Stordal Bedehus

Ein ny haust står for døra!

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 21.06.2012

Eit arbeidsår ligg igjen bak oss. Korleis var det?

Arbeidsåret 2011-2012 ligg bak oss, og vi går inn i første bolken i eit nytt arbeidsår, også på Bedehuset.
Året som gjekk leigde vi ut fleire rom til Stordal skule, som held på med nybygg. Matsal, kjøkken og småsal har vore klasserom, og vi må seie at det har gått temmeleg knirkefritt. Elevane har fare fint med hus og utstyr, og fortener ros for det. Noko har likevel hendt i form av uhell. Men det skal bli reparert. På grunn av dette har Stordal bedehus hatt eit år med gode faste inntekter, og det kjem godt med.
Også året som gjekk har bedehuset vore brukt til ymse selskap.
Ved ein kontroll av det elektriske anlegget vart det funne feil, og den vart spora tilbake til komfyren. Den vart utkopla, og det har skapt problem for enkelte som har brukt huset. Difor har Bedehusstyret vedteke å kjøpe ny komfyr i staden for å reparere den gamle. Dei som heretter skal leige huset til åremålsdagar eller andre selskap vil for framtida sleppe å kave med ein defekt komfyr.
Skuledrift har ikkje vore i vegen for eiga drift, og det er vi takksame for. Møte og festar har gått som normalt. Drifta av dei ulike gruppene i barnekoret har også gått flott. Vi skuldar å takke både leiarar som står på veke etter veke, og set av ein kveld for veka til dette, og foreldre som flittig møter opp med borna sine, og også tek i eit tak når det trengst. Det same gjeld andre ting som går veke etter veke: Tonika, misjonsforeining, bønemøte og anna. Kva vert det av det viss vi ikkje legg vekk hammaren og vaskekluten når det er samling på bedehuset? Vi har ei oppgåve, ikkje berre for eigen del, men i høg grad for dei adre også.

Oppbygg kvarandre på dykkar høgheilage tru! Det er kallet vi har, og vi ønskjer også andre og fleire med oss. Vi startar difor med samlingsfest den 16. september, og utetter hausten vil vi få ein bibeltimeserie med misjonær Per Helge Myren, i tillegg til andre oppbyggelege samvær. Du er også velkomen. Bedehuset er eit hus som er ope for alle.

Les heimesida vår, og få oppdatering på det som skjer ved å lese kalenderen Kva skjer?

Velkomen på Bedehuset!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?