Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Fantehammaren


Innlagt den 06.02.2008

Historier om Fantehammaren, ein skummel stad der fantepakk gjerne heldt til i eldre tid.

På vestsida av Kleivavatnet mellom Tresfjordkleiva og framanfor elvaløpet av vatnet på Stordalssida ligg FANTEHAMMAREN. Her går fjellet heilt ned i vatnet slik at det berre er ein smal passasje mellom berget og sjølve Kleiva-vatnet. Det er også djupt vatn rett utanfor. Her ligg Fantehammaren og her låg fanten i gamle dagar på lur for å skuve folk på vatnet og rane dei. Dette var ein skummel stad der fantepakk gjerne heldt til i eldre tid.

Terrenget er slik ved Fantehammaren at fantane som heldt til her kunne ligge i løynd i ei lita hole bak ei klippevegg. Dei var derfor usynlege for folk som skulle ta seg fram på den smale plassen mellom berget og vatnet. Folk som gjekk her forbi hadde nok med å kome seg rundt hammaren og var såleis ganske vergelause for åtak. Stien her mellom Langsætrane og Tresfjord var nok ganske sikkert mykje brukt i eldre tider. Bønder tok denne vegen når dei ikkje førde med seg dyr eller skulle til og frå Syltemarknaden i Tresfjord. Hadde dei hestar eller andre husdyr med seg, måtte dei gå vegen om Jolbotn. Frå høgda på nordsida av vatnet går stien særs bratt ned til Øvstedal i Tresfjord og derifrå var det flatt og fint lende ned til fjorden i Tresfjord. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at denne skumle staden ber namnet sitt med rette. Eit eller anna har nok bidratt til dette namnet. Det var mogeleg å unngå dette faremomentet ved å fare opp gjennom Jolbotn og derifrå opp til høgda som fører ned den bratte lia til Øvstedal. Denne vegen er nok litt lengre enn den vanlege råsa fram gjennom Kleivabotn på vestsida av Storlihornet, men lendet er flatt og fint og utan nokon hindring. I alle fall så slapp ein å ferdast på den vanskelege og utrygge strekningen forbi Fantehammaren.

FANTEHAMMAREN – HALVARSHAMMAREN
Skrive av Peder J. Hove, 30.9.2000

Ved Kleivavtanet, i råsa som går til Kleiva og Tresfjorden, ligg Fantehammaren. I gamal tid var det tradisjon å reise over Kleiva til Syltemartnan med både dyr og andre ting for salg og kjøp.

Ved den staden der Fantehammaren er, er det berre ei smal rås like i vasskanten og ganske brådjupt. Der var det to fantar (røvarar) som hadde tilhald.

Karsten Støle, fortalde at han og far hans ein haust skulle på martnan å selje eit føl. Det var i tjue-åra. Dei kom i lag med Halvars-Tore ( gamle-Tore) . Han fortalde at i Halvarsgarden i gamal tid var det ein mann som heitte Halvard og var usedvanleg stor og kraftig. Kanskje er det frå han navnet Halvarsgarden stammar ?. Halvard og ein til kom ein haust frå martnan. Framme med Fantehammaren vart dei overfalle av to fantar. Halvard slo den eine i hel og kasta han på vatnet. Den andre rømde.

Då Halvard neste haust kom til Syltemartnan, kom ein mann til han og sa: ”Du er hard te å slå, men skral til å flå”. Han meinte visst det hadde vore bryet verdt å leite i lommene til fanten. Halvars-Tore fortalde også at somme etter dette brukte både navnet ”Fantehammaren” og ”Halvardshammaren” om ein annan.

I Halvardsgarden har det vore to brukarar med navnet Halvard, dei er:
1. Navnet Halvard, nemnd i ”Tiendepengeskatten” som ”Halvard på Hoffue”
med 7.5 mark skatteskyld. ( 1520 – 1521)
2. Halvard Jetmundsen Hove, gift med Elisabet Madsdotter Skottet.
Han er født i 1795.

Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag