Mykje folk samal seg på Stordal bedehus lausdag den 19. november for å vere med på basaren.
Det var spennande å be inn til basar på ein
laurdag, men all frykt for fiasko vart gjort til skammar.
Då klokka var 3, var salen fyllt, og mange var der
heilt til kl. 18.45, då siste gevinsten fann sin nye
eigar.
Helge Åkernes heldt andakt, og fortalde om Peter som
fekk gå på vatnet. Mange born fekk prøve
å gå på eit blått "pressennings-vatn"
utan å bli våte på føtene.
Vi vil takke alle som syner stor velvilje med både
å gi gevinstar, og kjøpe lodd. Det vart selt
lodd for mellom 30 og 40.000,- kroner. Mange takk!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--