Historie

OM STORDAL ELVEEIGARLAG OG STORDALSVASSDRAGET

Stordal Elveeigarlag vart formelt starta 5/7 1964, men lenge før den tid var grunneigarar og andre eldsjeler i aktivitet med kultiveringsarbeid. Desse personane fekk også bygd klekkeri og kummar for stamlaks på Øvrebust. Ifrå 1920 åra vart det årvisst sett ut yngel i elvar og bekkar.

Mange gjorde ein stor innsats for laksestamma i Stordalselva. Den siste utsettinga av yngel var truleg på begynninga av 80 talet. Nesten all utsett fisk var basert på stamfisk frå elva. Fisken vart fanga både i elva og i osen med kastenot. Sidan den gongen har elva vore sjølvrekruterande.

Laget har i dag 61 medlemer. Det er organisert med eit styre på 5 personar som er bundne av vedtekter godkjende av årsmøte. Leiaren og Styret står for den daglege drifta av laget. Laget har som hovudmålsetting å arbeide for ei næringsmessig og god økologisk forvaltning av laks og sjøaurefisket i Stordalselva.

Bruahølen på Øvrebust.

Laget har ikkje noko med sal av fiskekort eller bortleige av fiske å gjere. Dette har vore, og er framleis ei sak mellom den enkelte grunneigar og den som vil leige fiske. Storparten av utleiga skjer på sesongbasis, og same fiskarane tingar gjerne elv for ein ny sesong før dei avsluttar sesongen. Nokre stader kan ein likevel få kjøpe Fiskekort i avgrensa mengder.

I dei fleste sonene kan det fiskast med 2 - 4 stenger samtidig. Det er generelle reglar for kva som kan brukast av reiskap og agn. For nøyaktig info sjå http://www.lovdata.no/for/lf//fv/fv-20030225-0365.html

Elva er i hovudsak nattfreda kvar natt mellom kl.24 og 04 alle dagar i veka. Enkelte soner kan ha andre fredningsrutiner, t.d. helgefreding. Fisketida er frå 20. juni til 31. august.

Parti frå elva på Hove

Stordalsvassdraget

Nedslagsfeltet til Stordalsvassdraget er fjellområda mellom Norddalsfjorden og Romsdalsfjorden. Dette er eit 203 kvadratkm. stort område som strekker seg frå sjøen og opp til 1531 moh. Middelvassføringa er på 12 m/sek. Den laks og sjøaureførande delen av vassdraget, Stordalselva, er om lag 8,5 km lang og går frå sjøen og til Stavåfossen. Ei mindre sidegrein, Rø-elva, er laks og sjøaureførande frå samløpet med Stordalselva og forbi Løset. Samla elvestrekning som er laks og sjøaureførande er om lag 13 km. Det produktive elvearealet er i overkant av 150 000 kvadratmeter inkluder sideelvane.

Pr. i dag er elva delt inn i 13 soner. Desse sonene har stor variasjon både når det gjeld elvelengde og kvalitetar.
Frå sjøen er sonene som fylgjer:

I hovudvassdraget:
Hove - Vinje/Busengdal - Kirkebø - Kvammen/Midtbust - Øvrebust - Holt - Storheim - Mo - Jøsvoll - Stavdal

I Røelva frå samløpet med hovedvassdraget:
Vad - Løset.

Litt gamal og nyare historie:

Det er mykje truleg at elva og laksen hadde mykje å seie allereie då dei første streifa innom Stordal. Ei øks, som vart funne på Hove, fortel om at folk ferdast her for meir enn 5000 år sidan. Dette var fangstfolk som levde av det naturen gav, og det er slett ikkje uttenkjeleg at laks sto på menyen. Seinare, etter at folk vart bufast, vart nok laksen ein del av kosten. Vanlege fangstreiskap var "lyster", oppgangsteiner, laksesløe og hov. Mellom anna på Øvrebust har vi ein stad i elva vi kallar for "Sløbrøte". På Jøsvoll hadde dei laks året rundt. Den vart salta i tynner. Historia seier at tenestefolka sette som vilkår når dei kom på garden at dei skulle ikkje ete laks meir enn to dagar for veka.

Det faktumet at engelske sportsfiskarar fann elva attraktiv på slutten av 1800 talet fortel at her måtte vere bra med fisk. Johan Vinje har laga dette om "lordtida" i elva:

STORDALSELVA:

Johan L. Vinje bygde "Stordal Hotell" i 1891/92, og allereie i 1893 kom dei første engelskmennene for å fiske laks. J.L.Vinje var på bytur, og på Ørskog trefte han Rasmussen, som dreiv hotellet der. Han fortalde om to engelske gjestar som budde der. Dei fiska i Ørskogelva, men det var dårleg fiske. J.L. Vinje fekk tak i karane, og tok dei med seg inn i Stordalselva, der dei fekk mykje fisk. Som betaling for tur og opphald skulle dei skrive om elva, og allereie året etter kom fleire laksefiskarar frå England.

Det var tungvindt med fiskerettane då bøndene eigde elva, og den 27. mars 1895 fekk han kontrakt med bøndene, og leigde heile elva frå sjøen og fram til Stavdalsfossen. Han leigde også jaktrettane i august, september og oktober og fiskerettane i tilhøyrande fjellvatn i 30 år.

Engelskmennene hadde sine eigne namn på fiskehølane frå osen og oppover elva:

River Mauth / Sea Pool - Lower Haus - Haus - Sansom Pool - Ladies - Aare Pool - Island - Mss. Margaretson - Prawle Point - Tongholm - Church Pool - Dannmark - Farmers - Lower Chain - Chain - Upper Chain - New Pool - Green Banks - Trees Pool - Highbank - Stone slip - Harold - Road Pool - Scott Pool - Lars Pool - Sigat Stone - Marghetson - High Bridge - Flems Pool - Rock Pool - Top Bridge - Lower Foss - Foss.

Frå 1921 - 1939 er det ført "Laxe bok" der dato, antal fisk, type fisk, vekt, fiskeplass, agn, fisker og div. anm. er nøye beskrevet.

Frå litt nyare tid:

Laks teken på Øvrebustsona ca 1970. Fisken vog ca 19 kg og vart fiska av Lars Øvrebust. Medhjelpar var Sverre Holtleite.

Den største fisken som er teken i elva vart teken av Ole Øvrebust. Den vog 22,5 kg og vart fiska i juni 1956 i Bytehølen på Øvrebust. Fisken vart seld til Hotell Noreg i Ålesund.


-- Printa ut frå Stordal Elveeigarlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as