Stordalskvartetten er i funksjon, og tek del med song der det høver slik.
Så er vi inne i ein ny haustbolk, og Stordalskvartetten
med sine fem medlemmer har allereie vore med på si
første tilstelling denne hausten. Det siste vi gjorde
forrige sesong, var å ha ein kort song- og musikkandakt
på Stordalstunet. Det var ei triveleg stund for oss i
kvartetten, og eg trur også for fleire av dei8 som
høyrde på oss.
Sis søndag, den 18. september, var vi med og song
på Samlingsfesten på Stordal bedehus. Det var bra
med folk, og songkrefter i mange aldersgrupper: Barnekoret,
Tonika, Charis og Stordalskvartetten.
Den 30. september skal vi til Sykkylven og synge på
Sykkylven bedehus, der misjonær Per Helge Myren har
bibeltimar i veke 39. Vi gler oss!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--