Gardsdrift

Nils Jøsvoll fortel, inn på kassett, om jordbruket i Stordal frå 1800 og fram til om lag 1920. Lærar P. Søvik tenkte å bruke det i undervisninga på skulen. Det er gjengitt slik som det er innsnakka.

Når vi ser på dei alminelege gardar opp og ned gjennom bygda hadde dei so omtrent 10 mål med åker, nokre bruk hadde mindre, kring 5 mål, men det var no små bruk. Dei avla om lag 20 tønner bygg og 20 tønner havre. Og det klarte dei å livberge seg med. Ja, so skal vi sjå litt på kva dei arbeidde med på desse gardå, heile året.

Vi skal ta til om hausten, når dei var i hus kome siste avlingane, det var no kornet og potetene. For potetene sitt vedkomande var det no svært lite. Det kunne no vere frå 15 til 20 tønner dei fekk, og det klarte dei å livberge seg med. So var det fyrste, det var no å slakte småfeet, sau og geit. Kjøtet av desse salta dei til spekekjøt og hengde opp å tørka og noko var salgsvare og noko bruk i hushaldninga. Storfe, d.v.s. kyr eller oksar. Det stelte dei på den måten dei ville gjerne selje og tene seg nokre kroner, og so slakta dei ei ku og gjerne ein okse. Dei tok innmaten ut, flådde ta hauda og skar haudet vekk, so gjekk dei saman nokre naboar, leigde seg ein trerong ( båt m/tre årepar ) og la desse skrottane i båten med huda på og rodde / segla til byen. So leigde dei seg ei sjøbud og hengde opp skrottane der.

 

Her ser ein to bilder som skal vere ganske riktig frå den tida Nils fortel frå.

Til venstre to naudsynte reiskapar, sløge, også kalt tust eller sliul og eit sokalla såld.

Til høgre ser ein typiske kvernhus som var vanlege på dei fleste gardar.

 

Dei gjekk rundt i byen og tinga vekk dette kjøtet. Huda vart so flådd av, den tok dei med heimatt og barka ho til å sy sko av. Ja, slik var det med kjøta. Det næste arbeidet for karå det var no å byrje å truske, då tok dei som regel sløgå. Det var å truske noko bygg og havre, det skulle vere til tiend for prest og klokkar, det var det første dei truska.

Dernæst truska dei resten med sløge den første tid. So var det å tørke havrå i ei gryte og byggen tørkestove. Det vart på kverna å male for karå og baking for kvinnfolka. Når det var ferdig, kønne male, brødet baka, reiste karane på skogen å ha til ved, høgde, la i lunna for heimkøyring på vinterføre.
Kvinnfolka tok ulla å sette seg til å spinne, det skulle klær til åt denne folkeflokken, det spinnast og vevast. Og dagen måtte utnyttast godt. Karane kom innatt og fekk seg mat og so sette dei seg til kveldsitarbeid. Husbonden gjerne med skoarbeid, drengen laga sovlar, vinde via, det skulle mykje via til band åt kvar ku og band til kvar geit.

Mangt skulle til både i hus og fjøs, litt nemt og litt onemnt, so dei seie. So var det alle kjerald som måtte laggast og haldast i stand. Kvar kyr skulle ha sin "sørpestrokk" ( kjerald av tre, brukt til å ha høyfrø/halm m/varmt vatn og litt mjøl i ) og øykjen (hesten) sin.

Det var bøtter til å bere vatn i (det var berre trebøtter før). Alle desse strøkkane, bøttene og melkeringjene var det treband rundt, laga av kløyvde hasselrenningar som var delte etter margen. Alt dette måtte sjåast over og haldast i stand framover heile vinteren, so det var nok å gjere. Noko jorddyrkning var ikkje brukt før. Ikkje før langt fram i 1800 - talet lærte folk å dyrke jord, ta opp nyland.


Her ser vi ein gjeng barske gutar og drenger på torskefiske ute i øyane.

