Årsmelding for 2004

Frå denne Årsmeldinga har vi her teke med avsnitta 5, 6 og 7 som omhandlar:

ARBEIDSPLANAR FOR ÅRET 2005

ÅRSMELDING

FOR ÅRET

2004
STORDAL
MARS 2005

FRÅ DEN STORE HESTEFERDA

STORDAL SOGELAG


Frå Årsmeldinga for året 2004, skrive i mars 2005, tek vi her med avsnitta 5. 6 og 7. Her står om Stordal Sogelag sine aktivitetar i 2004 og arbeidsplaner for året 2005.

5. TEMAHEFTER SOM ER UTGJEVNE GRATIS TIL ALLE MEDLEMER AV STORDAL SOGELAG.

I samband med Intersogelagssamarbeidet og Hesteferdene har Stordal Sogelag skreve og sendt ut 8 hefter. Av disse er 4 store hefter laga i 2004. Hertil har Sogelaget laga og sendt ut 2 hefter om Klyngetunet på Jøsvoll, ein tekstdel og ein bilagsdel. Av skriftleg materiale ellers har Sogelaget laga og sendt ut brosjyrer i samband med Langsæterdagen 29. august 2004.

6. ANDRE TILTAK SOM SOGELAGET HAR DELTEKE I.

KULTURMINNER I ØVRE STORDAL

Stordal Sogelag er oppteken av å ta vare på og bruke aktivt kulturminner i Øvre Stordal og Langsæterområdet. For å skaffe ei oversikt over slike kulturminner, søkte sogelaget Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i MRF - og fekk støtte til eit slikt formål. Som eit ledd i dette arbeidet harsogelaget bedt om og fått assistanse frå Kulturavdelinga Møre- og Romsdals Fylkeskommune.
Dette gjeld dei to svært viktige kulturminna

FOKHAUGTUFTENE OG TROLLKYRKJEGARDEN

I 2004 er det gjort eit stort arbeid med rydding for kratt, kjerr og skog. Dette blir også eit prioritert arbeid for sogelaget framover sommaren 2005. Vidare skal det skaffast oversikter over alle slags kulturminner både knytt til gardane / grendene i Øvre Stordal og i heile Langsæterområdet.
STORDAL SOGELAG har i 2003 søkt om og fått støtte frå Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i MRF til restaurering av tre konkrete objekter:

Disse planlegg ein å kome i gang med restaureringsarbeid i 2005.

SAMARBEID MELLOM STORDAL SOGELAG OG STORDAL BONDELAG.

Dette samarbeidet har sitt utspring i temaheftet STØLANE I STORDAL utgjeve i november 2002. I dette heftet er her eit kart der alle dei gamle stølane er tegna inn. Ta fram igjen og sjå i dette heftet.
Med utgangspunkt i denne kartoversikta har ein tegna inn att alle gamle stiar og vegar i Stordal.
Dette er både stiane som gjekk frå bygda og opp til disse stølane og stiane som gjekk i fjellet mellom disse stølane. Ein har samstundes på same kartet tegna inn dei vegane som blei brukt i eldre tider opp gjennom bygda, også på sydsida av elva.

Stordal Bondelag i samarbeid med Stordal Sogelag har søkt støtte til å få kalkulert kostnadene med dette rydding- og utbetringsarbeidet og det er gitt støtte til dette. Det er blitt søkt om støtte til å få utført dei delane av dette arbeidet som ein treng leigd hjelp til. Alt dette ryddearbeidet er planlagt gjennomført i 2005. Dette blir eit svært interessant turnett som vi vil anmode alle sogelaget sine medlemer å bruke.
Imidlertid er mange av disse gamle stiane og vegane litt gjenvoksne så dei må ryddast for busker, kratt og kjerr. Ein god del av slikt ryddearbeid må utførast på dugnad.VI OPPFORDRAR DEG TIL Å DELTA I DETTE RYDDEARBEIDET.

På denne måten vil vi i Stordal og fjellområda rundt få til eit unikt turnett. Sogelaget vil skrive om det som du kan oppleve på dei forskjellige turane. Vi vil utvikle konseptet

TUR MED OPPLEVING OG LÆRING.

Vi inviterer alle med - ut på tur i Stordal og våre fine fjellområder.

RESTAURERING AV SEL PÅ LANGSÆTRANE.

Stordal Sogelag har i 2004 restaurert eit gamalt sel, Andersselet på Kvitlane-stølen på Langsætrane.
Målsettinga er å gjenskape eit sel med fjøs under med alle sæterfunksjonar slik som dei var for 80 - 100 år sidan. Sogelaget ønsker å bruke eit slikt sel med fjøs som eit "aktivt" museum. Vi vil arrangere demon-strasjoner for skuleklasser og andre om korleis sæterdrifta foregjekk i eldre tider.
Då vil vi legge opp til salg av sætermat på vollen utanfor selet. Vi vil også by på gamaldags underhaldning. Dette skal bli eit svært interessant opplegg.

7. PLANER FOR ÅRET 2005.

Ein del av det som Stordal Sogelag vil arbeide vidare med er allereie omtala framanfor. For oversikta si skuld tek vi opp att disse punkta.

OPPGÅVER FOR STORDAL SOGELAG I 2005

Alle disse tiltaka er det skreve litt om i det framanforståande. I tillegg til dette ynskjer sogelaget å arbeide med fylgjande saker i 2005:

SOM DU SER - KJÆRE MEDLEM AV STORDAL SOGELAG - HER ER OPPGÅVER NOK Å TA AV - OG VI PLANLEGG EIT SVÆRT AKTIVT ÅR FOR 2005. SOM MEDLEM AV STORDAL SOGELAG VIL DU FÅ MYKJE INTERESSANT STOFF I 2005, OG DU KAN DELTA MYKJE SJØLV OGSÅ - MELD FRÅ!



-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as