Ein vil nedanfor skrive noko om det svært viktige fisket som foregjekk på sjøen.
DEN GAMLE NAUSTREKKA I STORDAL
Når ein ser på den kunstneriske sjeldan fine
teikninga av naustrekkja ved Stordalsvika, teikna av Ola
Stavseng, er det ikkje vanskeleg å forstå den
store betydning fjordfiske hadde for levevegen i bygda.
Teikninga er gjort etter gamle fotografi frå byrjinga
av 1900 talet og er såleis fotografisk korrekt. I alt
45 naust og det var ikkje berre gardbrukarar i nedre del av
bygda. Vi ser navn både frå Storheim,
Jøsvoll og Thalberg, så fiskeri var ein
høgst nødvendig del av levemåten.
Fotografiet er teke i byrjinga på 1900-talet.
Dei lengst framme i dalen og Rødsetdalen hadde sine boder, om lag 15 i talet. Desse vart nytta til lagring av forskjellig slag og plass for hesten når dei var "nedanfor" i ymse ærend.
SPISKAMMERS FOR BYGDAFOLKET
Bak her etter teksten ligg her ved ei oversikt over fisk ein
kan få i Stordalsvika og Storfjorden utanfor. Delinga i
Matfisk og Ufisk går mest på korleis dette blei
sett på i eldre tider.
Stordalsvika og fjordane både inn - og utover har i
hundreåra bakover vore eit "Spiskammer" for folket i
bygda og strandgardane. Der var det fisk å hente til
både mat og "Skjellinga". Fjorden var rik på
mange fiskeslag, ikkje minst på sild og brisling.
STADNAVN LANGS FJORDEN
Peder J. Hove og Ole Hove har samarbeidd om å finne
fram att dei gamle stadnavna og fiskeplassane i fjorden.
Sjå spesialkartet om stadnavn og fiskeplassar i
Stordalsvika og Storfjorden utanfor.
Stadnavn var svært viktig i gamle dagar. Det fanst
utruleg mange stadnavn langs fjorden, i bygda, i utmarka og
på fjellet. Når ein kunne navna og kvar i
terrenget dei refererte seg til, var dette ein effektiv
måte å kommunisere på.
Dei mange navna langs fjorden fortel om dei forskjellige
"Seta" for garn og line, basert på erfaringar - gjort
frå mann til mann.
Kvar fekk du denne seien Ole Jacob? Det var utanfor Stølevika. Kvar ligg Stølevika, kjære lesar?
Ikkje alle stader er like gode "Garnset" og "Lineset" og ikkje alle meiner det same om det. Ein kvar blir salig i si tru, som det heiter. Ein kunne få skikkeleg gode fangstar før. No er det helst lite; det vert fiska for mykje "utafor" vert det hevda.
FISKESLAG OG SESONG
Kvart fiskeslag har stort sett sin beste "sesong" til visse
tider på året. Det har samanheng med gytetid -
sjøtemperatur - månefase, flo og fjøre.
Dertil ein god porsjon tru og overtru. Som oftast var det
likevel ikkje noko problem å få kokefisk
når ein ville, i alle fall sei.
Fisken søkte mot land for gyting og Borgundfjordfiske
har fleire hundre års tradisjon. Ørskogvika var
også ein god fiskeplass og noko torsk vart også
fiska lenger inne i fjorden. I april, mai er det tid for
fiske etter kvit- og blålange. Dette er fiske med garn
på djupt vatn, 200 - 300 meter. Sume har tru på
det eine "Garnsete", andre på ein annan stad. Det kan
veksle mellom: Uraneset, Latøyna, Kisteberget, Galten,
Melen, Vikaneset, Korsedalsvika, Stamnesodden, Galtevika,
Torskegarnsteinen og Svartåna. Langa var feitast og
best i april / mai, ordtaket seier: "Når kua er
magrast, er langa fagrast.
