Les om aktiviteten i Charis og i Stordal barnekor
Den siste tida har det vore stor aktivitet i barnekoret. Det
har vore øvt på påskespelet
"Har du hørt det?" , og i
tillegg mange aktivitetar:
Charis har hatt øvingsdagar på hytta til
Ragnhild, og laurdag 2. april var dei i Engesetdalen og song
på ein misjonsfest. Søndag den 3. april var dei
på Årset bedehus på Ellingsøya og
song på ein søndagskafé saman med Stordal
barnekor og eit barnekor på Ellingsøya. Fullt
hus og mykje god song!
Søndag den 10. april kl. 18.00 har du høve til
å høyre både Charis og Stordal barnekor i
kyrkja, då dei arrangerer Musikalsk
påskevandring. Der blir det høve til å gi
ei gåve til misjonsprosjektet åt barnekoret.
DU ER HJARTELEG VELKOMEN!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--