leiger ut ein fiskerett /sesongkort til fleire
personar, på deling. Er det ikkje slik at kvar av
fiskarane på dette kortet har ein heil kvote. Når
retten er leigd ut på deling, er kvoten også
på deling mellom fiskarane. Ein kvote pr
kort/fiskerett.
Det same gjeld om ein leiger ut alle dagskort sine, for ein
eller fleire dagar, til ei gruppe.
Kvoten ligg på korta/fiskerettane, ikkje for kvar
person.
2. Fiskesesong, åpning – stenging.
Fredningstider i sesongen
Elva blir åpna for fiske etter laks i perioden
01-31.07.
Stenging ved vasstemperatur over 18 grader og/eller utsikt
til lengre periode med veldig lav vannstand. Ved dårleg
innsig/lite fisk i elva fram til 15. juli, kan elva bli
sesongstengt på relativt kort varsel.
Årsmøtet gir styret fullmakt til å
kunne utvide sesongen for Stavdal, Jøsvoll og Moe, med
den første veka i august. I høve
vannføring er for stor for fiske i juli. Det må
ellers vere bra med laks i elva, men dårleg forhold for
fiske.
Midtsesong evaluering.
Det må vere gytebestandsmålet som skal vere den
avgjerande faktoren. Det er 724 kg hofisk. Om det ser ut til
at dette ikkje kan bli oppnådd,
må elva stengast for sesongen
etter evalueringa. Frå den
20.07
3. Reguleringar på den enkelte
sone.
Alle soner skal ha nattestengt kvar dag frå kl
00.00 og til kl 04.00
Osen, nedre del av Hovesona, er det skilta flugesone
for den nedre delen
Antall stenger på dei forskjellige soner skal
vere slik det var i 2018.
Delplan 2 Fiskeoppsyn og overvaking av bestand
1. Oppsyn.
Lakse- og innlandsfiskelova § 25: Organisering av
fiskeforvaltningen i vassdrag .
Her er det lovpålagt at fellesforvalting også
omfatter felles oppsyn for vassdraget Det settast opp ei
gruppe som skal ha oppsynsansvaret for heile elva, her kan
kvar sone kome med sin representant. Styret setter opp ei
beskriving om kva som skal haldast oppsyn med og kva mynde
oppsynet har, samt virkemidlar styret har i høve brot
på fiskereglar og kva skal føre til anmeldelse.
Kvar sone oppnevner 1-2 representanter til felles
oppsyn for elva.
Styret får fullmakt frå årsmøtet til
å vurdere alvorsgrad og reaksjon på kvar enkelt
misferd.
Brot på fangstrestriksjonar og urettvist overdraging av
fiskekort/fiskerett skal føre til inndraging av
fiskekort/rett til å fiske, i kortare eller lengre tid
ev. føre til politianmeldelse
Styret sender ut liste til alle medlemmane
i laget før sesongstart 2021. Med namn
på dei som skal vere fiskeoppsyn og ein beskrivelse
på kva oppgåver og mynde oppsynet har, for
2021
Ei liste med namn på personar som er oppsyn. Ei
oversikt over oppgåver for oppsynet. Ei oversikt over
kva mynde oppsynet har. Her er det viktig å sjå
etter og kontrollere at fangstrapport blir ført for
alle. Og at fiskarar ikkje bryt fangstrestriksjonane. At
grunneigarar ikkje leiger ut kort/fiskerett der kvoten
allereie er brukt opp. Alle brudd på reglane skal
registrerast, det skal gis ein advarsel til fiskaren og
forholdet rapporterast til styret.
Årsmøtevedtak, 10.03.21.
Ved andre gangs forseelse har styret fått mynde
frå årsmøtet til å utvise/nekte
adgang til fiske i elva for den som bryt reglane. Dette
gjelder for resten av sesongen 2021
Snorkling og filming i elva for å drage fordel
av dette i fiskeøyemed
Snorkling i elva med føremål å
finne ut kor laksen står eller kor mykje laks som er i
delar av elva, skal ha styret sin godkjenning.
Filming med undervannskamera og/eller videokamera med
føremål å finne ut kor laksen står
eller kor mykje laks som er i delar av elva, skal ha styret
sin godkjenning
I dei høve dette blir gjort utan styret sin
godkjenning, er dette brot på retningslinjene til
laget.
2. Bestandsovervaking
Vi er ute av Ouro systemet, fordi elva har fått status
som god…..Dette fordi VRL og Miljødir operer
utifra veldig gamle tall. Til eksempel er Miljødir sin
nye handlingsplan for elvane, basert på tall frå
2010-2014. Dette er heilt utruleg, men sant. Norce skal ta
gyteteljinga og ungfisk registreringa i vassdraget i 2021.
Laget skal halde ei intern ungfisk registrering i
gytebekkane, Rikjenda og muleg ei utvida ungfisk registrering
i Rø-elva. I perioden 2021-2024
Delplan 3
Formålspragrafen:Utvikling av bestandane med sikte på auka avkastning, til beste for rettshavarar og fritidsfiskarar. Utvikling av bestandane med sikte på å auke det haustbare overskotet
Elveeigarlaget må utarbeide ein kultiveringsplan for den lakseførande delen.
Omframt årsmøtet i løpet av 2021 skal
behandle kultiveringsplan for vassdraget, den skal etter
eigen godkjenning sendast inn til Miljøavd,
Statsforvaltaren for godkjenning der.
Etter godkjenning skal denne skal heretter ligge som eit
vedlegg til driftsplanen.
Kultiveringstiltak
I denne perioden er det er planlagt 2
kultiveringsprosjekt:
Habitat forbedring i Rikjenda, for laks og sjøaure.
