Korsongen på Bedehuset er i gang att.
Onsdag 17. september starta Tonika med øvingane sine
att. Vi er ikkje så mange, men tek til att med friskt
mot, og vonar at nokon vil finne det verdt å ta til og
synge saman med oss. Øvingstida er som ho alltid har
vore - onsdagar frå klokka 19.30 til klokka 21.30. Vi
ønskjer nye songarar hjarteleg velkomne.Solgunn
Seljehaug har laga ein flott plakat om dette, som du
bør sjå og lese grundig.
Onsdagen gfør hadde vi ei festleg samkome med middag
på Nilsgardstunet, der vi markerte at to
Tonika-medlemer - Ole Aasen og Svein Tafjord - har passert
milepælen 80 år. Gratulerer så mykje!
No ventar vi på deg på øving i Tonika, der
du får vere saman med ein frisk gjeng til song og godt
humør.
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--