Handel og Handtverk i Stordal

Her vil vi presentere eit utdrag frå Temahefte 12 - Handel og Håndtverk i Stordal. Vi har valgt et lite utvalg frå heftet og frå suppleringsskrivet som fulgte med, slik som beskrevet under. Vi har også tatt med Forsida, Forordet og Innhaldsfortegnelsen til temaheftet:

 

FORORD

I dette temaheftet har Sogelaget prøvd å finne ut om korleis handel blei drive i eldre tider i Stordal. Vi har også teke med det vi kunne finne ut om gamalt handtverk i Stordal i eldre tider.

Den tidsbolken dette handler om, spenner over ca 100 år frå ca midt på 1800 – talet til ca midt på 1900 – talet. Mest stoff er henta frå rundt forrige århundre skiftet. For å få fram dette materialet har vi søkt svært mange kjelder og fått informasjon og bilder frå ei lang rad personer. Vi har prøvd å dekke dette stoffet så godt som muleg, men har heilt sikkert ikkje fått med alt som burde ha vore omhandla.

Av dei som har bidratt med å låne ut bilder nemner vi Kristaforgarden, Ryste-folket, Olafolket, Fredlyfolket, Einar Midtbust, Sigurd Moe, Ottar Ringset, Arne Aarflot. Ein del bilder er frå Stordal Sogelag sitt arkiv, og nokre bilder er tekne med digitalt kamera.

Mange har bidratt meir og mindre med informasjon. Agnes Rauset og Knut Inselset har fortalt frå Stordal Handelslag i 1950 – åra og Peder J. Hove har skrive om Jørgen-Buda. Vi takkar her alle som har bidratt med stoff, nemnde og ikkje nemnde. John Kåre Hove har skrive alt stoffet på PC og lagt alle bilda inn i teksten. Heftet er trykt på Jon’s Kontor i Ålesund. Stordal Sogelag vonar med dette å ha fått dokumentert ein god del om handel og handtverk i Stordal i eldre tider.
Stordal, november 2006
I styret for Stordal Sogelag
Einar J. Hove, Bjørg Hjelmseth, Kristian Almås
John Kr. Hjelle, Magda Staurset.

Frå innhaldet er her valgt ut Kapittel 1.7, 1.8 og 1.9. samt også suppleringsskrivet til temaheftet.

1.7. TALBERG - TALBERGBUDA

Lars Petter Talberg, f. 1882, gift med Karen Petrine Petersdotter Hove, f. 1888. Ho var dotter til gamleklokkaren, gift i 1911. Dei bygde seg hus ved Litle-elva og fekk 2 søner, Einar f. 1912 og Peter f. 1914, ugift.

Einar vart gift med Agnes Petersdotter Øvrebust frå Arnegarden. Lars Peter Talberg hadde butikk i første etasje i det nye Rystehuset. Denne dreiv han og sonen Einar i lag. Talberg – buda var ein vanleg liten landhandel med bl.a. melkeutsal frå spanner på lageret. Peter gjekk skulevegen og vart jurist. Han hadde sitt arbeid i Oslo i justisdepartementet. Dei bygde seg eige forretningsbygg der Kjell Talberg, sonen til Einar og Agnes dreiv butikken fram til slutten av 1980-åra.

Her ved pilen var Talberg – buda. Dette var også ein populær samlingsplass for diskusjoner av ymse slag.

1.8. JØRGEN - BUDA

Jørgen J. Vinje, født 1875, bygde Jørgen-Buda i 1894. Då var han 19 år. Før det hadde han prøvd seg som omreisande handelsmann og et år hadde han handel i Hotellkjellaren.

Ved inngangsdøra til Jørgen – Buda var reklame for Mowinkels kaffi, Langaards Tobakk og Tiedemanns Karva blad. Golvet framanfor disken var flislagt – svarte kvite firkanta flis – som eit sjakkbrett. Innafor døra til venstre var reol for heste-sko, småverktøy og i kråa var parafinpumpa plassert. Der stod også sputtebakken i første tida. Ja, faktisk til midten av førti åra. Parafin var viktig til oljelampane, elektrisiteten kom først kring 1920.