Undersøkelse i kanalen ved Vinjesanden, opp mot
avrenning av gummigranulat frå stadion og evt
forbedring av gyteforhold for sjøaure
Det er og søkt midlar til dette gjennom
Miljødiektoratet. Dette må inn i planen
etterkvart som prosjekta blir realisert i plansamanheng
Det må utførast noko etterarbeid på 2 av
gytebekkane som var tatt i 2019
Klekkeri/rognboksutplanting Her skal det inn
i planen at det blir arbeidd opp mot det offentlege for
å få starte opp att med slik kultivering. Styret
skal prøve å få godkjent ein
kultiveringsplan for elva
GBM er på 725 kg hofisk, i 2018 og 2019 var det om lag
66 % oppnåing. Men her var vesentleg mindre ungfisk enn
talet på gytefisk skal tilseie. 2020 var gytefisk godt
over GBM, men der var ikkje fiska i elva, og der var ikkje
tatt ungfisk registrering
Målet er heilt klart å få eit haustbart
overskot.
Det er strenge retningslinjer for slike kultiveringstiltak,
vi må dokumentert over tid at bestanden er trua /
kritisk nivå for bestanden. Og at det ikkje er muleg
å rette på dei problema som er grunnen til
nedgang i bestand, med andre tiltak i elva
Årsmøtet gir fullmakt til styret for
å utrede og evt starte arbeidet med «naturleg
kultivering»
Her vere seg fiske av hofisk i ordinær sesong,
mellombels lagring av denne, og tilbakesetting av laks til
elva etter fiskesesongen. Utrede muligheita og starte opp med
«skjerma gyting» av laks i sideelvar, for å
skjerme rogn og 1-års yngel mot store isferder
Slik situasjonen er no, med kultiveringsplan som kan
føre til at vi kan få mulegheit til å
kunne sette ut rognboksar, velger styret å sette dette
på vent, inntil vidare.
Prosjekt som Årsmøtet i laget har vedtatt utført
Reetablering av gytebekkar. Opprensking og tilrettelegging
for oppgang til 4 gytebekkar i Stordal kommune, Stordalselva:
Fjellåna, Kørsen, Moløken og
Harpebergsløken. Her står det att ein del
justeringar og noko manuelt arbeid som skal utførast i
2021. Det vart utført eit prøveprosjekt i
Rikjenda, habitat utbetring og gytegrus.Det er vidare
planlagt eit liknande prosjekt for Rikjenda, i 2021. men
denne gangen 4 nye tersklar med utlegging av gytegrus.
Alle desse har tidlegare vore gode gytebekkar for
sjøaure, og litt gyting av laks skjer
også.
Styret har planlagt ein undersøkelse – gummi
granulat ift ungfisk og betring av gyteforhold,
i kanalen som tidlegare var Iverdammen og Gjestedammen
Nedgang i fangst av sjøaure i Stordalsvassdraget har
vore dramatisk dei siste 15 åra, sjå vedlagte
kurve for fangst. Årsakssamanhengen er nok samansett,
men vi ser at nokre av gyteplassane er heilt borte, andre er
i veldig dårleg forfatning. I tillegg har nok den store
auken av lakselus i fjordane dei siste 20-30 åra tatt
knekken på mykje av den lokale
sjøørretstamma
I all hovudsak er det utført tilrettelegging slik
sjøauren kan gå opp i bekkane og ein del
gravearbeid i sjølve bekkane for å legge til
rette for gyting som t.d. å lage nokre enkle tersklar
for å skape litt djupne og lage til skjul enkelte
stader. Erfaringa frå andre stader viser at liknande
tiltak allereie første året etter at gytebekkar
har blitt tilgjengelege for sjøauren, har gitt relativ
stor auke i talet på sjøaure i desse
gytebekkane. Det er også tilfelle hos oss. Spesielt i
Kørsen har ungfisk auka betydeleg. Til ein viss grad
også auke i Fjellåna. Utbetringa av
utløppet til Harpeberg løken var utført
sopass seint på året at det er tvilsomt at der
gjekk opp sjøaure for gyting i 2019. Her må
også leggast litt meir til rette for å sikre at
der blir dammar med vatn om det blir ein
tørkesommar.
I Rikjenda var der laks sist haust som gytte i den nye
gytekulpen.
Her må det dokumenterast med el-fiskeapparat i nokre år etter reetableringa. Søknader må inn til Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren, for kvar gang vi skal drive ungfisk ergistrering.
Kultivering i form av klekkeri – plommesekk
yngel og/eller rognplanting Her må vi vente
til vi får godkjent kultiveringsplanen og sjå kva
avklaring som kjem om bruk av verkemiddel. Dokumenteringa er
frå vår side, saman med Lakseelvane på
Sunnmøre, fullt ut vurdert som gode nok for å
kunne starte opp med ein prosess som fører fram til ei
offentleg godkjenning. Den offentlege forvaltinga er
særs restriktiv med å gje løyve til slik
kultivering. Styret sitt vedtak går på at dette
skal startast opp om vi får løyve til det.
Og fortrinnsvis i samarbeid med Valldøla
Dokumentasjonsprosjekt opp og fram mot kultivering, utført av NTNU
Her har studentar frå NTNU fullført ei
hovudoppgåve som kan brukast som underlag både
for eit større prosjekt og som underlag for ein
komande kultiveringsplan. Vi har arbeida ein del opp mot
forskarmiljø for å kunne starte eit
større prosjekt her.
