Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Fisk på Stordalsvika og i Storfjorden utanfor


Innlagt den 13.01.2006

Ein vil nedanfor skrive noko om det svært viktige fisket som foregjekk på sjøen.

DEN GAMLE NAUSTREKKA I STORDAL
Når ein ser på den kunstneriske sjeldan fine teikninga av naustrekkja ved Stordalsvika, teikna av Ola Stavseng, er det ikkje vanskeleg å forstå den store betydning fjordfiske hadde for levevegen i bygda.
Teikninga er gjort etter gamle fotografi frå byrjinga av 1900 talet og er såleis fotografisk korrekt. I alt 45 naust og det var ikkje berre gardbrukarar i nedre del av bygda. Vi ser navn både frå Storheim, Jøsvoll og Thalberg, så fiskeri var ein høgst nødvendig del av levemåten.

Fotografiet er teke i byrjinga på 1900-talet.

Dei lengst framme i dalen og Rødsetdalen hadde sine boder, om lag 15 i talet. Desse vart nytta til lagring av forskjellig slag og plass for hesten når dei var "nedanfor" i ymse ærend.

SPISKAMMERS FOR BYGDAFOLKET
Bak her etter teksten ligg her ved ei oversikt over fisk ein kan få i Stordalsvika og Storfjorden utanfor. Delinga i Matfisk og Ufisk går mest på korleis dette blei sett på i eldre tider.
Stordalsvika og fjordane både inn - og utover har i hundreåra bakover vore eit "Spiskammer" for folket i bygda og strandgardane. Der var det fisk å hente til både mat og "Skjellinga". Fjorden var rik på mange fiskeslag, ikkje minst på sild og brisling.

STADNAVN LANGS FJORDEN
Peder J. Hove og Ole Hove har samarbeidd om å finne fram att dei gamle stadnavna og fiskeplassane i fjorden. Sjå spesialkartet om stadnavn og fiskeplassar i Stordalsvika og Storfjorden utanfor.
Stadnavn var svært viktig i gamle dagar. Det fanst utruleg mange stadnavn langs fjorden, i bygda, i utmarka og på fjellet. Når ein kunne navna og kvar i terrenget dei refererte seg til, var dette ein effektiv måte å kommunisere på.
Dei mange navna langs fjorden fortel om dei forskjellige "Seta" for garn og line, basert på erfaringar - gjort frå mann til mann.

Kvar fekk du denne seien Ole Jacob? Det var utanfor Stølevika. Kvar ligg Stølevika, kjære lesar?

Ikkje alle stader er like gode "Garnset" og "Lineset" og ikkje alle meiner det same om det. Ein kvar blir salig i si tru, som det heiter. Ein kunne få skikkeleg gode fangstar før. No er det helst lite; det vert fiska for mykje "utafor" vert det hevda.

FISKESLAG OG SESONG
Kvart fiskeslag har stort sett sin beste "sesong" til visse tider på året. Det har samanheng med gytetid - sjøtemperatur - månefase, flo og fjøre. Dertil ein god porsjon tru og overtru. Som oftast var det likevel ikkje noko problem å få kokefisk når ein ville, i alle fall sei.
Fisken søkte mot land for gyting og Borgundfjordfiske har fleire hundre års tradisjon. Ørskogvika var også ein god fiskeplass og noko torsk vart også fiska lenger inne i fjorden. I april, mai er det tid for fiske etter kvit- og blålange. Dette er fiske med garn på djupt vatn, 200 - 300 meter. Sume har tru på det eine "Garnsete", andre på ein annan stad. Det kan veksle mellom: Uraneset, Latøyna, Kisteberget, Galten, Melen, Vikaneset, Korsedalsvika, Stamnesodden, Galtevika, Torskegarnsteinen og Svartåna. Langa var feitast og best i april / mai, ordtaket seier: "Når kua er magrast, er langa fagrast.