Mai er sesongåpning for "Fludafisket" etter sei. Det er mange gode fiskeplassar for sei : Holmen, Skjortneset, Vidhammer, Stamneselva og sjølvsagt Stordalsfluda. No brukar ein svenskepilk og gummimakk. Før var det vanleg med meitemakk og nysylvonglar med blystein. Sei fiska tidleg på året vart for ein del hengt til tørrfisk, ellers mest nytta fersk. Det var god tilgang på sei heile året. Dei to siste månadane i året - november - desember er vel dei månadane det er minst fisk å få. Då er det heller lite fiske som foregår, i alle fall inne i fjordane.
NOTFISKE
I sjøen var kilenota viktigaste reiskapen i tillegg
til fleire kastenøter og lakseverpa ved Holmen.
Fylgjande plassar hadde Kilenøter: Nesplassen,
Stamneset, Vika, Skotet, Vidhammer, Holmen og
Skjortnes.
På Holmen brukte dei Ishuset til å oppbevare
laksen i. Vinteren henta dei isflak i Storelva og hadde det i
dette huset til sommaren. Frå Holmen blei det
også eksportert fersk laks til England med slik
nedising.Det kunne hende enkelte år at Storelva var
så lita at fisken ikkje kunne gå opp. Den blei
då gåande i ring inne på Stordalsvika. I
slike år kunne det gjerast mange storfangstar med
kastenot / landnot. Bildet viser frå eit slikt storkast
der laks og pjakk er lagt opp på Torekaia.
Bildet viser fisken som blei teken i storkastet med laksenot på Høvsbugen.
Laksenot og Lakseaverat.
Ottar Nevstad har skreve ein stor artikkel om Skjortneset og
Jens Skjortnes og vi tek her med litt av det han skreiv:
"På Skjortnes er ein god fiskeplass for laksenot. Den største laksen dei har fått på Skjortnes vart fiska i 1936 og vog heile 28 kilo. Laksenota stod rett ned for foten på Skjortneset og i Galtevika. Laksen vart seld til handelsmann John Flo. Karl Johan Holmen, Knut Vidhammer og Karl Hove leverte også laks til John Flo. Laksen vart sett på som hard valuta. I 1953 fekk dei ti kroner for laksen og 4,50 for pjakken. Laksenota vart passa på som ei tjukk og feit lommebok. Dei passa godt på at rusk ikkje sette seg fast i garnet. Når laksen skulle røykast, vart sporen og hovudet og ryggen teke bort. Berre laksesidene vart røykt. Spor og hovud og rygg vart kalla lakseaverat. Lakseaverata vart selt rimeleg til dei som ikkje såg seg syn med å kjøpe denne dyre fisken. Laksen vart godt tørka både før og etter han vart røykt. Kvaliteten var svært god.
Garnfiske blei mykje brukt.
Der var mange garnset i Stordalsvika og i Storfjorden
utanfor. Mange sette garn og etter forskjellige fiskeslag.
Bildet her viser ein heller uvanleg fangst. Einar O. Hove og
Martin Kvammen sette torskegarn 25. februar 1975 innafor
Holmen på 60 famners djup. Stor var overraskelsen
då dei fekk denne kjempelaksen på 18 kilo. Det
var lus på laksen.
Einar og Martin med den litt uvanlege garnfangsten.
Kilenotfiskarar etter andre verdenskrig.
Kilenotfiske var svært viktig og disse nøtene
vart sett på gode fiskeplassar. Nedanfor er lista opp
kven som hadde kilenøter og kvar.
Karl S. Hove, 2 nøter på Nesplassen og Seljeneset. Karl Johan Holmen, 2 nøter ved Ishuset og i Holmevika. Jens Skjortnes, 2 nøter i Galtevika og utanfor naustet. Knut Vidhammer, 1 not utanfor naustet. Birger og Rasmus Stavnes, 1 not innanfor Stamnesodden.