Dette er foreløpig lagt på is, delvis grunna
finansiering og delvis fordi laget fører ei parallell
linje opp mot å komme i gang med kultivering med
rognboksar
Oppsummering
Dersom ein i perioden fram til 2022 klarer å
gjennomføre dei tiltaka som er nedfelt i denne
driftsplanen, vil ein ha kome eit langt steg på vegen
med å få vassdraget i den tilstanden ein ynskjer.
Vi har eit vassdrag som inntil no har vore lukkeleg
forskåna for sjukdom.
Mange elvar, spesielt i Romsdal og på Nordmøre
har fått ”Gyro” med dei enorme
konsekvensane dette dreg med seg.
Det er svært viktig at det vert sett i verk tiltak for å hindre denne farlege sjukdomen i å spreie seg til vårt vassdrag. For eksempel desinfeksjonsstasjonar for fiskeutstyr. Det er eit mål i seg sjølv at det blir sett opp ein god del fleire desinfeksjonsstasjonar
Det er naturleg å tru at kunstig kultivering fører til ein jamnare reproduksjon, og også jamnare fangstar. Vi bør arbeide fram mot å få godkjenning for kultivering, ei ordning og eit samarbeid med andre klekkeri/elvar om dette. Vi må få gjennomført gytefiskteljing kvar haust med tanke på å unngå overfiske. Stikkord her er Gytebestandsmålet. Vi må også få gjennomført hyppige registreringar av yngel.
Etterspørselen etter fiske synest å auke. Eit
samarbeid mellom eigarane for å utnytte fisket betre
kan vere ei god løysing på enkelte soner med
dårleg økonomisk utnytting. Fangstrapporteringa,
med fangstdagbøker på alle soner, har vist seg
å fungere godt.
Her er det viktig at eigarane er klar over betydninga av ein
rett statistikk.
Frå og med sesongen 2021 blir det fastsatt nye
fisketidsrammer for elva. Her kan det vere aktuelt at denne
ramma blir redusert for Stordalselva. Dette må vi godta
som ein del av forvaltinga av bestanden vår
At statistikken er så rett som mogeleg er viktig også med omsyn til fisketida og for kor mykje fisk ein kan fiske.
I denne planen er det etter beste evne prøvd å ta med alle ting som har betydning for vassdraget. Det er viktig at vi no prøver å få på plass alle utfordringane, og å få sett dei tinga som bør forbetrast i ei prioritert rekkefølgje.
Noko er sikkert oversett. Slikt er vanskeleg å unngå. Planen må derfor ikkje oppfattast slik at det ikkje er rom for nye innspel.
Alle innspel som har betydning for elveeigarane, har styret
og årsmøtet plikt til å handsame.
Ein skal også påpeike at dette er ein
løpande driftsplan for perioden
2019 – 2025 og denne kan justerast ved kvart
årsmøte, omframt årsmøte
eller ved medlemsmøte, når som helst i perioden.
For styret i Stordal Elveeigarlag.
Jarle Hove
Vedlegg til Driftsplanen
Historikk
Stordal Elveeigarlag vart formelt skipa 5/7 1964,
Tidlegare har det vore «Fleire elveeigarlag» som
hadde etter datidas krav og normer, ein grei funksjon etter
dei behov som var i den perioden. Det første laget
vart stifta på 1920-tallet, og varte i en 10-15
år. Det neste laget vart stifta rett etter krigen og
varte frem til sist på 1950-tallet
Men heilt tilbake på starten i 20-åra var
grunneigarar og andre eldsjeler i aktivitet med
kultiveringsarbeid. Desse personane fekk også bygd
klekkeri og kummar for stamlaks på Øvrebust.
Ifrå 1920-åra vart det sett ut yngel i bekkar og
elvar. Mange grunneigarar gjorde ein stor innsats for
laksestamma i Stordalselva. Den siste utsettinga av yngel var
truleg på slutten av 70-talet. Nesten all utsett fisk
var basert på stamfisk frå Stordalselva. Den vart
fanga både i elva og i osen med kastenot. Sidan den
gongen har elva vore meir eller mindre
sjølvkultiverande..
Dei seinare åra har det auka på med
menneskeskapte faktorar som meir enn sjølve forholda i
og rundt elvane, har auka trusselbildet for laksebestanden i
elva. Og vi vurderer det slik at no må ein starte
oppatt med kultivering
Både vedtekter og regler har forandra seg etterkvart
som det har kome nye lover og forordningar. Siste forandring
av vedtekter var på årsmøte den 30.03.2017
Nedslagsfeltet til Stordalsvassdraget er fjellområda
mellom Norddalsfjorden og
Romsdalsfjorden. Vassdraget munnar ut i Storfjorden på
Hove i Stordal. Nedbørsfeltet er 203 kvadratkilometer,
og det strekkjer seg frå sjøen og opp til 1531
moh. Middelvassføringa er på 12 m3/sek. Den laks
og sjøaureførande delen av vassdraget,
Stordalselva, er om lag 8 km.
frå Stavdalsfossen og til sjøen. Ei mindre
sidegrein, Røelva, er laks og
sjøaureførande frå samløpet med
Stordalselva og til Ekrefossen. Omlag 4 km. Vanlegvis er det
mindre kvanta fisk i denne elva enn i hovudvassdraget. Den er
likevel svært viktig mellom anna fordi der er gode
gyte- og oppvekstforhold. Samla laks og
sjøaureførande elvestrekning er ca. 12 km. Det
produktive elvearealet er på ca. 130 000 kvadratmeter
inkludert sideelvane.
Noverande status og tilstand i elva
Laget har ikkje noko med sal av fiskekort eller
bortleige av fiske å gjere. Dette har vore, og er ei
sak mellom den enkelte grunneigar og den som vil leige
fiske.
