Stordal Bedehus

Årsmøte for Stordal bedehus

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 30.03.2011

Det vart halde årsmøte for Stordal bedehus søndag den 20 . mars 2011 kl. 18.00.

Etter andakt av Olaus Overøye vart årsmelding og rekneskap lagt fram, og begge deler vart godkjende. Ole Aasen, Berit Vik og Roger Lillebø stod på val, og av dei stilte Berit Vik og Roger Lillebø til val. Ole Aasen sa frå seg attval som styremedlem, og Anna Stemland stilte i hans stad. Valet fell dette utfallet:
Styremedlemmer: Anna Stemland, Berit Vik og Roger Lillebø.
Varamedlemmer: Ole Aasen og Olaus Overøye.
Revisor: Ottar Røren
Valnemnd: Ragnhild Fauske og Gunvor Tafjord
Elles var det matykt og samtale om arbeidet.

Konstituerande styremøte den 29. mars gav dette utfallet:
Formann: Roger Lillebø
Nestformann: Aud Tafjord
Kasserar: Jarle Tafjord
Sekretær: Berit Vik
Styremedlem: Anna Stemland

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?