SMÅFISKE INST I STORDALSVIKA
Etterfylgjande er skrive av Peder J. Hove
Vi dreiv også med hyse- og bleikjefiske. Gode plassar
for bleikjefiske var: Nesplassen, Storøyra og
Støleneset. Fru Jøsvoll var fast kunde
hjå Nytun-Knut. Ho kalla bleikja for "Havets Kylling".
Og så var det Hyseleite -.. Hysa var mest bitevillig ut
på hausten, rundt den tida ein tok opp potetene.
Då kunne det ligge fleire båtar utover kveldane.
Den stod på eit svært begrensa område,
så det kunne verte ein del vennskapeleg "knubbing"
mellom deltakarane. Var det ikkje sild å få til
agn, brukte vi blåskjell. Det var godt agn, men
vanskeleg å feste til angelen.
Burt mot Øyrane og Storelva, på sandbotnen der,
kunne ein slumpe til å "stikke" fine raudspetteflyndre
om ein kunne og hadde det rette laget. Reiskapen var ein tung
blystein med to beinrakte kveiteonglar festa på.
Vi sette hyseline i bakkekanten når det var
småsild å få til agn. Enkelte gonger var
det ganske mykje å få av forskjellig fiskeslag:
hyse, bleikje, knurr, valange, flyndre; av og til kunne ein
slumpe til å få småkveite, 3-4 kg. Vi
brukte aure-og makrellgarn etter "blankfisk". Det var lovleg
før i tida når ein brukte dei utanfor
fredafeltet.
LINEFISKE
På seinsommaren og utover hausten, september, oktober,
er tida for fiske med djupline etter lange og brosme.
Då var det også god tilgang på
småsild til agn. Før var det ikkje frose agn
å få til einkvar tid. For å få tak i
desse fiskeslaga, måtte ein djupt i fjorden, gjerne
400-500 meter. Den største brosma stod nederst, ved
"skitkanten", heilt i botn. Den lever mykje av reker og andre
djupvanns-skapningar. Kvaliteten på brosma som matfisk
er kanskje undervurdert. Lettsalta og steikt brosme kan
måle seg med det meste når det gjeld fisk, etter
mi meining. Det er eit så utruleg triveleg fiske.
Å ligge ein fin og klar solskinsdag på fjorden
å drage line, er ein opplevelse. Tungt er det heller
ikkje å ta opp ei djupeline når ein brukar
motorbåt. Er det godt fiske, flotnar heile lina av seg
sjølv. Det skuldast den store trykkforskjellen
på denne store djupna.
Det er artig å sjå når djupvasslina flotnar full av fisk.
Linefisken er mykje betre enn garnfisken. Det skuldast fangstmåten. Det er alltid tettast med fisk på slutten av lina. Det skuldast kanskje at når ein fisk bit på der, sym den rundt og sveiper over eit større område. Det er mange gode lineset i fjorden: Roshamna, Latøyna, Djupdalsnaustet, Skjortneselva, Korsedalfjøra, Aurmedet og naturlegvis Fluda. Der kunne ein bruke mindre "landskot", fordi ein alt var midt i fjorden. Når ein set ut "Ile" kunne det setjast line både mot Vidhammar og utover mot Dyrkorn og innafor Fluda. Det kunne då vere nok med kring 70 famner.
LITT OM DEI MEST VANLEGE FISKESLAGA
Torsk.
Torsk er ein fisk som kan nyttast som basis for mange produkt
slik som: Fersk med lever og rogn, Lettsalta - røykt,
skarpsalta til klippfisk, hengt på hjell til
råskjer og stokkfisk ( tørrfisk ).
Lettsalta/røykt: Salta i 5 timar, røykt i 2
timar. Skarpsalta klippfisk: Fullsalta i 4 veker ( saltmoden
), deretter omlagt, vaska og reingjort, eventuelt fjerning av
svart hinne (rogga) og blodrestar. Tidlegare vart den
tørka på berg (klipper) ute ved kysten. Derav
namnet Klippfisk. No er dette industri med kunstig
tørking. Klippfisk er eksportvare (Brasil, Portugal).
