Stordal Bedehus

New article Bedehusbasaren 2011.

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 08.11.2011

Bedehusbasaren nærmar seg. Han blir avvikla laurdag den 19. november.

I år blir altså basaren avvikla på laurdag den 19. november kl. 15.00. Dette er fordi skulen leiger lokala våre medan det blir bygt ny skule i bygda. Tidlegare har basaren alltid vore på fredag, men ikkje slik i år.

Vi får besøk av søndagsskulekonsulent i Sunnmøre søndagsskulekrins, Helge Åkernes. Han vil halde andakt for oss. I tillegg vil Stordal Barnekor og songgruppa Charis synge for oss. Det gler vi oss til.

Basaren startar tidleg på ettermiddagen, klokka 15.00. Då tek vi til med åresal og sal av mat og kaffi.

Vi har som åra før fått mange fine vinstar, både frå bedrifter og frå privatpersonar, noko vi er svært glade for.

Så er du velkomen på basar laurdag den 19. november kl. 15.00!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?