Eit arbeidsår ligg igjen bak oss. Korleis var det?
Arbeidsåret 2011-2012 ligg bak oss, og vi går inn
i første bolken i eit nytt arbeidsår, også
på Bedehuset.
Året som gjekk leigde vi ut fleire rom til Stordal
skule, som held på med nybygg. Matsal, kjøkken
og småsal har vore klasserom, og vi må seie at
det har gått temmeleg knirkefritt. Elevane har fare
fint med hus og utstyr, og fortener ros for det. Noko har
likevel hendt i form av uhell. Men det skal bli reparert.
På grunn av dette har Stordal bedehus hatt eit år
med gode faste inntekter, og det kjem godt med.
Også året som gjekk har bedehuset vore brukt til
ymse selskap.
Ved ein kontroll av det elektriske anlegget vart det funne
feil, og den vart spora tilbake til komfyren. Den vart
utkopla, og det har skapt problem for enkelte som har brukt
huset. Difor har Bedehusstyret vedteke å kjøpe
ny komfyr i staden for å reparere den gamle. Dei som
heretter skal leige huset til åremålsdagar eller
andre selskap vil for framtida sleppe å kave med ein
defekt komfyr.
Skuledrift har ikkje vore i vegen for eiga drift, og det er
vi takksame for. Møte og festar har gått som
normalt. Drifta av dei ulike gruppene i barnekoret har
også gått flott. Vi skuldar å takke
både leiarar som står på veke etter veke,
og set av ein kveld for veka til dette, og foreldre som
flittig møter opp med borna sine, og også tek i
eit tak når det trengst. Det same gjeld andre ting som
går veke etter veke: Tonika, misjonsforeining,
bønemøte og anna. Kva vert det av det viss vi
ikkje legg vekk hammaren og vaskekluten når det er
samling på bedehuset? Vi har ei oppgåve, ikkje
berre for eigen del, men i høg grad for dei adre
også.
Oppbygg kvarandre på dykkar høgheilage tru! Det er kallet vi har, og vi ønskjer også andre og fleire med oss. Vi startar difor med samlingsfest den 16. september, og utetter hausten vil vi få ein bibeltimeserie med misjonær Per Helge Myren, i tillegg til andre oppbyggelege samvær. Du er også velkomen. Bedehuset er eit hus som er ope for alle.
Les heimesida vår, og få oppdatering på det som skjer ved å lese kalenderen Kva skjer?
Velkomen på Bedehuset!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--