Den egner seg også godt til lutefisk: Vatning 7
døgn, lut i 2 1/2 døgn, utvatning 2-3
døgn. Tørrfisk: Det er to slags tørrfisk
begge lufttørka på fiskehjeller.
Råskjær/Stokkfisk:
Råskjær er fisk som er delt på langs, men
heng saman ved sporen og hengt på hjellen. Stokkfisk er
heil fisk - to stk. samanbundne ved sporen og hengt på
hjell. Tørrfisken eksportert m.a. til Italia. Dessutan
er tørrfisk halden for å vere beste stoffet til
lutefisk. Torsk vert også mykje brukt i filetproduksjon
både på land og på fabrikktrålar
saman med både hyse og sei.
Sei
Forutan til frosenfilet vert sei også salta og brukt i
Klippfiskproduksjonen. Den er ikkje halden for å vere
like god som torsk og vert ikkje like godt betalt, men den
har også sitt marked.
Lange / Brosme
Desse fiskeslaga vert for det meste omsett som salta og
klippfisk, men også som lettsalt/røykt og som
ferskfisk.
Brisling / Småsild
Vert fiska på sommartid og helst inne i fjordane med
snurpenot/landnot. Brisling vert halden for å vere
best, men småsild (mussa) vert også brukt
på same måten som brisling. Dei vert nytta som
råstoff i hermetikkindustrien, lettrøykt og
pakka i små boksar påfylt olivenolje.
Småsild og brisling vert og brukt til "Ansjos" -
krydrasild. Silda vert tilsett ei krydderblanding, salt,
sukker og laurbærblad og pakka i tønner.
Når den er salt- og kryddermoden, vert den foredla
vidare og lagt i boks som "Juleansjos"og gaffelbitar.
Breiflabb/Lysing/Rakspel/Skolest
Dette er meir sjeldne fiskeslag; blir ofte omsatt til hotell
og reatauranter som filet og er godt betalt.
Storsild/Makrell
Vert no for det meste eksportert til Russland, Polen, Japan
og Kina som frosenvare. I dei store sildeåra på
1950-talet vart den for det meste nytta til
sildemjøl/olje. Mykje vart også salta for
eksport til Russland og Polen.
For dei som er interessert i litt meir informasjon om dei viktigaste fiskeslaga ein kan få i Stordalsvika og Storfjorden utanfor. Bli medlem av Stordal Sogelag - så får du bl.a. eit stort temahefte gratis.
FORSKJELLIGE ME' I STORDALSVIKA OG UTANFOR
Fluda:
Du er på "Fludne", djupn 51 meter, når du ser
Hellandfabrikken over "Neset" og Stranda sentrum over
Holmefyren. Då ligg du akkurat på "Fludne".
Monsskallen:
Du er på Monsskallen, djupn 110 meter, når du har
Rystehuset i Neset, og Skre-nakken forbi Holmeaksla, er du
på Monsskallen. Då ligg du akkurat på
Mons-skallen.
Hyseleite:
Du er på Hyseleite når du har Lisastova i kyrkja
og rett utanfor midten mellom Hovsbugen og fremstehuset i
Hovsstranda.
Kloppa-Jørgen og Fluda.
Han Kloppa-Jørgen og ho Kloppa-Karen bodde i eit lite
hus ved brua over Lille-elva nederst i Stordal.
Kloppa-Jørgen var ein spaklynt, men slagferdig
kar.
Ein dag stod nokre karar nede ved Storvøren og prata
om laust og fast og undra seg deriblant over dei mange me'a i
fjorden. Då var det ein som spurde; kven kunne det vere
som fann Fluda først. Han Kloppa-Jørgen tenkte
seg vel om og skaka på hovudet, og så kom det:
"Det va' no vel seien det"
EIT PAR FISKEHISTORIER
Det var mange slags historier om fisk, fisking og andre slags
tildragelser og hendingar på sjøen. Her er eit
par.
