Årsmelding for 2005

 

 
 

Frå Årsmeldinga for 2005 skrevet i mars 2006 tek vi med Innhaldsfortegnelsen og frå avsnitta 3, 9, 10 og 12

 
 

I N N H A L D

  1. Stordal Sogelag og vedtektene for laget.
  2. Organisasjonen for Stordal Sogelag i 2005.
  3. Rekruttering av medlemer og medlemstalet ved utgangen av året 2005.
  4. Temahefter som er utgjevne gratis til alle medlemer av laget
  5. Langsæterdagane 2005
  6. Klyngetunet Øvrebust
  7. Temaheftet Matauk
  8. Fjord Fjell og Friluftsparken i Møre og Romsdal
  9. Andre tiltak som sogelaget har delteke i.
  10. Planer for året 2006.
  11. Styremøte den 16. februar og førebuing til Årsmøtet som skal haldast i Grendasalen den 9. mars 2006.
  12. Informasjon frå Årsmøtet i Grendasalen den 9. Mars 2006
  13. Korleis kan ein gå fram for å rekruttere nye medlemer til Stordal Sogelag.
 

Avsnitt 3: Rekruttering av medlemer og medlemstalet ved utgangen av året 2005.

Ein prøver heile tida å rekruttere nye medlemer. Eit mål har foreløpig vore å kome opp i minst 250 medlemer.

Vi ønsker fleire medlemer i Stordal Sogelag. Vi oppmodar deg som allereie er medlem å verve nye. Du kan sjølv eller den som ynskjer å bli medlem ta kontakt med styresekretæren eller nokon i styret.

Vi viser også til avsnitt 13 med hensyn til korleis ein kan verve nye medlemer.

Pr. 31.12. 2005 er medlemsmassa slik:

Tilsaman 224 medlemer

Avsnitt 9: Andre tiltak som Sogelaget har delteke i under året 2005

Vi refererer her kort til følgende som Stordal Sogelag har delteke svært aktivt i under året 2005.
STORDALPORTALEN. Stordal Sogelag var ein av initiativtakarane til nettstanden Stordalsportalen:
http://www.stordalsportalen.no

Stordalsportalen kan du no sjå ved å gå inn på ovanståane internettadresse. Dette er eit omfattande prosjekt som det har teke lang tid og mykje dugnadsarbeid å få etablert. Vidareutvikling og innlegging av nytt stoff vil pågå ut gjennom heile 2006.

STORDAL KOMMUNE MEDLEM AV NORSK KULTURARV

I slutten av september hadde Stordal Kommune besøk frå stiftelsen Norsk Kulturarv. Stordal Sogelag var ein av dei som var invitert til å vere med å presentere bygda overfor dei besøkande med dagleg leiar Dag Lindvig i spissen.

I det store heftet Kulturarven nr 34 i novemberheftet 2005 blei det gitt ein fin presentasjon frå Stordal og her blei prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken positivt omtala. Det blei trykt 7000 ekstra eksemplar av denne utgåva av Kulturarven som blei distribuert gratis til alle omliggande kommuner i FFF-parkområdet.

UNDERSØKINGER AV TROLLKYRKJEGARDEN.

Stordal Sogelag tok initiativet til å foreta vitenskapelege undersøkelser av Troll-kyrkjegarden i 2005. Dette er det skreve om i mange samanhenger. Alle Soge-laget sine medlemer er blitt grundig informert om dette. Vi venter spent på resultatet av disse undersøkingane.

RYDDING AV FOKHAUGTUFTENE

Også i 2005 er det utført vidare arbeid med rydding av Fokhaugtuftene.

RESTAURERING AV ANDERSSELET PÅ KVITLANE

Arbeidet med vidare restaurering av Andersselet er utført og mange dugnads-timer er også her nedlagt av medlemer av Sogelaget.

SOGELAGSPORTRETTET

Stordal Sogelag har starta å presentere ein serie av portretter av personer frå Stordal. Først ute i denne serien var sogeportrettet Ruth Vinje.

Avsnitt 10: PLANER FOR ÅRET 2006

Stordal Sogelag har mykje og omfattande arbeid og aktiviteter på gang som skal vidareførast og nye prosjekter og tiltak for 2006. Vi reknar med at det blir eit svært aktivt år for Sogelaget i året 2006.
Først her lister vi opp dei tiltaka som er på gang og som skal vidareførast. Dette er ikkje nødvendigvis i prioritert rekkefølge.

VIDAREFØRING AV IGANGSETTE / ETABLERTE TILTAK

STORE HØGT PRIORITERTE PROSJEKT

Eit høgt prioritert prosjekt er:

ARBEID MED ULIKE TEMAHEFTER

Det er sett i gang følgende arbeid som skal gjevast ut som temahefter:

Noko av framanforståande arbeid vil også bli gitt ut som temahefter.

ANDRE MULIGE OPPGÅVER I 2006.

Oppstart med å dokumentere frå dei mange lag og organisasjoner som var i Stordal i eldre tider, så som:

Vidare er ei oppgåve å få dokumentert:

Avsnitt 12: INFORMASJON FRÅ ÅRSMØTET DEN 9. MARS 2006

Frå Årsmøtet refereres det her:

Styreformannen ynskte velkomen og opplyste at innkalling til Årsmøte blei gjort ved annonsering i begge bygdeblada, ved flygeblad til alle husstander i kommunen, ved oppslag i bygda og også ved diverse e-postutsendinger.

Innkallinga til møtet blei godkjent og ein gjekk over til det oppsette program.

Einar J. Hove og John Kr. Hjelle stod for ein spesialinformasjon om FFF-parken i MRF. Her var også andre invitert. Frå dei faste Årsmøtepostane refereres her:

Årsmøtet godkjende det som er referert i det framanforståande.

Ein gjekk så over til val:

Valnemnda la fram innstilling og Årsmøtet godkjende følgende som styre for Stordal Sogelag for året 2006:

Som varamenn og leiarar for temagruppene blei valgt:

Som revisorar blei valgt:

Styret foreslo gjenvalg av valnemnda. Dette blir då:

Jon Helge Larsen ( leiar ), Leif E. Heggen og Vigdis Lien. Disse blei av Årsmøtet valgt til valnemnd for Årsmøtet i 2007.



-- Printa ut fr Stordal Sogelag sine nettsider --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as