Det er 175 år sidan vår store, nynorske salmediktar Elias Blix vart fødd.
I samband med Blix-jubileet vil Tonika skipe til ei samkome i
kyrkja der ein på ulike måter vil minnast denne
store salmediktaren. Det er sagt om Elias Blix, som aldri sat
i eit soknekall, at han nådde langt vidare med sine
salmar enn nokon prest i ordinær teneste har nått
med preikene sine. Og vi syng framleis songar og salmar av
Elias Blix.
Denne samlinga blir den 23. oktober kl. 16.00. Då vil
Tonika syngje, og prost Svein Runde vil fortelje om Elias
Blix. Det vil også bli vist bilde frå
Gildeskål, der han vart fødd den 24. februar
1836. I tillegg vert det fellessong.
Denne ettermiddagen må du setje av til samling
i kyrkja!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--