Mykje folk på ein vellukka basar gjorde at det vart ei svært godt resultat.
Laurdag den 09. november var det bedehusbasar.Då klokka
var 15.00, og basaren skulle ta til, var det fullt hus. Med
oss som andaktshaldar hadde vi i år Helge Aakernes.
Haan er søndagsskulekonsulent, og kom rett frå
basar i Hatlane kyrkjelyd. Han tok oss med til Betesda, der
den lame mannen låg og venta på lækjedom,
men vart alltid for sein når vatnet tid om anna vart
rørt opp av ein engel. Betesda var staden for jubel
for alle dei som nådde fram først, men denne
mannen nådde aldri fram. Han er flink til å bruke
borna i framstillinga si, og hadde med seg både ein
båre og ein Betesda-dam.
Barnekoret var med og song, og som alltid gjorde dei ein god
figur. Det same gjorde Aletheia og Charis. I lag har desse
gruppene laga ein jule-CD som vil kome i sal før
jul.
Det vart selt mykje lodd - nesten 5 skrivne basarbøker
- og fem omgangar med årar. Det gav ein netto for
basaren på over 40.000,- kroner. Mange takk til
loddkjøparar og til alle som gav fine vinstar til
basaren. Ein kan ikkje anna enn beundre privatpersonar og
verksemder som år etter år stiller med vinstar
til basaren! Etter om lag tre timar, og mest heile tida med
fullsett sal, enda basaren, og mange fine ting hadde bytt
eigar.
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--