Mange nøgde kursdeltakarar avslutta Alpha-kurset med Alpha-laurdag og middag laurdag den 14. november.
I 9 veker har i underkant av 20 personar frå
Ørskog og Stordal møttest til Alpha-kurs. Dette
er eit standardkurs om det elementære i kristendomen,
og det blir nytta av mange konfesjonar. Meir enn16.000.000
menneske i 163 land har til no fullført
Alpha-kurset.
Vårt kurs ambulerte mellom Stordal bedehus ogh
Kyrkjetorget på Sjøholt. Stordal Sokn, Stordal
bedehus, Sjøholt bedehus, og Ørskog sokn var
saman om å arrangere kurset. Kurshaldarar var
sokneprest Kari Vatne, diakon Asbjørg Oksavik Sve og
kateket Olav Rønneberg. Desse hadde 3 kurskveldar
kvar, medan Roger Lillebø hadde ein. Sokneprest Per
Inge Vik var kurshaldar på laurdag.
Det var svært lite fråfall på kurset, og
dei som tok del, let vel over at dei hadde fått stort
utbytte både gjennom undervisningstimane og samtalane
etterpå. Det er planar om å halde fram med
samtalegrupper som ei forlenging av kurset.
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--