Også i år blir det skipa til ein serie med bibeltimar på Bedehuset
Den 23. september startar bibeltimerekkja på Bedehuset
med Per Helge Myren som førstemann ut. Han har vore
misjonær i Etiopia, men arbeider no som dagleg leiar
for barnehagane i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han skal
tale over temaet Åndskampen , og bibeltimen
tek til kl. 19.30.
Dei andre som skal ha bibeltimar er Karl Arne Austnes og
Svein Harald Nyvoll frå Indremisjonen, og sokneprest
Nils Beite. I januar kjem så Per Helge Myren att og har
2 timar med temaet "Ta på Guds fulle rustning". Det
blir den 6. og den 20. januar.
Velkomen på bibeltimar!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--