Mai er sesongåpning for "Fludafisket" etter sei. Det er mange gode fiskeplassar for sei : Holmen, Skjortneset, Vidhammer, Stamneselva og sjølvsagt Stordalsfluda. No brukar ein svenskepilk og gummimakk. Før var det vanleg med meitemakk og nysylvonglar med blystein. Sei fiska tidleg på året vart for ein del hengt til tørrfisk, ellers mest nytta fersk. Det var god tilgang på sei heile året. Dei to siste månadane i året - november - desember er vel dei månadane det er minst fisk å få. Då er det heller lite fiske som foregår, i alle fall inne i fjordane.

NOTFISKE
I sjøen var kilenota viktigaste reiskapen i tillegg til fleire kastenøter og lakseverpa ved Holmen. Fylgjande plassar hadde Kilenøter: Nesplassen, Stamneset, Vika, Skotet, Vidhammer, Holmen og Skjortnes.
På Holmen brukte dei Ishuset til å oppbevare laksen i. Vinteren henta dei isflak i Storelva og hadde det i dette huset til sommaren. Frå Holmen blei det også eksportert fersk laks til England med slik nedising.Det kunne hende enkelte år at Storelva var så lita at fisken ikkje kunne gå opp. Den blei då gåande i ring inne på Stordalsvika. I slike år kunne det gjerast mange storfangstar med kastenot / landnot. Bildet viser frå eit slikt storkast der laks og pjakk er lagt opp på Torekaia.

Bildet viser fisken som blei teken i storkastet med laksenot på Høvsbugen.

Laksenot og Lakseaverat.
Ottar Nevstad har skreve ein stor artikkel om Skjortneset og Jens Skjortnes og vi tek her med litt av det han skreiv:

"På Skjortnes er ein god fiskeplass for laksenot. Den største laksen dei har fått på Skjortnes vart fiska i 1936 og vog heile 28 kilo. Laksenota stod rett ned for foten på Skjortneset og i Galtevika. Laksen vart seld til handelsmann John Flo. Karl Johan Holmen, Knut Vidhammer og Karl Hove leverte også laks til John Flo. Laksen vart sett på som hard valuta. I 1953 fekk dei ti kroner for laksen og 4,50 for pjakken. Laksenota vart passa på som ei tjukk og feit lommebok. Dei passa godt på at rusk ikkje sette seg fast i garnet. Når laksen skulle røykast, vart sporen og hovudet og ryggen teke bort. Berre laksesidene vart røykt. Spor og hovud og rygg vart kalla lakseaverat. Lakseaverata vart selt rimeleg til dei som ikkje såg seg syn med å kjøpe denne dyre fisken. Laksen vart godt tørka både før og etter han vart røykt. Kvaliteten var svært god.

Garnfiske blei mykje brukt.
Der var mange garnset i Stordalsvika og i Storfjorden utanfor. Mange sette garn og etter forskjellige fiskeslag. Bildet her viser ein heller uvanleg fangst. Einar O. Hove og Martin Kvammen sette torskegarn 25. februar 1975 innafor Holmen på 60 famners djup. Stor var overraskelsen då dei fekk denne kjempelaksen på 18 kilo. Det var lus på laksen.

Einar og Martin med den litt uvanlege garnfangsten.

Kilenotfiskarar etter andre verdenskrig.
Kilenotfiske var svært viktig og disse nøtene vart sett på gode fiskeplassar. Nedanfor er lista opp kven som hadde kilenøter og kvar.

Karl S. Hove, 2 nøter på Nesplassen og Seljeneset. Karl Johan Holmen, 2 nøter ved Ishuset og i Holmevika. Jens Skjortnes, 2 nøter i Galtevika og utanfor naustet. Knut Vidhammer, 1 not utanfor naustet. Birger og Rasmus Stavnes, 1 not innanfor Stamnesodden.

