Om Stordal sogelag

Gamle Langhaugbrua

STORDAL SOGELAG vart skipa i Kommunehuset i Stordal, den 5. mai 2001.
I slutten av dette året hadde laget 186 medlemer. Frå vedtektene har vi teke med:

FORMÅL

Laget har til formål å fremje interessa for slekts- og lokalhistorie, kulturvern, samle inn og ta vare på alt som har verde for Stordal kommune og innbyggjarane si historie og som kan fortelje om folks livsvilkår gjennom tida.

VERKSEMD

For å nå formålet kan laget også i samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar eller aktuelle kommunale organ:

Stordal Sogelag har sidan starten i 2001 utgjeve ei mengd temahefter gratis til alle sine medlemer. Sjå oversikta under Utgjevne dokument og medlemskontingent. Gå til "Utgjevne dokument og medlemskontigent". Laget har ellers vore svært aktiv i lokalmiljøet og teke initiativ til mange prosjekt og aktivitetar

Stordal Sogelag ynskjer å få notert ned og gjort kjent mange slags historiske tema og gjere disse kjent. Har du forslag eller tankar om slike lokalhistoriske saker, ta gjerne kontakt til nokon i styret.

Ynskjer du å bli medlem, ta gjerne kontakt med nokon i styret for laget eller styresekretæren. Vi ynskjer mange medlemer i STORDAL SOGELAG.

Du kan melde deg inn som medlem ved å gå til Medlemskap. Gå til siden "Medlemskap".

Styre for Stordal sogelag, valt på årsmøte 10. mars 2008:

- Styreleiar: Jonas Falch, valt for 1 år
- Styremedlem: John Kristian Hjelle (ikkje på val)
- Styremedlem: Kristian Almås (ikkje på val)
- Styremedlem: Arna Øvrebust, valt for 2 år
- Styremedlem: Hildur Vinje, valt for 2 år
Som varamenn blei valt:
- Kjell Arne Midtbust, valt for 2 år
- Karl Øvrebust (ikkje på val)
- Kristin Dybdal, valt for 2 år (attval)



-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as