Samlingsfesten den 18. september

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 20.09.2011

Det var mange samla på festen på bedehuset den 18. september, men det hadde nok vore plass til endå fleire.

Då festen starta klokka 17.00, var det kome ein heil del folk: Stordal barnekor, Charis, Tonika, Stordalskvartetten, og mykje folk elles. Det var kjekt å sjå!
Programmet baud på mykje song, kanskje både nok og for mykje vil nok enkelte seie. Men vi fekk presentere det meste av arbeidet som blir drive kvar einaste veke på Stordal bedehus. Det vart også vist bilete og fortalt om Rut frå Moab som vart med svigermor si attende til Kana'an og vart verande hos henne. Ved denne oppofrande tenesta for svigermora fekk ho ein ny mann etter å ha gått enke i fleire år, og ho vart stammor ti Davids-ætta, der Jesus også kom til verda for godt og vel 2000 år sidan.
På festen var det også mat og kaffi, og mange naut søndagskaffien etter aat sjø,ve programmet var slutt. Det kom også inn ei fin gåve til Bedehuset under festen. Over 2500 kroner skifte eigar og vart bedehuset sine. Mange takk til alle glade gjevarar!


-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as