I dei fleste sonene kan det fiskast med frå 2 til 4
stenger samtidig. Dette er det reglar for innanfor kvar
enkelt sone. I denne driftsplanen vil vi avklare kor mange
fiskekort/rettar/stenger det er anledning å ha for kvar
sone.
Elva er nattfreda frå 00 – 04 kvar natt alle
dagar i veka Fisketida sist år var frå 15. juni
– 25.august. Pga. veldig lite laks i elva vart det
gjort vedtak om å stenge for fiske frå og med 18.
juli. Mengda av gytelaks har vore variabel, men
nedadgåande dei siste åra. 2019 var eit spesielt
dårleg år. GMB var talt til ca. 66 % av
målet. Så lenge vi ikkje driv noko form for
kultivering, er vi på dette feltet prisgitt naturens
luner. Og det kan tyde på at vi er veldig utsett etter
fleire år med dårlege fangstar.
Yngelregistrering haust 2018 og haust 2019 med relativt dårlege resultat
I følge VRL, har Stordalselva et gytebestandsmål på 724 kg holaks pr. år, for å kunne oppretthalde ein berekraftig bestand som det kan haustast av. Dette tilseier at vi må ha minst dette kilo holaks som gyter kvart år for å oppretthalde ein ”normalbestand”. Talet er berekna utan å ta spesiell høgde for hendingar som har negative innverknader som
· Produksjonen av lakseyngel i elva, isferder og flaumar.
· Predatorer som oter, mink og hegre.
· Farane yngelen møter på veg ut til beiteområdet i havet.
· For ikkje å snakke om kilenøter og dorgarar.
Det blir viktig i komande år å ha ei trygg oversikt på gytebestanden.
Om denne trenden fortsetter har vi pr definisjon ikkje eit
haustbart overskot og skal eigentleg stenge elva for
fiske.
Vi vil seinare i planen vise ein oversikt over
fangststatistikken for dei einskilde sonene for dei 5 siste
åra. Det er desse åra yngelen har vokse opp i
elva og vore ute i havet, før retur til elv. Vi har
god fangststatistikk for elva frå 2002 og fram til no
Den biologiske tilstanden i elva synest å vere god.
Geografien rundt elva er jamt over av ein slik karakter at
avsig frå spreiing av husdyrgjødsel er
liten.
I nedslagsfeltet til elva er det ikkje forureinande industri.
Styret har tatt opp diskusjonen om vi skal starte oppatt med klekkeriet. Dette er en stor og ambisiøs sak som vil kreve mykje grunnarbeid og utgreiingar. Det vil medføre store og vedvarande kostnader i form av frivillig arbeid og direkte utgifter. Vi vel å ta klekkeri og kultivering med i driftsplanen, sjølv om dette enno ikkje har vore oppe på årsmøtet. Sjølve bestemmelsesprosessen er viktig i seg sjølv. Uansett er dette ei årsmøtesak som styret kjem til å presentere fleire gongar for årsmøtet i driftsplanperioden.
Den økonomisk situasjon for laget
Laget har pr. dato mindre direkte inntekter. Men styret
henter inn ein del midlar utanfrå som har finansiert
utgifter i 2020 og vil truleg finansiere tiltaka som er
planlagt i 2021.
Lakseelvane på Sunnmøre, LPS, har og vil kvart
år framover skaffe til veie ein god del midlar som skal
fordelast ut til medlemselvane.
Det årlege budsjettet til laget vil vise utgifter og
tilføring av midlar, slik at vi vil ha dekning for det
arbeidet som vil bli utført.
Laget disponerer ikkje soner, eller deler av soner til sal av fiskekort slik enkelte andre lag gjer . Vi er derfor avhengig av at medlemane betalar medlemskontingent. Lik andel for alle. Det er utarbeidd ein plan for korleis medlemskontingenten i Norske Lakseelvar skal fordelast på elveeigarane. Om ein vel å bli medlem av Lakseelvane på Sunnmøre, er det fornuftigt at laget tar denne kostnaden
Tidlegare har det gitt elva ei verditaksering etter soner, og kva skyld kvar enkelt elveeigar har. Dette har vi gått vekk frå og no har kvar rettshavar like andelar. Seinare i planen er ei liste over kvart gardsnr. og bruksnr. som er medlem,
Miljøet langs vassdraget
Ei forbetring av miljøet i og langs elva vil vere eit av dei viktigaste satsingsområda for laget. Mange stader er det utført eit til dels stort arbeid med opprydding. Elveforbygninga er stelt i stand som tursti på den nederste halvdelen av elva og er eit mykje brukt område for turgåarar, i tillegg til dei som fiskar laks. Men fortsatt er der enkelte stader der det kan være behov for å fjerne skrot og søppel av diverse kategoriar. Enkelte stader er det tett skog, noko som gjer forholda for fiskarane vanskelege. Dette gir eit dårleg inntrykk av korleis vi helst vil ha det. Mange laksefiskarar er ute etter ei samla oppleving rundt det å fiske etter laks, og då er også tilstanden langs elva ofte avgjerande om dei vil leige elv her eller andre stader. NVE har også satt krav om rydding på vegen langs elva, på min. 4 m bredde, dette sett i forhold til beredskap ved skadar i elva.
Grensene mellom dei einskilde sonene er blitt betre merka dei seinare åra, men det er fortsatt rom for endå betre merking, enkelte stader. På mange soner er der anlagt rasteplassar med enkle fiskebuer for å gjere forholda for fiskarane trivelege.
Ofte skal det ikkje så mykje til før det vert meir attraktivt å leige fiske i Stordalselva. I neste runde kan dette føre til auka etterspørsel etter fiske, og dermed større inntekter til rettshavarane.
