Stordal Bedehus

Bibeltime-serie på Stordal Bedehus

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 23.09.2010

Også i år blir det skipa til ein serie med bibeltimar på Bedehuset

Den 23. september startar bibeltimerekkja på Bedehuset med Per Helge Myren som førstemann ut. Han har vore misjonær i Etiopia, men arbeider no som dagleg leiar for barnehagane i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han skal tale over temaet Åndskampen , og bibeltimen tek til kl. 19.30.
Dei andre som skal ha bibeltimar er Karl Arne Austnes og Svein Harald Nyvoll frå Indremisjonen, og sokneprest Nils Beite. I januar kjem så Per Helge Myren att og har 2 timar med temaet "Ta på Guds fulle rustning". Det blir den 6. og den 20. januar.
Velkomen på bibeltimar!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?