Clifford Søvik med kveita.
I 1960 var Clifford Søvik inne i Holmebugen og drog
line. Han kjende fleire gonger at det nappa kraftig. Etter ei
stund kom det ei stor kveite opp under båten. Den var
ikkje fast i sjølve lina, men beit etter ein fisk som
var fast på den. Den kom heilt opp til overflata og
Clifford hogg kleppen i den og fekk den ombord. Den vog 42
kilo.
Ein stolt fiskar, Clifford Søvik, viser fram kveita.
Størjefangst
Om sommaren i 30 -40 - 50 åra, når sild og
makrell kom inn i fjordane i store mengder, fylgde andre
større fisk etter og forsynte seg av disse.
Makrellstørje var heilt vanleg. Dette var svære
fiskar.
Det var enkelte som prøvde seg på å harpunere disse store størjene. Clifford Søvik lukkast ein gong med dette. Størja harpunerte han ved eit notasteng bort med Øyrane. Den drog Clifford og båten heilt inn i Holmebugen før den ga seg.
Dette er ikkje størja til Clifford, men situasjonen er ikkje heilt ulik.
Martin Vinje (Persen) fekk også fast fisk i ei
størje bortunder Stranda der dei heldt på med
eit notasteng. I det same dei fekk harpunen i skrotten, sette
den avgarde i ei voldsom fart og Martin vinka til notkarane
"Farvel gutter"
Harpunen var eit spisst jern med mothakar som slo seg ut
under mottrykk.
FISK I STORDALSVIKA OG STORFJORDEN UTANFOR
VANLEG MATFISK:
LAKS |
Fanga i kilenot, kastenot / landnot |
ØRRET |
(Sjø-ørret) helst teke med kastenot (småbent) |
SILD |
Norsk Vårgytende sild, fanga med snurpenot |
TORSK |
Havtorsk - Møretorsk, kjem inn til kysten av Sunnmøre for å gyte i februar - mars - april. Borgundfjorden og til dels Ørskogvika. |
TARETORSK |
Lever i fjordene - nær land - derav navnet |
KROPPUNG |
Liten torsketype, kan fiske godt med kroppung kring
jule -nyttårstider. |
SEI |
Småsei, storsei, "Petrinasei" (lokalt navn) |
LYR |
God til fiskemat |
KVEITE |
Er stort sett oppfiska |
HYSE |
Fin matfisk, fersk og til fiskemat |
BLEIKE |
"Havets kylling" meget god matfisk |
STEINBIT |
Fin matfisk, fersk og til fiskemat (steinbitkaka) |
BROSME |
Djupvannsfisk - line og garn |
UER |
Djupvannsfisk, lite her i fjorden, lett salta |
KNURR |
God fisk, men lite av den |
LYSING |
God fisk til fiskemat, garnfisk |
BREIFLABB |
Marulk, var før i tida rekna som ufisk, men no rekna som delikatesse og restaurantmat og svært godt betalt. Den har utsjånaden mot seg |
MAKRELL |
God matfisk - fersk, salta, røykt. |
SKOLEST |
Rakspel, god matfisk, restaurantmat |
FLYNDRE |
God matfisk, mindre no enn før. |
LANGE |
Kvit - blå, djupvannsfisk, garn og line. God matfisk - fersk, salta, lettrøykt |
ÅL |
Vanlig. Fanga i åleteine. Vert levert levande til spesielle mottak |
MAKRELLSTØRJE |
Fanga på Stordalsvika i 1950 åra, no nærmare oppfiska |
UFISK SOM EN KAN FÅ PÅ STORDALSVIKA OG UTANFOR I
STORFJORDEN:
HAVÅL, SKATE, HORNGJELE, HÅGJELE, ISGALT, BRUGDE,
HÅKJERRING, FJÆSING, BERGGYLT ( vert brukt til
fjerning av lakselus i oppdrettsanlegg for laks, også
kalla NIPSE )
-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider
--