SMÅFISKE INST I STORDALSVIKA
Etterfylgjande er skrive av Peder J. Hove
Vi dreiv også med hyse- og bleikjefiske. Gode plassar for bleikjefiske var: Nesplassen, Storøyra og Støleneset. Fru Jøsvoll var fast kunde hjå Nytun-Knut. Ho kalla bleikja for "Havets Kylling". Og så var det Hyseleite -.. Hysa var mest bitevillig ut på hausten, rundt den tida ein tok opp potetene. Då kunne det ligge fleire båtar utover kveldane. Den stod på eit svært begrensa område, så det kunne verte ein del vennskapeleg "knubbing" mellom deltakarane. Var det ikkje sild å få til agn, brukte vi blåskjell. Det var godt agn, men vanskeleg å feste til angelen.
Burt mot Øyrane og Storelva, på sandbotnen der, kunne ein slumpe til å "stikke" fine raudspetteflyndre om ein kunne og hadde det rette laget. Reiskapen var ein tung blystein med to beinrakte kveiteonglar festa på.
Vi sette hyseline i bakkekanten når det var småsild å få til agn. Enkelte gonger var det ganske mykje å få av forskjellig fiskeslag: hyse, bleikje, knurr, valange, flyndre; av og til kunne ein slumpe til å få småkveite, 3-4 kg. Vi brukte aure-og makrellgarn etter "blankfisk". Det var lovleg før i tida når ein brukte dei utanfor fredafeltet.

LINEFISKE
På seinsommaren og utover hausten, september, oktober, er tida for fiske med djupline etter lange og brosme. Då var det også god tilgang på småsild til agn. Før var det ikkje frose agn å få til einkvar tid. For å få tak i desse fiskeslaga, måtte ein djupt i fjorden, gjerne 400-500 meter. Den største brosma stod nederst, ved "skitkanten", heilt i botn. Den lever mykje av reker og andre djupvanns-skapningar. Kvaliteten på brosma som matfisk er kanskje undervurdert. Lettsalta og steikt brosme kan måle seg med det meste når det gjeld fisk, etter mi meining. Det er eit så utruleg triveleg fiske. Å ligge ein fin og klar solskinsdag på fjorden å drage line, er ein opplevelse. Tungt er det heller ikkje å ta opp ei djupeline når ein brukar motorbåt. Er det godt fiske, flotnar heile lina av seg sjølv. Det skuldast den store trykkforskjellen på denne store djupna.

Det er artig å sjå når djupvasslina flotnar full av fisk.

Linefisken er mykje betre enn garnfisken. Det skuldast fangstmåten. Det er alltid tettast med fisk på slutten av lina. Det skuldast kanskje at når ein fisk bit på der, sym den rundt og sveiper over eit større område. Det er mange gode lineset i fjorden: Roshamna, Latøyna, Djupdalsnaustet, Skjortneselva, Korsedalfjøra, Aurmedet og naturlegvis Fluda. Der kunne ein bruke mindre "landskot", fordi ein alt var midt i fjorden. Når ein set ut "Ile" kunne det setjast line både mot Vidhammar og utover mot Dyrkorn og innafor Fluda. Det kunne då vere nok med kring 70 famner.

LITT OM DEI MEST VANLEGE FISKESLAGA

Torsk.
Torsk er ein fisk som kan nyttast som basis for mange produkt slik som: Fersk med lever og rogn, Lettsalta - røykt, skarpsalta til klippfisk, hengt på hjell til råskjer og stokkfisk ( tørrfisk ). Lettsalta/røykt: Salta i 5 timar, røykt i 2 timar. Skarpsalta klippfisk: Fullsalta i 4 veker ( saltmoden ), deretter omlagt, vaska og reingjort, eventuelt fjerning av svart hinne (rogga) og blodrestar. Tidlegare vart den tørka på berg (klipper) ute ved kysten. Derav namnet Klippfisk. No er dette industri med kunstig tørking. Klippfisk er eksportvare (Brasil, Portugal). Den egner seg også godt til lutefisk: Vatning 7 døgn, lut i 2 1/2 døgn, utvatning 2-3 døgn. Tørrfisk: Det er to slags tørrfisk begge lufttørka på fiskehjeller.