Lokale forureiningskjelder/tiltak
Hove: Ingen spesielle forureiningskjelder.
Vinje: Samlekanal som kjem frå industriområdet renn ut i elva på Vinje. Bør takast vassprøve for å kartleggje evt. forureining. Minimal fare for avsig frå landbruksrelatert verksemd. Usikkert om det er avsig til grunnen frå søppelplassen på Vinjesanden.
Busengdal: Ingen spesielle forureiningskjelder.
Kirkebø: Ingen spesielle forureiningskjelder.
Kvammen: Ingen spesielle forureiningskjelder. Fjellåna renn ut i Storelva på Odd Kvammen sin eigedom. Frå gammalt av var den ei god gyteelv, spesielt for sjøauren.
Midtbust: Rørgate fører ut i elva frå oppdyrka landbruksareal. Usikkert om det er forureinande avsig. Lita vassføring..
Øvrebust: Rørgater frå oppdyrka landbruksareal fører ut i elva på to stader. Ei lita elv, ”Rikjenda”, fører ut i hovudvassdraget. Frå gammalt av var dette ei god gyteelv for sjøaure, men er også lakseførande. ”Kørsen”, ein liten sidebekk er også frå gammalt av ein god gytebekk for sjøauren.
Holt: Ingen spesielle forureiningskjelder.
Storheim: Usikkert om det kan vere forureinande avsig frå utløpet av Djuphølen. To mindre bekkar, Harpebergløken og Langhesløken er truleg gode gyteplassar for sjøaure. Desse bør undersøkast nærare for å kartleggje moglege forbetringar i tilhøva for gyting. Slike bekkar er også gode oppvekststader for yngel. Problemet er at ved liten nedbør på sommar, går Harpebergløken tørr
Moe: Ingen spesielle forureiningskjelder. Ein mellomstor bekk, Moløken, er truleg ein god gyteplass for sjøaure og oppvekstplass for yngel. Det bør opprenskast i utløpet av bekken for å forbetre forholda for oppvandring av fisk. Problemet er at ved liten nedbør på sommar, går Moløken tørr
Jøsvoll: Ingen spesielle forureiningskjelder..
Stavdal: Ingen spesielle forureiningskjelder. Ei større sideelv, Stavåa, er truleg både laks og sjøaureførande ei kort strekning.
Vad: Ingen spesielle forureiningskjelder, men med fall til elva frå begge sider kan det vere fare for avsig frå spreiing av husdyrgjødsel.
Løset: Mykje av same forholda som på Vadsona.
Biotopiske forbetringar i
Stordalsvassdraget
Dersom vassprøver viser at det må setjast inn
tiltak mot forureining, vil desse tiltaka i seg sjølv
gje biotopiske forbetringar. I tillegg vil fysiske inngrep
nokre stader gje betre forhold for gyting og oppvekst av
yngel.
Laget skal utarbeida enkle planer for oppreinsking og rydding i sidebekkar/elvar. Dette gjeld for Fjellåna, Kørsen, Langhesløken og mogleg Harpebergløken og Moløken. Laget bør også søkje å få til ei ekstern delfinansiering av dette arbeidet gjennom søknad om midlar frå offentleg hald.
Kvammen: Betre forholda i osen av Fjellåna. Sjå nærare på behovet for tilførsel av gytegrus. Dette vil føre til ein endå betre plass for gyting og oppvekst. Spesielt for sjøaure, men også som oppvekstplass for laksungar.
Øvrebust: Ei biologisk undersøking av Rikjenda hadde vore ynskjeleg. Denne elva var truleg både laks- og sjøaureførande heilt opp til Fossane. Om dette er tilfelle, er det naturleg for laget å vurdere forbetringar for oppgangen av fisk også i denne elveosen. I tillegg er Kørsen frå gamalt av ein god sidebekk for gyting og oppvekst for.
Storheim: Her finn vi to viktige sidebekkar, Harpebergløken og Langhesløken. Begge desse kan med relativt små midlar gjerast om til gode gyteplassar og oppvekststader for yngelen.
Mo: Moløken kan med rensking og opprydding i osen gjerast til ein enno betre gyte og oppvekstplass.
Det har tidlegare vore føretatt ei lang rekke med synfaringar langs elva med representantar frå:
NVE, MR-Fylke, Stordal kommune, Stordal Elveeigarlag og
Grunneigarar,
på fleire stadar i elva.
Med formål å drive vedlikehaldsarbeid på fiskehølar, flaumsikring, betring av gyteplassar, forskjellige miljøtiltak langs elva og moglegheiter for å forlenge den lakseførande delen av elva.
Synfaringar er ein viktig prosess i arbeidet fram mot ei positiv saksbehandling på Fylke og Regionsnivå. Alle framtidige prosjekt i og langs elva som har tilknyting til Laks og Sjøaure, bør vere med i ein driftsplan. Det viser at tiltaka er med i ein samla plan som Elveeigarlaget er samde om. I fleire samanhengar er dette faktisk eit krav frå det offentlege, for å kome i betraktning for tildeling av offentlege midlar.
Informasjon.
Stordal Elveeigarlag har lagt ned eit omfattande arbeid på informasjon.
Vi har laga til ei internettside,
www.laksefiske.stordal.no, som vi skal
bruke, ikkje berre til informasjon for utabygdsfolk som vil
freiste å fiske laks i Stordal.
Men også som eit arbeidsverktøy for oss
sjølve. Vi har innsamling av fangstrapportar for dei
fleste soner, ein gong pr. veke.