Jørgen Vinje framfor inngangsdøra til butikken sin

Til ljos i butikken vart nytta tre store lampar, 2 mindre på kontor og lager. I ovnane vart nytta ved, koks og kol. Om lag midt i rommet var disken og i den var innlagt to glasruter slik at skuffene under viste innhaldet – utstilling. På disken var plassert stativ for innpakningspapir i tre breidder, vekt og skap for medisin og sjokolade. Baksida av disken var oppdelt i store og mindre skuffer. Alle varer kom i store sekker og kasser og fram til 1937 vart alt frakta frå kaia med hest og vogn. Seinare vart ein gamal T-Ford – liten lastebil – nytta kalla ”Gamle-Brunen”. Alle varer måtte oppvegast og plasserast i sine skuffer, så dei var klar når kundane kom. Mot veien var to utstillingsvindu og lengst mot vest, dør inn til lageret. Ved sida av utstillingsvinduet var eit skap for gåveartiklar m.a. metallfat der bilete av den gamle og nye kyrkja var innprega.

Vidare langs vestveggen – skap for smør og ost, under skapet skuffer for Candis (brunsukker) svisker – aprikos - erter m.m. Ved bakveggen var hyller for garn og tøy av alle slag – dresstøy – dongeriklær – gardiner og kjoletøy. Der stod også kassa-apparatet ved sida av den store ovnen.

På bakveggen i kontoret var en reol for sko, både til arbeid og fest. Dei selde mykje beksaumsko frå ein skomakar på Vågstranda. Disse var handsydde og svært solide. Ellers var det både sålelær og alt som ein hadde bruk for til sying og reparasjon av skotøy.

Like innafor klaffen i disken (den var til å løfte opp for å kome innafor disken), var skap for tobakk – skråtobakk – sigaretter. Tobakk og sigarettmerker som ikkje finst i dag. Kan nemne sigaretter som Frisko, Blue Master, Teddy og spesielle tyrkiske merker med spesiell lukt. Både frå kontoret og buda var dører ut til det som vart kalla finlageret.

Dette er gamle ”Jørgen – buda” på Vinje slik den stod ved vegen
frå 1894 til den vart riven i 1988. Populær butikk i 94 år.

Der var også en gamal kjøpmannsdisk med mange skuffer og skap over. I skuffene under var fargar for garn og tøy – tørrfargar av mange slag – oker – sinkkvit m.m. Det var lite ferdigmaling den tida. Malerolje – linolje – oxanolje og tran vart også brukt til uthusmåling. Alle golv før var måla, då brukte ein oftast oxanolje. Den var halden for å vere mest slitesterk. Ved døra frå buda til finlageret var en utslagsvask plassert, men vatnet derifrå måtte berast ut. Det var ikkje innlagt vatn, men vatn frå en brønn under lagergolvet ved vestveggen gjorde nytten.

På finlageret stod 2 store sirupstønner ( 200 l ) ei for lys og ei for mørk. Der var også døra ut på grovlageret. Ved nordveggen var en liten kjøkkenbenk med primus, den brukte Dalekarane, Bortomfjordingane og Fausadalingane å koke seg kaffi til nista si. Dei kokte seg kaffi og den var sterk og god med ”Viking boks fløyte” til. Det var noko dei sette stor pris på etter en kald tur over fjorden om vinteren i åpen båt. I fremste del av grovlageret var et rom, brukt til salting av spekekjøt, der var kvern for maling av kjøt og mørmat. Elles vart rommet nytta til lager av formjøl, salt og liknande. Der var og ei stor desimalvekt og ei for mindre ting. I grovlageret var mura en bakarovn.
Slik var Jørgen – Buda.

Jørgen Vinje gifte seg i 1897 med Berthe Gurine Jensdotter Øvrebust. Ho var frå Ebbegarden. Dei sette i stand loftet over buda til bustad for seg og dei to borna, Lars og Cornelie som etter kvart kom til.

Jørgen hadde etter kvart opparbeidd seg et godt kundeforhold både i Dalen, strandsitjarane og tilmed i Fausadalen. Berthe var ei drivande kone og eit arbeidsjarn. Ho dreiv med baking i omnen på lageret. Før ho gifte seg gjekk ho ”Husholdningsskule” som det heitte, i Øksendal. Det var heller ikkje vanleg i dei dagar, så dette med baking kunne ho. Ho laga også vin om hausten av hagebær og surkirsebær for salg. Prisen var 75 øre flaska, ikkje akkurat polprisar.

