Sogelagsarbeidet

Stordal har eit rikt og svært mangearta sogemateriale.Ein god del har gått tapt, men mykje kan enno bevarast. Dette må vi gå saman om å ta vare på, men også å gjere det kjent for både eldre og yngre.

Lokalhistorisk materiale er svært mykje knytt til gard, grend og slekt, men for berre få generasjonar sidan gjekk slektsbanda på kryss og tvers over heile bygda. Ein bør difor i prinsippet sjå det på den måten at alt kan høyre til eit fellesskap og ein felles kulturarv.

Men det er ikkje berre viktig å samle og ta vare på dette materialet. Ein bør like mykje legge vekt på å presentere og å vise fram denne felles kulturarven til både eldre og yngre. Det er viktig for alle å ha kjennskap til sine røter og å få oppleve tilhørigheit til ein stad, til ei slekt, ein kultur og ei soge.

Sjølv om sogelagsarbeid såleis må utførast både med eit alvor og med respekt for farne generasjonar, bør det likevel vere mykje humor, hygge og sosialt samvær knytt til sjølve arbeidet.

Sogelagsarbeid bør engasjere flest mogeleg av folket i bygda, men det er eit frivillig arbeid og må tilpassast den tid og arbeidskapasitet som einskildpersonar har til rådvelde,

Det skal ikkje vere noko stresspreg over dette arbeidet, men tvert imot vere utøvd i glede, lyst og triveleg samvær.

Ein må ta i bruk mykje av det teknologiske utstyr og dei moderne datateknologiske metodar som ein rår over i dag. På denne måten blir arbeidet lettare og ein kan koble yngre folk inn i sogearbeid slik at generasjonskløftene også blir mindre.

Det er også viktig at den generasjon som veks opp no kan få eit bilde av folks livsvilkår berre for eit par generasjonar sidan.

Ein bør også søke å sjå lokalhistorisk stoff i eit større perspektiv – også over eit større geografisk område.

Stordal Sogelag tok initiativet til Intersogelagssamarbeidet og var svært aktiv i gjennomføringa av prosjektet Den Store Hesteferda 2004 som gjekk tvers over heile Sunnmøre. NRK var med og filmen Vegen mot Romsdals Marked vart vist i jula 2004. Dette blei eit svært positivt prosjekt og Stordal blei godt profilert med mange fine scener. Ein viser til bilda i det store evalueringsheftet. Som ei vidareføring av Den Store Hesteferda i 2004 har Stordal Sogelag teke initiativet til det regionale prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal. Dette prosjektet går vidare med stort engasjement og positivt samarbeid med omligg-ande bygder. Samarbeid er etablert og på gang i bygder og grender som omfattar 6 kommuner.

Eit anna svært vellukka tiltak som Stordal Sogelag gjennomførde i samarbeid med andre i Stordal var Langsæterdagane i tida 1. 2. og 3. september 2006.. Dette tiltaket vil bli ført vidare i åra som kjem – som ein fast tradisjon. Eit viktig tiltak i bygdene og heile Stordal Kommune var skipinga av Stordal Turlag. Sogelaget spela her ei aktiv rolle. Som vist til andre stader på denne nettstaden, har sogelaget utgjeve mange temahefter. Stordal Sogelag har elles delteke aktivt i mange tiltak i bygda.

Styret i Stordal Sogelag for året 2007 er:

Einar J. Hove, Bjørg Hjelmseth, Kristian Almås, John Kr. Hjelle Magda Staurset



-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as