Stordalskvartetten i gang.

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 20.09.2011

Stordalskvartetten er i funksjon, og tek del med song der det høver slik.

Så er vi inne i ein ny haustbolk, og Stordalskvartetten med sine fem medlemmer har allereie vore med på si første tilstelling denne hausten. Det siste vi gjorde forrige sesong, var å ha ein kort song- og musikkandakt på Stordalstunet. Det var ei triveleg stund for oss i kvartetten, og eg trur også for fleire av dei8 som høyrde på oss.
Sis søndag, den 18. september, var vi med og song på Samlingsfesten på Stordal bedehus. Det var bra med folk, og songkrefter i mange aldersgrupper: Barnekoret, Tonika, Charis og Stordalskvartetten.
Den 30. september skal vi til Sykkylven og synge på Sykkylven bedehus, der misjonær Per Helge Myren har bibeltimar i veke 39. Vi gler oss!


-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2018 eZ systems as