Som dei siste åra arrangerer Stordal Barnekor også i år musikalsk påskevandring i kyrkja.
Den 10. april skjer det igjen. Barnekoret med leiarane sine
skipar til musikalsk påskevandring. Det skjer på
kveldstid - klokka 18.00. Barnekoret har med seg Charis, som
sist helg var og song både på Engesetdal bedehus
og på Årset bedehus på Ellingsøya.
På siste plassen var også heile barnekoret med. I
tillegg vil også Tonika og Stordalskvartetten ta del
med song.
Set av tida til ein kveld i kyrkja, der påskebodskapen
får vise oss kva verdi kvar einskild av oss har!
Sjå elles omtale på kultursida på Stordal
kommune si heimeside!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--