Stordal Bedehus

Godt nyttår 2012!

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 02.01.2012

Året 2012 har teke til.

Det gamle året enda på ein noko dramatisk måte. Vi fekk orkan med store øydeleggingar den dagen vi feirar for Fredsfyrsten si kome til jorda. Men midt i all øydelegginga i Stordal så slapp Stordal Bedehus unna på best mogleg måte. Det er ikkje noko øydeleggingar å sjå på hus eller eigedom, og det må vi vere takksame for. Det einaste var at stormen reiste litt lenger fram i bygda med søppeldunken vår - Jarle Tafjord var av garde og sanka han inn att. Vi tenkjer på dei som fekk mykje av sitt øydelagt i den harde vinden!
No ligg eit nytt år framfor oss, eit nytt nådeår frå Herren. Vi har no lagt ut programmet for januar månad. Ein ny andakt er også på plass på sida vår. Då er det å fylle programmet med innhald. Det må du også vere med på. Det er plass til deg på dei samlingane vi har på Bedehuset. Du er hjarteleg velkomen!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?