Råskjær/Stokkfisk:
Råskjær er fisk som er delt på langs, men heng saman ved sporen og hengt på hjellen. Stokkfisk er heil fisk - to stk. samanbundne ved sporen og hengt på hjell. Tørrfisken eksportert m.a. til Italia. Dessutan er tørrfisk halden for å vere beste stoffet til lutefisk. Torsk vert også mykje brukt i filetproduksjon både på land og på fabrikktrålar saman med både hyse og sei.

Sei
Forutan til frosenfilet vert sei også salta og brukt i Klippfiskproduksjonen. Den er ikkje halden for å vere like god som torsk og vert ikkje like godt betalt, men den har også sitt marked.

Lange / Brosme
Desse fiskeslaga vert for det meste omsett som salta og klippfisk, men også som lettsalt/røykt og som ferskfisk.

Brisling / Småsild
Vert fiska på sommartid og helst inne i fjordane med snurpenot/landnot. Brisling vert halden for å vere best, men småsild (mussa) vert også brukt på same måten som brisling. Dei vert nytta som råstoff i hermetikkindustrien, lettrøykt og pakka i små boksar påfylt olivenolje. Småsild og brisling vert og brukt til "Ansjos" - krydrasild. Silda vert tilsett ei krydderblanding, salt, sukker og laurbærblad og pakka i tønner. Når den er salt- og kryddermoden, vert den foredla vidare og lagt i boks som "Juleansjos"og gaffelbitar.

Breiflabb/Lysing/Rakspel/Skolest
Dette er meir sjeldne fiskeslag; blir ofte omsatt til hotell og reatauranter som filet og er godt betalt.

Storsild/Makrell
Vert no for det meste eksportert til Russland, Polen, Japan og Kina som frosenvare. I dei store sildeåra på 1950-talet vart den for det meste nytta til sildemjøl/olje. Mykje vart også salta for eksport til Russland og Polen.

For dei som er interessert i litt meir informasjon om dei viktigaste fiskeslaga ein kan få i Stordalsvika og Storfjorden utanfor. Bli medlem av Stordal Sogelag - så får du bl.a. eit stort temahefte gratis.

FORSKJELLIGE ME' I STORDALSVIKA OG UTANFOR

Fluda:
Du er på "Fludne", djupn 51 meter, når du ser Hellandfabrikken over "Neset" og Stranda sentrum over Holmefyren. Då ligg du akkurat på "Fludne".

Monsskallen:
Du er på Monsskallen, djupn 110 meter, når du har Rystehuset i Neset, og Skre-nakken forbi Holmeaksla, er du på Monsskallen. Då ligg du akkurat på Mons-skallen.

Hyseleite:
Du er på Hyseleite når du har Lisastova i kyrkja og rett utanfor midten mellom Hovsbugen og fremstehuset i Hovsstranda.

Kloppa-Jørgen og Fluda.
Han Kloppa-Jørgen og ho Kloppa-Karen bodde i eit lite hus ved brua over Lille-elva nederst i Stordal. Kloppa-Jørgen var ein spaklynt, men slagferdig kar.
Ein dag stod nokre karar nede ved Storvøren og prata om laust og fast og undra seg deriblant over dei mange me'a i fjorden. Då var det ein som spurde; kven kunne det vere som fann Fluda først. Han Kloppa-Jørgen tenkte seg vel om og skaka på hovudet, og så kom det: "Det va' no vel seien det"

EIT PAR FISKEHISTORIER
Det var mange slags historier om fisk, fisking og andre slags tildragelser og hendingar på sjøen. Her er eit par.

Clifford Søvik med kveita.
I 1960 var Clifford Søvik inne i Holmebugen og drog line. Han kjende fleire gonger at det nappa kraftig. Etter ei stund kom det ei stor kveite opp under båten. Den var ikkje fast i sjølve lina, men beit etter ein fisk som var fast på den. Den kom heilt opp til overflata og Clifford hogg kleppen i den og fekk den ombord. Den vog 42 kilo.

