Stordal Bedehus

Årsmøte for Stordal bedehus.

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 20.02.2012

Bra frammøte på årsmøtet, men det hadde gjort seg om endå fleire møtte opp...

Årsmøtet tok til søndag 19. februar kl. 17.00. Det vart opna med at formannen i bedehusstyret, Roger Lillebø, las ein andakt av Egil Sindre Eide, der temaet var å ha heime i Guds kyrkje.

Etter andakten vart årsmøtesakene behandla. Årsmeldinga vart lesen opp og godkjend. Ho viser ein god god og jamn aktivitet. Dette arbeidsåret blir bedehuset leigt ut til skulen, og det syner seg også på økonomien.

Rekneskapen vart også lagt fram og godkjend. Den viser ein solid økonomi for bedehuset. Nærare 120.000,- kroner står på bok.

Så var det val. Jarle Tafjord og Aud Tafjord stod på val. Jarle sa frå seg etter mange år i styret. Han skal ha stor takk for alt han har gjort denne tida i bedehusstyret. Han ha mest fungert som ein ulønt vaktmeister. I staden for Jarle stilte Ottar Røren til val . Utfallet av valet vart då at Aud Tafjord og Ottar Røren vart valde inn i bedehusstyret, medan Olaus Overøye og Ole Aasen vart varamenn til styret. Søm ny revisor etter Ottar Røren, som har gjort denne jobben i mange år, vart Jarle Tafjord vald. Valnemnde har i fleire år vore Ragnhild Fauske og Gunvor Tafjord. Dei vart attvalden. Det kan ofte vere vanskeleg å finne kandidatar som vil seie seg villege til slike verv, men til no har det lukkast, sjølv om det er mange "Tordenskjoøds soldatar" også i denne organisasjonen.

Under samtale om arbeidet kom det fram at mange tykkjer det er fint at vi for nokre år sidan skifte forsikringsselskap, noko som gjer at vi betaler om lag berre halvparten av det andre forsikringsselskap ville ta for å fullverdiforsikre anlegget vårt. KNIF - Kristen-Norges InnkjøpsFellesskap - er rimeleg å ha med å gjere.

Etter at årsmøtesakene var ferdig handsama, var det kaffi og vidare samtale rundt bordet.

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?