Jørgen - Buda var en verkeleg landhandel med et allsidig varespekter. I tillegg til vanlege matvarer var det et utvalg varer som folk hadde trong for på landsbygda. Verktøy – spiker – hestesko – parafin – landbruksreiskap – panner – spann, for-utan sko – lærvarer – tøyvarer av alle slag – kort sagt alt ein til dagleg hadde bruk for.

Det var mykje bytehandel – omtrent berre det. Gardbrukarane kom med sine produkt smør, ost, mykje geitost. I Stordal Kommune var det krøtertelling i året 1900, då var her 900 geit og det vert det mykje ost av. Handelsmannen tok også imot gardssmør. Dette vart levert i 5 kg trekasser. Når det blei levert, fekk gard-brukarane tilsvarende tomkasser tilbake. Dette var standard kasser, firkanta og litt vidare oppe, dei var klædt med smørpapir.

Det var mykje bytehandel, lite kontanter, dei var det lite av. Haust og vintertida var det mykje vilt, rjupe og orrfugl. Helst snarefanga, men det vart også skote en del. Handelsmannen selde også ammunisjon for haglgevær. Messinghylser som kunne nyttast opp igjen fleire gonger. Krutt – hagl – og filttetning i laus vekt. Dette hadde si spesielle skuffe under kassa-apparatet på Jørgen – Buda. Etter 1940 var dette ikkje lenger brukt.

Vinterstida kunne det henge mykje fugl under lagerlemmen. Dette var ei typisk byttevare, sendt til byen. Dei litt større grossistforretningane hadde sine eigne handelsreisande som reiste med båt og hadde et visst utvalg varer å vise fram. Desse kunne vere både frå Bergen og Trondheim. Andre var berre med prøve-utvalg, eller handelsmannen vart invitert til ei sokalla utpakning / visning av eit firma. Det vart etter kvart mindre av dette og rundt 1960 var dette historie.

Jørgen var mykje plaga av bronkittastma. Han meinte sjølv at det var den vinteren han dreiv handel i Hotellkjellaren han pådrog seg dette. Det hadde vore for kaldt. Det var difor sonen Lars som måtte stå for det meste i periodar. På budaloftet var to rom mot vest innreidd i tillegg til ein stor gang. Det var der Jørgen og familien budde før det vart nytt hus i Olagarden i 1914.

Omkring 1932 – 33 begynte det med ”julehandel” på budaloftet. Julepynt og julegåveartiklar. Det var ikkje så svære sakene, økonomien den tida var ikkje til det. Det frigjorde plass nede og folk kunne rusle rundt i fred og ro og sjå seg ut sine små ting til julegåver og pynt. Trur folk var vel so tilfredse då som no, i alle fall sette dei større pris på ei lita gåve, krava var mindre.

Sommartida kjøpte dei gjøkalvar av gardbrukarane, desse vart slakta nede i naustet og sendt med fjordabåten til hotella i Geiranger. Drengen i Olagarden stod for slaktinga, han var fast i Olagarden i årevis. Jørgen Vinje meinte at det ikkje var nokon kunst av en handelsmann å levere varer over disk, det kunden ville ha. Derimot var det kjøpmannskunst at kunden forlet buda med noko han ikkje hadde tenkt å kjøpe då han kom inn.

I 1988 vart den gamle Jørgen – Buda reven, dermed var det slutt på den verkelege landhandelen i Stordal. Else Vinje, født Kirkebø, og gift med Jørgen Vinje d.y. bygde ny tidsmessig forretning same året, men i slike bygg er liksom den lune, gode stemninga borte.

 

Her har ein laga ei enkel skisse over slik Ola-buda var innreidd i 1. etasje. og slik den faktisk var sjåande ut i dei 94 åra den stod attmed hovedvegen på Vinje. Her ser vi bl.a. benken med primusen der Dalekarar og Bortomfjordingar sat og kvilte seg etter ofte strabasiøse turar til handelsmannen. Vi ser også skisse av bakaromnen der Berte Vinje laga sine bakarvarer.