Laget har og ei facebokside,
Laksefiske Stordalselva i Møre og
Romsdal
Marknadsføring.
Det viser seg at desse opplysningane, tilgjengeleg på internett, aukar fiskeinteressa og økonomien til dei som leiger ut på desse sonene.
Her er det moglegheiter for dei som ynskjer å marknadsføre seg meir enn dei har gjort tidlegare.
Her er også moglegheiter for dei som ikkje ynskjer
å leige ut elva si, og gjere det kjent at på
denne sona er det ikkje tilgjengeleg fiskeelv. Med det slepp
ein kanskje ein del ”masete” telefonar.
Elveguiden.no sel og marknadsfører ein del av
tilgjengeleg fisketid på dei 2 nederste soner,
rettshavarane der er godt fornøgd med dette
føretaket. Der er plass til fleire, og det er ein
fordel at ein del tilgjengeleg fisketid blir allment
tilgjengeleg
Rapportering.
Styret for laget har innsett viktigheita av korrekt fangstrapportering. Det er satt opp ei fangst rapporteringsbok på kvar sone. Denne boka må vere tilgjengeleg slik at alle som fiskar skal rapportere inn all fangst dag for dag. Den må også vere tilgjengeleg for andre enn fiskarar. Også for å innhente fangstdata for innføring og oppdatering av internettsida til laget.
Dokumentasjon.
Viktigheita for å ha ein god rutine på fangstrapportering blir garantert ikkje mindre framover i tida. Utifrå offentlege høyringar blir det iverksett nye restriksjonar på fangst av laks for perioden 2020-2023.
Derfor er det blitt meir og meir viktig å kunne dokumentere kva som skjer i og langs elva. Fangstrapporter og gytefisk teljing på hausten er den einaste dokumentasjonen vi har på tilstanden i elva. Dette skal samanliknast mot Gytebestandsmålet.
Eigartilhøve og organisering
70 eigedomar med til saman 60 eigarar er med i Stordal
Elveeigarlag pr. dato.
Det er den enkelte grunneigar som har fiskerett på sin
eigedom/gardsbruk.
På dei aller fleste soner er det ei fordeling av
fiskeretten mellom dei forskjellige
bruksnummera under eit gardsnummer.
Dei 15 sonene som elva er inndelt er som fylgjer: Hove - Vinje – Busengdal – Kirkebø - Kvammen – Midtbust – Øvrebust – Holt – Storheim – Mo – Vad Jøsvoll – Stavdal –Løset og Øye/Ekre
Laget er organisert i eit Styre på 5 personar som er bundne av budsjett, driftsplan, handlingsplan og årsmøtevedtak, samt vedtekter som er godkjende av årsmøte i laget. Leiaren og Styret står for den daglege drifta.
Styret bør ha ei samansetting av fiskerettshavarar som er geografisk fordelt langsetter dalen. Stordal Elveeigarlag skal avhalde årsmøte etter egne vedtekter en gang pr. år. Og styret held styremøte etter nødvendig behov
Laget er medlem i Lakseelvane på Sunnmøre.
Laget er medlem i Norske Lakseelver.
MEDLEMSLISTE FOR STORDAL ELVEEIGARLAG:
Sone |
Gnr og Bnr. |
Medlem |
Adresse |
Postnr. og Poststad. |
Telefon |
|
01 |
Hove |
127/1 |
Jarle Hove |
Hove |
6250 Stordal |
91114415 |
02 |
Hove |
127/3 |
Bente/Jon G. Selboskar |
Midtbust |
6250 Stordal |
70278346 |
03 |
Hove |
127/4 |
Nils Tomas Hove |
Hove |
6250 Stordal |
70278006 |
04 |
Hove |
127/5 |
Julian Vidhammer |
Hove |
6250 Stordal |
|
05 |
Hove |
127/6 |
Kristin Øie |
Hove |
6250 Stordal |
|
06 |
Hove |
127/7 |
Knut Hove |
Hove |
6250 Stordal |
70278159 |
07 |
Vinje |
128/1 |
Leif Rune Vinje |
Vinje |
6250 Stordal |
70278104 |
08 |
Vinje |
128/2 |
Vibeke og Runar Helland |
Vinje |
6250 Stordal |
70278499 |
09 |
Vinje |
128/3 |
Kjell Mulelid |
Vinje |
6250 Stordal |
70278189 |
10 |
Vinje |
128/5 |
Jarle Hove |
Hove |
6250 Stordal |
91114415 |
11 |
Vinje |
128/6 |
Per Arne Søvik |
Vinje |
6250 Stordal |
70278257 |
12 |
Vinje |
128/7 |
Sigrun Hove |
Vinje |
6250 Stordal |
70278093 |
13 |
Vinje |
128/8 |
Ruth Janne Vinje |
Vinje |
6250 Stordal |
70278185 |
14 |
Vinje |
128/156 |
Eldar Busengdal |
Busengdal |
6250 Stordal |
70278449 |
15 |
Busengdal |
129/1 |
Eldar Busengdal |
Busengdal |
6250 Stordal |
70278449 |
16 |
Busengdal |
129/2 |
Erling Busengdal |
Busengdal |
6250 Stordal |
70278063 |
17 |
Kirkebø |
130/1+2 |
Leif Kirkebøe |
Kirkebø |
6250 Stordal |
70278147 |
18 |
Kirkebø |
130/3 |
Olaus Overøye |
Kirkebø |
6250 Stordal |
70278050 |
19 |
Kirkebø |
130/4+7 |
Bente/Jon G. Selboskar |
Midtbust |
6250 Stordal |
70278346 |