So gjekk det no slik framover og det kom til jul. Når det leid ut i januar var det samtlege gutar og drenger som for uti øyane på torskefiskje. Mannen vart gåande heime, åleina, og kvinnfolka spann og vov attåt fjøsarbeidet. Og kvinnfolka spann, når det leid uti februar var det rennjebommen innat og der vart veving av mange slag, dei hadde arbeid med det fram mot våronna. Når våren kom, vart det no våronnarbeid, gjerding av bøgarden og rying av slåttemarka og alt dette som fylgde med, til slåtten kom, og det var som regel rundt 10. juli. Det vart på utslått omtrent med ein gong for det var lite attelege som det vart dyrka gras på. Når det kom so langt som til om lag 1840 eller nokre og førti var folketalet auka so mykje at det var liten plass på gardå og då tok Amerikafarten til, men den var ikkje so særleg stor her frå Stordala, det blei ikkje før enn fram i 18 åttetiåra at det begynte å reise mykje folk til Amerika, men då begynte det å reise mange familia berre på kort tid, og det auka på meir og meir av desse familiereisene. Men då var det ikkje lenge før det melde seg mangel på arbeidskraft på gardsbruka og folk måtte til å spyrje nokso vide for å få nok arbeidskraft.

Det endast med at Stordal måtte til å importere arbeidskraft i onnetider. Det var særleg frå Sykkylven og Borgund at dei fekk onnehjelp. Ho fall noko dyr, kan berre nemne at fram mot 1900 måtte dei betale ein slåttekar 10 kr. vikå og ei gjente 7 kr. attåt kosten. Det syntest dei var dyrt for dei hadde lite peng å rutte med.

Bøndene var då komne inn i ei krisetid, den begynte å auke på og blei verre og verre og det var ikkje mange botemiddel å sjå. Dyreforet måtte dei ha og utmarkslætta kravde mykje arbeidskraft. Men då viste det seg at dei vart nøgd å tenkje på noko anna som kunne skaffe meir pengar og det var mjølkeproduksjon.

Så om lag rundt 1892 kom den første separatoren til Stordalen og den separatoren vart kjøpt av Tore Busingdal. Han fekk med seg Ole Elias Midtbust og Lars Midtbust. De begynte å kjøpe mjølk frå naboane og drog separatoren med handemakt. Mjølkeleverandørane fekk heimatt separert-mjølka, det var fløyten dei fekk betalt for.
Av fløyten laga dei smør i ei kinne, også den dreven med handkraft. Dette gjekk eit år, og no fekk bøndene greie på at dei kunne få peng for mjølka. Før var det slik at dei slo mjølka i ei trerengje, venta til fløyten, rjomen flaut opp, tjukk som graut. Den laga dei smør av. Resten var surmjølk, skyr. Men til å avhende smøret, det var vanskeleg.

No fekk dei betaling, fiks kontant. No slo fleire seg saman, gardbrukarane frå Hove til og med Mo og bygde meieri på Midtbust.


Bildet viser ein handdreven separator. Skummamjølka går i ein stråle ned til høgre. Fløyten går andre vegen.

Dei nytta vatn frå Midtbust-elva til drivkraft for separator og kinne. Det vart eit høveleg stort meiri. Smøret vart sendt til England. Dei sende det i 50 kg tønner. No kunne dei største gardbrukarane få opptil 30 kr. månaden for mjølka.

Det vart som ein meierifeber som smitta opp gjennom bygda. Ja, og so om lag i 1893 - 94 so var det nokre kara som fekk i ein separator å sett den opp på Jasvoll i ein liten kjøk i husa has Petter Jøsvoll i Ystegara og leigde seg ei meierske. Dei kom køyrande med mjølka om kveldane, fjølga den i ei storgryte, så opp i separatoren som dei drog med handkraft som pliktarbeid, heile vinteren og det vart peng av mjølka. Dei var opprømt over meieridrifta. Dei slo seg saman næste år - Jøsvoll - Stavdal - Talberg - Stølane og ein gamal gardbrukar på Jo-sætra som heitte Petter Ulriksen Jøsvollsæter.

