Året 2012 har teke til.
Det gamle året enda på ein noko dramatisk
måte. Vi fekk orkan med store øydeleggingar den
dagen vi feirar for Fredsfyrsten si kome til jorda. Men midt
i all øydelegginga i Stordal så slapp Stordal
Bedehus unna på best mogleg måte. Det er ikkje
noko øydeleggingar å sjå på hus
eller eigedom, og det må vi vere takksame for. Det
einaste var at stormen reiste litt lenger fram i bygda med
søppeldunken vår - Jarle Tafjord var av garde og
sanka han inn att. Vi tenkjer på dei som fekk mykje av
sitt øydelagt i den harde vinden!
No ligg eit nytt år framfor oss, eit nytt
nådeår frå Herren. Vi har no lagt ut
programmet for januar månad. Ein ny andakt er
også på plass på sida vår. Då
er det å fylle programmet med innhald. Det må du
også vere med på. Det er plass til deg på
dei samlingane vi har på Bedehuset. Du er hjarteleg
velkomen!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--