1.9. HANDELSLAGET

Ein av grunnane til at det gjekk så greit med å kome i gang med Handelslaget, var at her frå før var ei for form for samvirke i bygda. Tore Busingdal hadde vore på Austlandet og arbeidd på meieri. Han kom heimatt med ein brukt separator. Han og eit par naboar kom i gang med eit smørmeieri i ”Kyrkjeholne”, der dei fekk vasskraft frå Litle-elva. Etter kvart vart det små meieri både i Stavåa – på Løset – Langsætra og tilmed i Jasvollbotna. Smøret vart pakka i 50 kg tønner og sendt til England. Pris Kr. 2.- pr kg. Kven som stod for eksporten er ukjent, men no fekk bøndene kontanter for mjølka og det var noko nytt.

Ein annan grunn var trua på at handelsmannen tente så uhorveleg mykje. Hadde ein Handelslag, så kunne ein få attende av overskotet og slik ha forteneste på det. Handelslaget kunne også ta seg av omsetning av landbruksvarer.

Handelsmennene vart skulda for å føre mindre gode varer til for høge prisar, kanskje med urette. Nok er det. Då tanken om Handelslag tok form, kom ein fort i gang med det formelle som måtte til. Det vart nok litt strid her – det var dette med kooperasjon, eit framandord – rart ord som mange ikkje likte. Likevel – interessa var stor mellom folk – det gjekk både fort og greitt å få teikna det grunnfondinnskotet som måtte til, Kr. 4.500. Firmaet vart registrert i 1908.

Det første styret i handelslaget møttest fyrste gongen den 17. November i 1908 på Øvrebust og møteboka er underskreva av fylgjande: Ludvik Hove, M.TH. Seljebotn, R.H. Støle, L.P.Johnsen, Thore Busengdal og Karl M. Løset. Ludvik Hove var nok fyrste formannen og visseleg ein pådrivar i bygda.

Lokala stod eigentleg klar, den gamle buda til Ole A.H. Dybdal, ( Lisa – stova ), og i Elias Lunden hadde ein alt frå starten ein drivande styrar. All handel skulle skje mot kontant betaling, noko som skulle verke til å halde prisane nede, og varene skulle vere av beste sort. Elles skulle handelslaget ta imot varer frå innskytarane, og omsetje dei vidare.

I § 2 i Vedtektene heiter det: ”Laget har som formål å skaffe medlemene gode uforfalskede varer til rimelige priser samt omsette medlemenes varer på beste måte”

Ein har ikkje funne omsetning for første året, men møteboka fortel om eit overskot stort Kr. 558,36.

 

På bildet til venstre ser vi Handels- laget rett over vegen frå Øie-huset.

Her var då dreve handel frå 1911 til 1959, 48 år. Huset blei kjøpt av Kåre
Hove og flytta heilt som det stod på slisker eit par hundre meter til der det
står i dag.

Handelen i den gamle butikken i Dybdalshuset ( også kalt Lisa-stova ) var reint midlertidig. Det vart beslutta å bygge nytt forretningsbygg. Det fekk sin plass rett over gata for ”Øiehuset” og stod ferdig i 1911. Driftsmåten var likeeins som dei andre land-handlarane – bytehandel mellom bondevarer – kolonialvarer. Omsetningen auka år for år under vekslande styrarar.

I førstninga av 50-åra vart lokala alt for små og lite tenlege. Det vart bestemt å bygge nytt forretningsbygg – sjølvbetjening. Dette vart ferdig for innflytting i 1959. Men også dette vart for lite – ein mangla lagerplass. I 1969 var dette ferdig og kunne takast i bruk . Det var godt ein hadde sikra seg stor tomt. Tildelt lagertomt mot vest, 700 kvm. Stavseng Ingeniørfirma planlegg ferdig 1989.

Handelslaget sett frå frontsida. Hovedinngangen var då døra til høgre for vindauga.

Oversikt Styrarar Handelslaget

Nils og Agnes Rauset kom til Stordal rett før Påske i 1953 der Nils var tilsett som ny styrar. Denne stillinga hadde han heilt fram til 1984. Knut Inselset starta si karriere på Handelslaget den 1. februar i 1957. Han overtok som styrar i 1984 og hadde denne funksjonen til 2004.

