Stordal Bedehus

Bedehusbasaren

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 03.12.2012

Mykje folk på ein vellukka basar gjorde at det vart ei svært godt resultat.

Laurdag den 09. november var det bedehusbasar.Då klokka var 15.00, og basaren skulle ta til, var det fullt hus. Med oss som andaktshaldar hadde vi i år Helge Aakernes. Haan er søndagsskulekonsulent, og kom rett frå basar i Hatlane kyrkjelyd. Han tok oss med til Betesda, der den lame mannen låg og venta på lækjedom, men vart alltid for sein når vatnet tid om anna vart rørt opp av ein engel. Betesda var staden for jubel for alle dei som nådde fram først, men denne mannen nådde aldri fram. Han er flink til å bruke borna i framstillinga si, og hadde med seg både ein båre og ein Betesda-dam.
Barnekoret var med og song, og som alltid gjorde dei ein god figur. Det same gjorde Aletheia og Charis. I lag har desse gruppene laga ein jule-CD som vil kome i sal før jul.
Det vart selt mykje lodd - nesten 5 skrivne basarbøker - og fem omgangar med årar. Det gav ein netto for basaren på over 40.000,- kroner. Mange takk til loddkjøparar og til alle som gav fine vinstar til basaren. Ein kan ikkje anna enn beundre privatpersonar og verksemder som år etter år stiller med vinstar til basaren! Etter om lag tre timar, og mest heile tida med fullsett sal, enda basaren, og mange fine ting hadde bytt eigar.

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?