Samarbeid mellom Stordal Sogelag, Øvre Stordal og Tur og Trim gruppa
Vi tek i det etterfølgande her med 3 turar som var
arrangert så tidleg som i 2002.
Disse turane var til:
- TROLLKYRKJEGARDEN
- BOTNASTØLEN og
- GAMLEVEGEN MELLOM VAD OG LANGHAUG
Storfjordnytt skreiv følgende frå denne turen
under tittelen
Historie i trimtempo
Allidrettsgruppa i Stordal idrettslag la turen til
Fokhaugen og
Trollkirkegarden måndag kveld.
Skrive av: Ingunn Myklebust - Storfjordnytt
Ved eit elveskille, på ei slette omkransa av
fjellheimen med toppen Kamben som majestetisk tyngdepunkt,
sit ein liten gjeng vandrarar inne i ein sirkel. Sirkelen
er Trollkirkegarden, forma er oppmura av torv som no er
overgrodd, og inngangen markert med ein port av to
steinheller. Tåka tetnar til og sender nokre
vassperler over turgåarane. Men merksemda er retta
mot Jan Helland idet han gjenfortel historia om drapet av
ei kvinne som skjedde i dette området i 1758.
Gruppa av vandrarar har fått utdelt informasjon om turen, lagt til rette av Stordal Sogelag og Prosjekt Øvre Stordal. Om Trollkirkegarden kan ein lese at det truleg var ein stemnestad for folket i bygdene ikring. Staden er eit knutepunkt for fleire stader i Romsdalen, Valldal og Stordal, og kanskje var det også ein forbindingsstad mellom middelaldermenneska og dei norrøne gudane?. Teksten antyder at sirkelen gøymer gamle gudebilete og at han kan ha vorte nytta til blotingsrituale.
På vegen opp i fjellet gjekk turen innom Fokhaugstova. Historievandrarane fekk omvisning av Jan Helland i den delen av huset som er utleigd til turistforeininga. To-, tre-og firemannsrom har namn som Jolbotn, Storlihorn og Kamben. Inst inne finn ein kjøkkenet og eit koseleg opphaldsrom. Historia om Ola og Kirsti som dreiv gard på Fokhaugane for over to hundre år sidan, er også fasinerande lesnad. Sjølv om garden var veldreven, fekk dei til slutt nok av slitet til fjells, og flytte derifrå med heile buskapen. Medan dei budde der, var Fokhaugen ein stad der marknadsfolk og andre reisande vart tekne imot.
Dette er berre første av fleire trim/historie-turar som vert arrangerte i Stordal i haust. Neste tur går til Jøssvollbotn og Botnastølen.
I 2002, den 23. august, arrangerte
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal
og Stordal Sogelag i samarbeid med Tur og Trimgruppa tur
til Botnastølen.
I forkant annonserte dei følgende:
SAMARBEID MELLOM ALLIDRETTSGRUPPA I STORDAL
IL,
PROSJEKTET ØVRE STORDAL OG STORDAL
SOGELAG
Allidrettsgruppa i Stordal IL og prosjekt ØVRE
STORDAL samarbeider basert
på målsettingane:
Aktivisere folk til å kome meir ut i skog, mark og
fjell- trimme.
Arbeide for å tilrettelegge bedre turløyper
ved rydding av råser og merking av disse.
Skrive historier / forteljingar om turmåla. (
Utføres av Stordal Sogelag og Prosjekt Øvre
Stordal )
I denne samanheng startar TUR og TRIM opp haustsesongen med
ei aktiv giv - få fleire folk med på tur.
TUR TIL BOTNASTØLEN ( JASVOLLBOTN
)
MED RETUR OM MOSÆTRA
Dette er ein fin tur som du bør henge deg på.
Til turen har Stordal Sogelag ved
Peder Holt laga eit interessant hefte om Stavdals-og
Jasvollsætrane.
Du får dette heftet ved start av turen.
Frammøte på Stordal Skule mandag den
26. august kl. 18.00.
BLI MED DÅ VEL
TUR OG TRIM SIL OG ØVRE STORDAL
Sogelaget og Tur og Trimgruppa på tur:
Dei annonserte denne turen då slik:
BLI MED PÅ
MANDAGSTRIMMEN
MANDAG DEN 19.8.
TUREN GÅR
GAMLEVEGEN
VAD - LANGHAUG
Arrangør:
TUR og TRIM SIL,
PROSJEKT ØVRE STORDAL OG
STORDAL SOGELAG
Du har kanskje lagt merke til ei stripe i skogen frå
Nakken og heimover til Talberg.
Dette ser ein berre vår og haust. Dette er ein
svært gamal veg som vi veit lite om.
STORDAL SOGELAG OG PROSJEKT ØVRE STORDAL
vil gjerne gjere noko med dette. Kva for ein veg er dette
?
Kor gamal er vegen ? Kjentfolk blir med på
turen.
Møt opp på Stordal skule mandag 19.8. kl.
19.00