Sogelaget bad Agnes Rauset og Knut Inselset på ein kaffeprat om Handelslaget i 1950 – åra. Det vart ei triveleg stund på Nilsgardstunet med oppattfrisking av minner frå det gamle Handelslaget.

 

Over eit bilde av Agnes og Nils Rauset.

 

Over til høgre sit Agnes Rauset og Knut Inselset og
minnest dagane på Handelslaget i 1950 – åra. Nils Rauset og Knut Inselset fekk begge medaljer for lang og tru teneste og alle tre nemnt fekk Diplom som vist i bakgrunnen på bildet.

Viktigaste varene i det gamle handelslaget var: Vanlege kolonialvarer på den tida inkl. sirup, brunsukker, svisker, erter osv. Bytevarer med bøndene: smør og egg. Vedlikehald: Linolje, oxanolje, tran til måling, verktøy, spiker, småredskap til landbruket, parafin, hestesko, spann. Klær så som: Sko, tresko, gummisko, lærvarer, tøyvarer av ymse slag, tråd til sying av sko, beka-tråd. Tobakksvarer: skråtobakk som ein skar opp, Sigaretter Frisko, South State, Hobby.Tobakk frå Tiedemann og Petterø osv. Gåveartikler. Dei faste leverandørane var: NKL, Lilleborg, Wennersberg, Birkevoll, Berstad, Jac. Lien og grossister frå Bergen og Trondheim.

Nybygget stod ferdig til innflytting i 1959. Den største endringa i starten i nybygget var nok overgangen til oppvegde varer mot før salg i laus vekt, men også det at dei fekk utstilt meir av varene dei hadde.

 

Ovanfor er laga ei enkel skisse over korleis butikklokalet i det gamle handelslaget såg ut.

Til slutt i denne bolken tek vi med eit oversiktsbilde som viser Stordal sentrum i 1948.
Her ser vi godt stadane der butikkane i sentrum var, frå venstre: Talbergbuda,
Lisa-stova, Det gamle Handelslaget, Øie-huset og Kvitebuda.

ROKK – OG VEVSTOLPRODUKSJON PÅ VAD

Oddmund Vad fortel til Stordal Sogelag.

Karl Andreas Ebbesen Vad, oldefar til Oddmund Vad, var den første brukar til garden på Vad frå 1856. Han gifte seg med ei jente frå Halvars- garden på Hove, Elen Torsdotter (1843 – 1931) i 1879.
Hovedgesjeften var at han i tillegg til gardsbruket starta produksjon av rokker.

Fotoet viser den originale rokken som blei produsert frå 1870 til1915. Då
overtok sonesonen Karl Vad rokke-produksjonen fram til 1950. Frå då overtok Oddmund Vad produksjon både av rokker og vevstoler fram til 1958.

 

Karl og Oddmund Vad produserte fram imot 1000 rokker, prisen var då kr. 150.-. Fram til 1938 blei dreiinga gjort med fotpedal. Det vart også sendt 40 rokker til Etiopia i ei sending. Dette var storeksport. Det vart produsert fram i mot 200 vevstoler sendt rundt om på heile Sunnmøre. Harald Relling, Olaus Moe, Einar Henden, Karl Vad og seinare Oddmund Vad var med i denne produksjonen. Den foregjekk om vinteren i stova til Elen Marta. ( Elen Marta – stova som vart framflytta frå nedre Stordal )

Til høgre ser vi bilde av to
limkoppar. Den eine er i kleberstein som oldefar til Oddmund Vad brukte. Den
andre limkoppen vart oppvarma i vatn – dette var hornlim som var svært god lim. Om sommaren foregjekk bygningsarbeid. Dette var eit byggelag som bestod av Karl Vad, Tore Holtleite, Sverre Holtleite, Jon Vad og Peder Støle. Dette byggelaget bygde den første Gamleheimen. Byggearbeidet med Gamleheimen starta den 7. august 1934. Dei bygde også Ryste – huset, huset til Ole Jacob Rødset og løa til Ole Petter Storheim.

 

URMAKAR / KLOKKEMAKAR


Sæter-Hans, Hans L. Rødsetsæter, ( 1799 – 1867 ) tippoldefar til Kåre Sæter som no er skulemester på Kyrksæterøra. Han har urmakarutstyr etter Sæter- Hans som produserte veggklokker. Oddmund Vad har ei slik veggklokke med lodd på.