20 |
Kvammen |
131/1 |
Odd Kvammen |
Skylehammaren 2b |
6013 Ålesund |
70150339 |
21 |
Kvammen |
131/2 |
Helge Tjønnøy |
Smieveien 8 |
3470 Slemmestad |
|
22 |
Kvammen |
131/4 |
Eli Søvik |
Kvammen |
6250 Stordal |
70278157 |
23 |
Midtbust |
132/3 |
Bente/Jon G.Selboskar |
Midtbust |
6250 Stordal |
70278346 |
24 |
Midtbust |
132/6 |
Kjell A.Midtbust |
Midtbust |
6250 Stordal |
70278265 |
25 |
Øvrebust |
133/1+3 |
Jacob Øvrebust |
Øvrebust |
6250 Stordal |
70278136 |
26 |
Øvrebust |
133/2+13 |
Hans Verwer |
Øvrebust |
6250 Stordal |
|
27 |
Øvrebust |
133/4 |
Vigdis Øvrebust |
Øvrebust |
6250 Stordal |
70278333 |
28 |
Øvrebust |
133/5 |
Tor Midtbust |
Øvrebust |
6250 Stordal |
70278259 |
29 |
Øvrebust |
133/6 |
Jan Ove Øvrebust |
Øvrebust |
6250 Stordal |
70278469 |
Øvrebust |
133/7+10 |
Jens Å. Øvrebust |
Øvrebust |
6250 Stordal |
||
31 |
Øvrebust |
133/8 |
Johan B. Øvrebust |
Øvrebust |
6250 Stordal |
|
32 |
Øvrebust |
133/9 |
Bente og Jon Geir Selboskar |
Øvrebust |
6250 Stordal |
|
33 |
Øvrebust |
133/11 |
Bjørg/John Hjelmset |
Øvrebust |
6250 Stordal |
70278239 |
34 |
Øvrebust |
133/12 |
Jan Erik Vad |
Stordalsvegen 832 |
6250 Stordal |
480 55 924 |
35 |
Holt |
134/1 |
Johan-Arnt Ludvigsen |
Holt |
6250 Stordal |
41216132 |
36 |
Holt |
134/2 |
Gunnar Nevstad |
Gunnar-O.Nevstad@ffi.no |
||
37 |
Holt |
134/3 |
Odd J. Storheim |
Holt |
6250 Stordal |
70278207 |
38 |
Holt |
134/4 |
Holtleite |
6250 Stordal |
90932821 |
|
39 |
Holt |
134/5 |
Aina Øvrebust |
Holtleite |
6250 Stordal |
70278037 |
40 |
Storheim |
135/1 |
Ottar Storheim |
Storheim |
6250 Stordal |
70278042 |
41 |
Storheim |
135/2 |
Pål B. Øvrebust |
Storheim |
6250 Stordal |
|
42 |
Storheim |
135/3 |
Solbjørg Knutsen |
Åsegardsvegen 74 |
6017 Ålesund |
70151972 |
43 |
Storheim |
135/4 |
Sølvi / Odd Søvik |
Storheim |
6250 Stordal |
|
44 |
Moe |
136/1 |
Egil Henden |
Moe |
6250 Stordal |
70278215 |
45 |
Moe |
136/2 |
Tora/Liv N. Moe |
Moe |
6250 Stordal |
70278194 |
46 |
Moe |
136/3 |
Kjell Magne Mo |
Grødalsvegen 34 POST |
6050 Valderøya |
|
47 |
Moe |
136/4 |
Peder Vikenes |
Stavdal |
6250 Stordal |
70278180 |
48 |
Moe |
136/5 |
Torunn og Øyvind Tafjord |
Moe |
6250 Stordal |
41660163 |
49 |
Moe |
136/6 +7 |
Kjell Magne Moe |
Moe |
6250 Stordal |
97532088 |
50 |
Jøsvoll |
137/1 |
LJM I AS |
Bergerveien 22 |
1475 Finstadjordet |
951 20 208 |
51 |
Jøsvoll |
137/2 |
Ola Jøsvoll |
Jøsvoll |
6250 Stordal |
70278030 |
52 |
Jøsvoll |
137/3 |
Harald Jøsvoll |
Jøsvoll |
6250 Stordal |
70278027 |
53 |
Stavdal |
139/1+6 |
Odd H. Midtbust |
Hovslia |
6250 Stordal |
70278014 |
54 |
Stavdal |
139/2 |
Leif Stavdal |
Stavdal |
6250 Stordal |
70278126 |
55 |
Stavdal |
139/2 |
Hilde StøleIkkje eigar |
Kviltungvegen 2A |
6009 Ålesund |
POST |
56 |
Stavdal |
139/3 |
Gunnhild Nygård |
Gunnhild64@me.com |
6250 Stordal |
|
57 |
Stavdal |
139/4 |
Knut B. Støle |
Hove |
6250 Stordal |
91531267 |
58 |
Stavdal |
139/5 |
Peder Vikenes |
Stavdal |
6250 Stordal |
70278180 |
59 |
Stavdal |
139/7 |
Stein Eric Solevåg |
Solavågsvegen145 |
6237 Eidsnes |
94488120 |
60 |
Vad |
149/1 |
Magnar Vad |
Vad |
6250 Stordal |
|
61 |
Vad |
149/2 |
Leif Magne Vad |
Vad |
6250 Stordal |
99004904 |
62 |
Løset |
150/1 |
Sølvi Lill Seljebotn |
Rødsetdalen 9 |
6250 Stordal |
94409163 |
63 |
Løset |
150/2 + 3 |
Per Ivar Skodjereite |
Løset |
6250 Stordal |
95178888 |
64 |
Rødset |
151/1 |
Ole Jacob Rødset |
6250 Stordal |
||
65 |
Rødset |
151/2 |
Liv Marit Holtleite |
6250 Stordal |
||
66 |
Ekre |
153/1 og 8 |
Peder Vikenes |
6250 Stordal |
||
67 |
Ekre |
153/3 |
Leif Rune Vinje |
6250 Stordal |
||
68 |
Ekre |
153/9 |
Jens Åge Øvrebust |
6250 Stordal |
||
69 |
Ekre |
153/10 |
Jan Ove Øvrebust |
|||
70 |
Øye |
154/1 |
Jannice Helland |
|||
71 |
Øye |
154/2 |
Inge Helge Øye |
VEDTEKTER
FOR
STORDAL ELVEEIGARLAG
1. Formål:
Stordal Elveeigarlag har til formål å arbeide for ei næringsmessig og økologisk forvalting av laks- og sjøaurefiske i Stordalselva. Laget skal forhalde seg til forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk og skal ivareta de lovpålagte forvaltningsoppgavene gitt i Laks- og innlandsfiskeloven med tilhørende forskrifter.
