Stordal Bedehus

Alpha-kurset er over.

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 24.11.2015

Mange nøgde kursdeltakarar avslutta Alpha-kurset med Alpha-laurdag og middag laurdag den 14. november.

I 9 veker har i underkant av 20 personar frå Ørskog og Stordal møttest til Alpha-kurs. Dette er eit standardkurs om det elementære i kristendomen, og det blir nytta av mange konfesjonar. Meir enn16.000.000 menneske i 163 land har til no fullført Alpha-kurset.
Vårt kurs ambulerte mellom Stordal bedehus ogh Kyrkjetorget på Sjøholt. Stordal Sokn, Stordal bedehus, Sjøholt bedehus, og Ørskog sokn var saman om å arrangere kurset. Kurshaldarar var sokneprest Kari Vatne, diakon Asbjørg Oksavik Sve og kateket Olav Rønneberg. Desse hadde 3 kurskveldar kvar, medan Roger Lillebø hadde ein. Sokneprest Per Inge Vik var kurshaldar på laurdag.
Det var svært lite fråfall på kurset, og dei som tok del, let vel over at dei hadde fått stort utbytte både gjennom undervisningstimane og samtalane etterpå. Det er planar om å halde fram med samtalegrupper som ei forlenging av kurset.

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?