Ein stolt fiskar, Clifford Søvik, viser fram kveita.

Størjefangst
Om sommaren i 30 -40 - 50 åra, når sild og makrell kom inn i fjordane i store mengder, fylgde andre større fisk etter og forsynte seg av disse. Makrellstørje var heilt vanleg. Dette var svære fiskar.

Det var enkelte som prøvde seg på å harpunere disse store størjene. Clifford Søvik lukkast ein gong med dette. Størja harpunerte han ved eit notasteng bort med Øyrane. Den drog Clifford og båten heilt inn i Holmebugen før den ga seg.

Dette er ikkje størja til Clifford, men situasjonen er ikkje heilt ulik.

Martin Vinje (Persen) fekk også fast fisk i ei størje bortunder Stranda der dei heldt på med eit notasteng. I det same dei fekk harpunen i skrotten, sette den avgarde i ei voldsom fart og Martin vinka til notkarane "Farvel gutter"
Harpunen var eit spisst jern med mothakar som slo seg ut under mottrykk.

FISK I STORDALSVIKA OG STORFJORDEN UTANFOR
VANLEG MATFISK:

LAKS

Fanga i kilenot, kastenot / landnot

ØRRET

(Sjø-ørret) helst teke med kastenot (småbent)

SILD

Norsk Vårgytende sild, fanga med snurpenot
"Musse", sildeyngel av Norsk Vårgytene sild (N.V.G.) 8 - 10 cm
"Bladsild""" " " ", et nr. større, ca 15 cm
"Vårsild" storsild - etter gyting, magrare
"Feitsild", Haustgytande - feit sild, god til f eks spekesild
"Brisling", sommersild, fiska i fjorden - industrivare

TORSK

Havtorsk - Møretorsk, kjem inn til kysten av Sunnmøre for å gyte i februar - mars - april. Borgundfjorden og til dels Ørskogvika.

TARETORSK

Lever i fjordene - nær land - derav navnet

KROPPUNG

Liten torsketype, kan fiske godt med kroppung kring jule -nyttårstider.
Fin fisk til frysing

SEI

Småsei, storsei, "Petrinasei" (lokalt navn)

LYR

God til fiskemat

KVEITE

Er stort sett oppfiska

HYSE

Fin matfisk, fersk og til fiskemat

BLEIKE

"Havets kylling" meget god matfisk

STEINBIT

Fin matfisk, fersk og til fiskemat (steinbitkaka)

BROSME

Djupvannsfisk - line og garn

UER

Djupvannsfisk, lite her i fjorden, lett salta

KNURR

God fisk, men lite av den

LYSING

God fisk til fiskemat, garnfisk

BREIFLABB

Marulk, var før i tida rekna som ufisk, men no rekna som delikatesse og restaurantmat og svært godt betalt. Den har utsjånaden mot seg

MAKRELL

God matfisk - fersk, salta, røykt.

SKOLEST

Rakspel, god matfisk, restaurantmat

FLYNDRE

God matfisk, mindre no enn før.

LANGE

Kvit - blå, djupvannsfisk, garn og line. God matfisk - fersk, salta, lettrøykt

ÅL

Vanlig. Fanga i åleteine. Vert levert levande til spesielle mottak

MAKRELLSTØRJE

Fanga på Stordalsvika i 1950 åra, no nærmare oppfiska

UFISK SOM EN KAN FÅ PÅ STORDALSVIKA OG UTANFOR I STORFJORDEN:
HAVÅL, SKATE, HORNGJELE, HÅGJELE, ISGALT, BRUGDE, HÅKJERRING, FJÆSING, BERGGYLT ( vert brukt til fjerning av lakselus i oppdrettsanlegg for laks, også kalla NIPSE )

Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag