Stor jubileumskonsert!

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 14.11.2012

Søndag den 11. november var det 25 års jubileumskonsert for Tonika

I 25 år har Gunvor Tafjord svinga taktstokken over Tonika. Koret vart skipa i år 1987, og allereide den 30. august det året stod koret fram og song på gudsteneste. Det var ei felles gudsteneste for Ørskog, Skodje og Stordal på Sportskapellet på Vaksvikfjellet. Songane Tonika først song var Å, hvor salig å få vandre, Å, kor djup er Herrens nåde, og Salighetens grunn.Etter dette har det vorte mykje både øving og framføringar.I snitt har det vore vel 30 øvingar i året,og i året 2007, då Stordal kyrkje fylte 100 år og Tonika 20 år,var det så mykje som 37 øvingar. Det vil seie at berre15 veker var øvingsfri.Når det gjeld opptreden har Tonika også vore svært aktiv. Vi meg andre kor, og for den saks skuld også korps, som i snitt har delteke på meir enn 20 tilstellingar i året.Organist Jostein Maude, som ei tid var organist i Stordal, opna konserten med Preludium og fuge i G-dur frå 8 små preludier av orgelmeisteren Johan Sebastian Bach.På konserten deltok også Stordal Hornmusikklag og Skodje kyrkjekor. Det vart ein fin konsert med ei nesten fullsett kyrkje, der Tonika fekk vise noko av sitt gamle repertoar. Skodje kyrkjekor hadde ei særavdeling til liks med Stordal Hornmusikklag, før det var to fellesnummer for dei to kora og korpset, Fangekoret av Guiseppe Verdi, og Norsk fedrelandssong av Oscar Borg.Før konserten var det festmiddag på Bedehuset for Tonika og innbedne gjester, der Karin Holt bar fram ei helsing der ho stansa ved særpreget til Tonika.


-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as