Stordal Bedehus

Alpha-kurs i Stordal og Ørskog

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 09.06.2015

Det blir i haust skipa til Alpha-kurs. Sist slikt kurs vart halde i Stordal, var i 2007.

I haust blir det skipa til Alpha-kurs som eit samarbeid mellom kyrkja, Stordal bedehus og Ørskog bedehus. Det er staben på kyrkjekontoret som har sagt ja til å ta på seg undervisninga på dette kurset - sokneprest Kari Vatne, kateket Olav Rønneberg og diakon Asbjørg Oksavik Sve. Kurset tek til på Ørskog torsdag den 10. september, og vil veksle mellom Ørskog og Stordal annakvar veke fram til torsdag 12. november med kurskveld på Stordal bedehus. Den 14. november er det planen å ha ein temadag på kyrkjetorget i Ørskog. Det blir ordna med skyss frå Stordal til Ørskog dei kveøldane det et kurskveld der. Alpha-kurs er eit felleskyrkjeleg opplegg som går nærare inn på dei grunnleggande sanningane i kristendomen. Det startar med eit felles kveldsmåltid, så ein undervisni8ngstime over eit tema, og så ein kort pause før ein deler segg i grupper og samtalar over kveldens tema. Kurset blir nærare kunngjort seinare. Du blir vel med?

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?