Bra med folk møtte opp på samlingsfesten.
Etter ein travel kyrkjesøndag med gudsteneste,
konfirmantpresentasjon, kyrkjekaffi og soknemøte, var
det samlingsfest på Stordal bedehus. Misjonær Per
Helge Myren var med og talte til oss, og fortalde om den
blinde Bartimeus og Sakkeus som fekk møte Jesus siste
gongen han for forbi på deira trakter. Den siste
sjansen til å møte Jesus vart tekn godt vare
på av båe desse. Men ein gong kan vere den siste
han går forbi meg og deg også.
Barnekoret og Aletheia song. Det same gjorde Tonika. Etter
programmet var det kaker og saft eller kaffi.
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--