Til høgre ser ein bilde av ei veggklokke produsert av Sæter-Hans. Dette er også handtverk av høg klasse.

 

SKYTTARMILJØET I ANDERSGARDEN
PÅ MIDTBUST


Viktig skyttarmiljø i Andersgarden
Ladeutstyr for rifle og hagle

Bildet viser ladeutstyr. Øverst, kuleform, kule og patron for 4-linjers Remington rifle. Nederst, utstyr for å ta ut og sette inn ny tennhette, filtadning, messinghylse kaliber 16. I midten tennhetter og til høgre krutboks. Utstyret er brukt av Lars Johan Nygård heilt opp til no. Det var oldefar, bestefar og far til Lars Johan som brukte dette før han. Utstyret antas å vere ca 120 år gamalt.

 

To gevær

 

Det eine er frå 1875 – Remington rifle, Denne var først eigd av Gamle-Øie, Karl Johan Paulsen Øie. Det andre er frå ca 1870 -80. Hagle kaliber 16. Denne var først eigd av Johan Stavdal Midtbust.

Disse geværa er vorte tekne godt vare på av Lars Johan Nygård, og dei er fullt ut brukbare også no. Dette er utan tvil svært verdifulle gjenstander.

 

Til venstre eit 150 år gamalt klenodium.

Skapet ”Kassdraget” som er ein gamal skrivepult frå 1849.

Dette var først i eige av Lars Andreas Petter Sve,
tippoldefar til Lars Johan Nygård.

Gjenstandene som vist er blekkhus med penn, trekkpapir til tørking av blekk og stempel for stempling av skjellakk.

STØYPING AV KNAPPER

Til høgre støypeformer for knapper av tinn. Knappane blei brukt til kufter i eldre tid, og kanskje spesielt i krigens dager og etter.

Lars Johan kan fortsatt bruke dette utstyret

 

ANNA HANDTVERK

Ole Elias Løset, onkel til Karl Løset, dreia bakstekjevle i eit kvernhus på Løset. Drivkrafta var vasskraft frå kvernhuset. Han laga også ljåorv og river for salg. Bestefar til Leif Øvrebust, Kristoffer Elias Øvrebust, var ein svært dyktig bygningsmann. Han bygde m.a. Tore-løa på Hove i 1910. Martinus Moe (f. Løset 1865), hadde smie der han dreiv produksjon av ljå, stein-hakker og kvessing av steinverktøy.

Joakim Kvamen hadde saghus for saging av tømmer ved sjøen litt nord for Torefabrikken. Dette dreiv han til rundt 1945 då saghuset blei flytta fram til Øvrebust ved Rikjenda litt nedanfor Frangarden. Då saging av tømmer tok slutt, gjekk dei over til produksjon av stolkrykker, dvs. indretreverk til lenestoler og seinare blei det også her laga vevstoler. Sonen Oddleiv dreiv ein periode mekanisk verkstad i saghuset ned ved sjøen.

DREIING AV SMYKKESKRIN I OLAGARDEN PÅ MIDTBUST

Produksjon av smykkeskrin

Jørgen T. Hove og Lars J. Øvrebust hadde produksjon av dreia smykkeskrin. Denne produksjonen foregjekk i hønsehuset i Ola-garden på Midtbust som vart omgjort til verkstad i 1940-åra. Produksjonen foregjekk om vinteren og det kunne bli produsert 200 – 300 om året. Salget var mykje til kontakter som Ole Stavseng hadde. Jørgen dreia og Lars stod for utskjeringa. Skrina vart også lakkert. Her deltok begge.

Denne verksemda starta som leigeproduksjon for Ole Stavseng. Dette var forskjellig dreiearbeid så som lampetter og lysekruner. Dette var frå ca 1942. Litt parallelt byrja dei å produsere slike smykkeskrin som bildet (under) viser. Dreie-benkane var heimelaga med ein landbruksmotor som drivkraft.

Hønsehuset

Øverst bilde av fabrikklokala til Jørgen T. Hove og Lars J.Øvrebust.
Nederst eit eksemplar av dei dreia smykkeskrina.



-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as