Stordal Bedehus

Bedehusbasaren 2011

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 24.11.2011

Mykje folk samal seg på Stordal bedehus lausdag den 19. november for å vere med på basaren.

Det var spennande å be inn til basar på ein laurdag, men all frykt for fiasko vart gjort til skammar. Då klokka var 3, var salen fyllt, og mange var der heilt til kl. 18.45, då siste gevinsten fann sin nye eigar.
Helge Åkernes heldt andakt, og fortalde om Peter som fekk gå på vatnet. Mange born fekk prøve å gå på eit blått "pressennings-vatn" utan å bli våte på føtene.
Vi vil takke alle som syner stor velvilje med både å gi gevinstar, og kjøpe lodd. Det vart selt lodd for mellom 30 og 40.000,- kroner. Mange takk!

Gevinstane til hovudlotteriet.

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?