Dei sette opp eit meieri frami Stavå-elva. Dei arbeidet frå 1895 til 1901 - 1902. Og på den tia slo dei seg saman heile Røysetdalen og til og med Lianes og Nakken, men det var ikkje nok med at dei bygde dette meiriet. Dei hadde lært av dei nede i bygda. Dei sette seg opp eit meieri på Langsætra og derfor tok dei å sette opp eit meieri i Jasvollbotn med. Dei grov ei 300 m lang veite framover til ein liten foss fram i elva og bygde eit overvasshjul, fekk tak i ein separator og kinne og la smøret i 50 kg donka. Smøret sende dei til England og fekk den høge pris av 2 kr. kg for fjellsmør utu Jasvollbotna.

To type kinner; "Vindekinne" og ei "Standkinne".

Ja, so gjekk no det. Men no kom det eit meieri til, det bygde dei på Løset, eit sommarmeieri og det meieriet fekk mjølk frå Mo-sætra - Løsetnakken og frå Isljebotna i Røysetdala. Desse meieria gjekk nokså lenge, det siste som vart nedlagt var meieriet på Midtbust. Men so skal vi sjå tilbake på dei kranke tidene, kva det var som berga gardbrukarane og det var hesteavl og salg av livdyr til Austlandet. Det såg ikkje rart ut når arbeidshjelpa minka og so vart den dyr, då var det ikkje greidt å berge seg på gardå. På Austlandet var det god marknad for unghest og tidlegbære kyr. Og prisane var gode, ein kunne få opptil 100 kr. stykke for ei tidlegbær ku. Det var flestale bruk som hadde hestar til avlsbruk og hesteprisane var slett ikkje dårlege. Det var det som berga dei.
Det gjekk no ei tid før det kom noko slåmaskin til bygda, men når det leid so langt som til 1910, då kom her mange, det vart no mest kvarmannseige. Det var dessverre ikkje så mykje å bruke dei på alle plassa.

Denne typen slåmaskin var til svært stor hjelp på mange gardar der tilhøva gjorde det muleg.

Men når fyrste verdenskrig kom i 1914 då blei det litt fart i jorddyrkinga, då fekk vi dei fyrste tilskot til jord-dyrkning og det ville no folk benytte seg av. Folk hadde no lært seg å dyrke jorda og no kom det mange andre reiskap. Vil særleg nemne ploga. Dei plogane som vi brukte før, dei var no ikkje so svært gode å bruke.

Det var treveltefjøl, so kom no dei burt og då vart det berre ei simpel jern-veltefjøl, dei klabba nokso mykje så dei vart berre kalla "molduksa". Men so kom det i handelen ploga frå Jæren, frå Kverneland. Der var veltefjøla av panserstål, dei var betydeleg bedre. Dei heldt seg rein og klabba ikkje. Attåt det dei var betydeleg sterkare.

Her er ein tidsriktig plog frå Kverneland. Eit godt hjelpemiddel for bøndene på den tida.

Dei som hadde trong til det så begynte dei å bruke plogen til å pløge mark med, batt saman to hestar og so vart det hørver å få kjøpt, også på Jæren. Den første jordhørva som kom åt dala, kjøpte Nils Jøsvoll, det var i 1912. Og så kom det skålhørv, dei var dessverre for tung for våre hesta, men fjør-hørvene var gode. Vi fekk også andre redskap og det vart dyrka ei masse jord og åkerbruket det gjekk sterkt ned og engavlen auka sterkt.

Det enda med at når fyrste verdenskrigen var over so vart her avla svært lite kønnj. Dei gamle meieria vart nedlagde og so kom vi inn i den store organisasjonen, Sunnmøre Meieri, og mjølkeprodukjonen gjekk opp med kraftfor i tillegg til stråfor.

Slik er det eg minnest bondelivet her i Stordala og eg har snakka det inn på ditta bandet og han lærar Søvik tek vare på det. Eg køyrer det til dei som vil høyre noko om det.

Her ser ein jordforbetring med fjørhorv dregen av to hestar.

Bilder frå Jøsvoll. Eit oversiktsbilde øverst.

Det nederste viser røystove i Ystegarden. Huset skriv seg frå 1763. Ein del av dette huset skal visstnok vere enda eldre.

 



-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as