Andakten

Nokre andakter. Henta frå andaktsboka "Trygg i dag" av Asbjørn Kvalbein. Omsett til nynorsk av Roger Lllebø

Første dag:
Anne Franks visdom.

Den jødiske jenta Anne Frank budde i Holland under siste verdskrigen. Venlege menneske gøymde henne unna så ho ikkje skulle bli teken. Ho hamna likevel i ein av Hitler sine dødsleirar, og omkom berre nokre veker før frigjeringa i 1945.
Anne Frank skreiv i dagboka si den 23. februar 1944: "Den beste kuren for dei som er redde, einsame eller ulukkelege, er å gå utandørs, eller ein annan stad der dei kan få stillheit, og vere åleine med himmelen, naturen og Gud. For berre då føler ein at alt er som det skal vere."
David gav uttrykk for ein liknande tryggleik då han skreiv i Salme 62: "Einast i von til Gud er mi sjel still... Ver still for Gud, mi sjel! Frå han kjem mi von." (Sal. 62,2 og 6)

Andre dag:
Vandre verdig

Då dronning Elisabeth var ung prinsesse, sa ho: "Fordi eg er ei prinsesse, vil eg gjere det eg likar å gjere!" Bestefaren hennar, Georg den femte, sa: "Å nei, vesle frøken, det er nettopp fordi du er ei prinsesse, at du aldri kan bli i stand til å gjere alt du vil like å gjere!"
Når vi har fått del i eit stort kall og ei viktig oppgåve i livet, har vi fridom, men også ansvar. Ein kristen er kalla til å vere Guds tempel, Herrens ambassadør, Jesu representant her i verda. Eit privilegium - og ei oppgåve!
Apostelen Paulus skreiv til dei kristne i Efesus:Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått." (Ef. 4,1)

Tredje dag:
Edderkopp med meining

"Det finst ikkje ein edderkopp på slottsveggen som ikkje har eit ærend. Det finst ikkje ein løvetann i hjørnet av kyrkjegarden som ikkje har ei meining. Det er ikkje eit einaste insekt som svevar i brisen som ikkje har ein guddommeleg ordre å utføre. Difor trur eg at Gu ikkje har skapt eit einaste menneske... til å vere eit null og ingen ting. Han skapte deg med ei hensikt. Finn ut kva målet er, finn din nisje, og fyll den! Dersom det er aldri så lite, om det så er berre å vere ein vassberar og vedhentar, gjer noko i det store slaget for Gud og sanninga," skreiv Charles Spurgeon.
Dette er som ei konkret anvending av Bibelens ord: For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei." (Ef. 2,10)

Fjerde dag:
Kjærleik utan frykt

Ein gut skreiv i eit brev til Gud: "Kanskje Kain og Abel ikkje ville ha drepe så kvarandre så mykje dersom dei hadde hatt kvar sitt rom.Dette har verka godt for broren men og meg." Det kan vere tøffe tilhøve mellom søsken. Men trass i alt er vi grunnleggande glade i kvarandre innan familien.
Den som høyrer heime i Guds store familie, kan eige ein endå større, grunnleggande tryggleik: Gud er god! Eg kan legge bort all frykt når eg har vorte kjend med Herrens kjærleik. Den er så sterk at han kunne gi sin eigen son for meg. Som det står i ein song: "Og han kjærlighet, det vet jeg, brenner alltid like varm. Glad jeg vandrer ved hans side, vernet av hans sterke arm."
Apostelen Johannes skreiv: "Det finst ikkje otte i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv otten ut." (!. Joh. 4,18)

Femte dag:
Steinelskaren

Ein kar som var interessert i steinar, kika rundt i ein steinbutikk i Arizona i USA. Han la merke til ei blåfiolett, grov sak som kunne sjå ut som ein liten potet. - Kan eg får den for 15 dollar? spurde han så roleg han kunne. Butikkmannen syntest ikkje steinen var så vakker, så dermed senka han prisen til 10 dollar. Men oppkjøparen hadde greie på edelsteinar. Han fekk den vurdert til 1900 karat naturleg stjernesafir., og han vart taksert til 2.000.000 dollar! Det trengdest ein steinelskasr til å sjå kva steinen var verdt.
Det trengst ein menneskeelskar for å vite kva eit menneske er verdt. Du kan sjå heilt vanleg ut. Gud, som har skapt deg, veit kva du er verdt! Du er utvald, du er utrusta med gåver, du er spesiell. Gud driv ikkje med kloning.
Bibelen seier om mennesket som Gud skapte: Du gjorde han lite ringare enn Gud, med ære og herlegdom krona du han." (Sal. 8,6)

Sjette dag:
Han fyller jorda

Ein gut vart spurd: "Kor mange gudar finst det?" "Ein," svarte guten. "Korleis kan du vite det?" "Fordi det er berre plass til ein, for han fyller himmelen og jorda," svarte guten.
Eit barn kan i mangel på modning seie noko som er sant, sjølv om det ikkje skjønar alt. Men guten har jo rett: Det er berre plass til ein Gud, og han fyller himmelen og jorda.
Om du ikkje merkar Gud så godt alltid, og du kan synast han kan verke fjern, så kan du tru på dei mange orda som seier av vi trygt kan søkje han. Han kan vi be om frelse og hjelp og støtte gjennom livet.
Bibelen seier: "For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg, om ikkje vår Gud?" (Sal. 18,32)

Sjuande dag:
Den kan umogleg skje

Ein dag eg spekulerte på framtida, vart eg uroleg og engsteleg. Når ein til dømes tenkje på hatet mellom einskilde folkegrupper, og dei mange og plutselege ulukkene som hender, kan ein kome i tvil om Gud verkeleg har kontrollen.
Då fann eg eit godt vers i Gamle Landstads salmebok:

La verdens grunnvoll glippe
og jorden lukt forgå,
min nåde er den klippe
som evig skal bestå.
Hvi frykter du den skade
du aldri fikk å se?
Jeg vil deg ei forlate,
det kan umulig skje!

Nei, det kan umulig skje at Gud vil forlate eit av borna sine. Du kan vere trygg i dag. Profeten Jesaja seier på vegne av Gud: "Ved rettferd skal du vere grunnlagd.Ver trygg for trengsle - du har ingen ting å ottast, og for redsler - ho skal ikkje nå deg." (Jes. 54,14)


-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as