2. Arbeidsområde:
Laget sitt arbeidsområde er avgrensa til den laks- og sjøaureførande delen av Stordalsvassdraget i Stordal Kommune. Dette gjeld frå fjorden til Stavdalsfossen. I Røelva fram til Ekrefossen.
3. Medlemmar:
Alle som har fiskerett i den lakseførande
delen av vassdraget er medlemmar i laget og har
røysterett. Kvart medlem har 1-ei røyst per
fiskerett/gards nr. I tillegg kan kvar medlem røyste
med fullmakt for 1-eit medlem for kvart gardsnr han har
fiskerett på. Medlemmar i Stordal elveeigarlag må
fylje dei vedtaka som er tekne av årsmøte i
laget. Det er ikkje mogleg å melde seg ut av laget anna
enn ved sal av fiskeretten. Ved eigedomsoverdraging skal nytt
navn og ny adresse rapporterast til laget. Medlemskap i laget
fyl gards nr. Dei som har ein fiskerett på eit gards
nr. har ei røyst. Den som har fiskerett på
fleire gards nr./ soner, har eit medlemskap og ei
røyst for kvart gards nr.
Grunn-kontigenten skal vere lik for kvart
medlemskap.
Alle medlemmar i laget skal betale gjeldande
medlemskontigent, som er vedteke på
årsmøtet i Stordal Elveeigarlag
4. Ulovlege tilhøve:
Når medlemmar av laget vert kjent med ulovlege
tilhøve i og kring Stordalselva og utløpet, og
ein meiner dette kan skade fisket, fisken eller interessene
til elveeigarane, har ein rett og plikt til å gripe inn
eller melde i frå om det til styret for laget og/eller
off. ansvarleg etat instans.
5. Rekneskap og fullmakt.
Rekneskap og budsjett året skal
følgje kalenderåret. Leiar og nestleiar har
mynde til å gjere avtalar for laget i samsvar med
styre- og årsmøtevedtak.
6. Styre.
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmar og 2 vara
medlemmar . Leiar skal veljast kvart år.
Styremedlemmane skal veljast for 2 år og skiftevis slik
at 2 og 3 styremedlemmar står på val etter tur.
Vara medlemmar skal veljast for 1 år. Ved lutdraging
sår 2 av styremedlemmane på val første
året. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og
sekretær. Styret er vedtaksfør når minst 3
av styremedlemmane/vara medlemmane møter, og desse 3
er samde.
7. Årsmøte:
Årsmøtet skal haldast ein gong pr. år
innan 31. mars. Innkalling til årsmøtet skal
vere utsendt 14 dagar før møtet. Saker som
medlemmane vil ta opp på årsmøtet må
vere styret i hende minst 1-ein månad før
årsmøtedato.
Årsmøtet skal mellom anna:
Vedtak på årsmøtet skal gjerast med vanleg fleirtal. Tillistvalde som har fungert ein eller fleire valperiodar kan seie for seg attval for like lang tid.
8. Ekstraordinert årsmøte:
Ekstraordinert årsmøte kan haldast når
styret finn det ønskjeleg, eller når minst 25 %
av medlemmane krev det. På slike møte kan det
berre gjerast vedtak i saker som er ført opp på
saklista for møte. Den skal leggjast ved innkallinga.
Ekstraordinert årsmøte skal kunngjerast på
same måte som ordinert årsmøte.
9. Endring av vedtekter:
Endring av vedtekter kan berre gjerast av
årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei
frammøtte. Framlegg til endring må gå
klart fram av innkallinga til årsmøte.
10. Oppløysning:
Laget kan ikkje oppløysast før det evt.
blir åpna for dette i Forskrift om pliktig organisering
og drift av vassdrag med anadrome laksefisk.
Berre årsmøte kan i so tilfelle løyse opp
laget. Årsmøtet avgjer kva som skal skje med
eignalutane til laget.
1. Vedtatt på årsmøtet i Stordal
Elveeigarlag 14. april 1998.
2. Nytt pkt. 7 vedteke på årsmøtet 20.
mars 2002.
3. Vedtekt nr 3. endra på årsmøtet 24
April 2014.
4. Endring av vedtekter på omframt årsmøte
08.06.2015
Gjelder punkt 1 – 3 – 5 – 7 – 10.
Endring står med fet skrift
Endringar gjort for at vedtekter skal samsvare med Forskrift
om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome
laksefisk, ikrafttrdelse 25.06.2013
5. Endring av punkt 2 og punkt 3, på
årsmøte den 30.03.2017