Bakgrunn for skipinga av turlaget:
Stordal Sogelag arbeider langsiktig for å utvikle eit
stort område med eit omfattande turstinett. Sjå
beskrivelsen av : Fjord Fjell Friluftsparken i Møre
og Romsdal. Innen dette området engasjerer sogelaget
seg sterkt for utvikling av KONSEPTET:
TUR MED OPPLEVING OG LÆRING. Sjå også
beskrivelsen av dette.
Eit viktig formål med skipinga av Stordal Turlag var å engasjere mange turgåarar til å hjelpe til å kartlegge og beskrive mange fjellturar og registrere / gå disse opp med GPS-apparat. I det etterfølgende har vi her teke med nokre beskrivelser frå etableringa av Stordal Turlag.
Stordal Turlag
Innlagt den 04.12.2006
Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og
innover mot våre grannebygder.
I det etterfølgende listes opp nokre hovedpunkt som bakgrunn for stiftinga av Stordal Turlag.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal.
Dette prosjektet har arbeidd målretta over mange
år for å utvikle verdiane som ligg i
Øvre Stordal og Langsæterområdet.
Stordal Sogelag.
Dette laget har gjennom dei siste 3 – 4 åra
dokumentert ei rekke historiske og kulturelle tema og
verdiar knytt til Øvre Stordal og
Langsæterområdet så vel som i heile
Stordal Kommune. Sogelaget har knytt gode kontakter til
grannebygdene våre også i samanheng med
fjellturar.
Landbruksorganisasjonane.
Disse har engasjert seg i betydeleg grad for å rydde
gamle vegar og stiar i store delar av Stordal Kommune i
samarbeid med ovanforståande.
Samarbeidet mellom ovanståande prosjekt, lag
og organisasjonar.
Det har vore eit utstrakt samarbeid som har drege i gang
prosjektet Synleggjering, der Stordal Sogelag står i
spissen for å lage informasjonstavler og
retningsskilt som etter kvart skal settast opp i heile
Stordal Kommune.Sogelaget har også allereie nedlagt
eit betydeleg innleiande arbeid i å tegne turar inn
på sine digitale kart. Mange personar har delteke i
dette arbeidet.
Stordal Kommune.
Etter initiativ frå Stordal Kommune har det vore
halde møter mellom mange aktørar i
Øvre Stordal / Langsæterområdet for
å kome fram til omforeinte visjonar og
målsettingar for vidareutvikling av heile dette
området. Stordal Kommune har også støtta
økonomisk mange enkelttiltak i friluftssamanheng.
Stordal Turlag.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og
innover mot våre grannebygder. Dette sjølvsagt
med det siktemål å få born, unge, eldre
og alle slags brukergrupper ut i våre
naturområder. Det å halde i hevd
kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen, kulturminner
og miljøet er også eit fokusert område.
Disse tiltaka vil også vere svært viktige for
dei verksemder i bygdene våre som bygg på
naturbaserte opplevingar. Men også alle andre
bebuarar og verksemder vil ha stort utbytte og stor nytte
av dette tiltaket. Du oppfordres herved til å
støtte disse målsettingane ved å melde
deg inn i Stordal Turlag.
Vidare invitasjon til samarbeid.
Stordal Turlag inviterer alle lag, organisasjoner og
relevante instanser både innanfor og utanfor kommunen
til samarbeid med utgangspunkt i laget sine vedtekter og
målsetting
1. Formål
Laget skal :
* Vere aktivt i å kartlegge / beskrive fjellturar med
ulike vanskegrader i Stordalsfjella og mot
nabobygdene
* Stimulere til allsidig friluftsliv
* Arrangere turer i Stordalsfjella og til våre
grannebygder
2. Styre
Laget skal leiast av eit styre på 3 medlemer, med 2
varamenn, som vert valde for 2 år i gongen. Eit
styremedlem skal stå på val etter eitt
år, første året, og sidan vert det
alternerande to-års periodar. Leiaren skal veljast
på årsmøtet kvart år.
3. Årsmøte
Årsmøtet skal haldast seinast innan mars kvart
år og behandle; Styret si Årsmelding, regnskap,
økonomi, retningslinjer for framtidige aktiviteter i
laget, fastsette kontingent og velge styre.
4. Medlemer
Som medlem kan vere enkeltpersoner eller familier med ein
oppgitthovedperson. Også utanbygds personer kan vere
medlemer. Medlemene i laget har førsterett til
å delta på turer og arrangement som laget
står for.
5. Kontingent
Årsmøtet fastset kontingenten som skal
betalast på forskot i januar for eitt år i
gongen. Kontingenten er lik for begge
framanforståande medlemstyper.
6. Vedtektsendringer
Forslag til endringer i vedtektene må ligge
føre skriftleg minst 14 dagar før
Årsmøtet. Endringer i vedtektene krev 2/3
fleirtal.
7. Oppløysing av laget
Vert laget oppløyst, skal eventuelle midlar
overdragast til Stordal Sogelag. Årsmøtet
avgjer oppløysing av laget, og det krevst minst 2/3
fleirtal.
STORDAL TURLAG har eiga Heimeside under
Stordalsportalen.
Gå til Heimesider i Portalen / Stordal Turlag eller
klikk her